Amerikanarar på desperat jakt etter «Game of Thrones»-avslutninga i Cannes

Amerikanske filmtoppar i Cannes jaktar stader å sjå «Game of Thrones»-avslutninga natt til mandag. Enkelte er villige til å tøye eigne reglar for å få vite korleis det sluttar.

Game of Thrones

Emilia Clarke som spelar Daenerys i «Game of Thrones» veit nok korleis HBO-serien sluttar. Men mange av kollegaene hennar som er på filmfestival i Cannes fryktar dei ikkje får sett serieavslutninga, og at detaljar skal bli avslørt på nettet.

Foto: HBO

(Anti-spoiler alert: Denne saka er heilt fri for handlingsreferat og GoT-avsløringar)

Natt til mandag, norsk tid, blir den siste episoden av «Game of Thrones» vist på HBO i USA. Samtidig blir serien sleppt på europeiske strøymetenester som har rett til å vise serien.

Serien, som kanksje er den mest omtalte TV-serien i verda akkurat no, har også mange fans i Hollywood, og det har skapt problem for amerikanske filmtoppar på filmfestivalen i Cannes. Ifølgje bransjenettstaden Deadline er det store spørsmålet i festivalbyen no: Kvar kan eg få sett «Game of Thrones».

Enkelte seier dei har vurdert å ikkje reise i år fordi dei er redde for å gå glipp av seriefinalen, skriv Variety. Hotella i festivalbyen har fått telefonar frå desperate bransjefolk som lurer på om det er mogleg å sjå serien på rommet.

Unngår sosiale medium

Ein av dei som er på jakt etter ein stad å sjå serien er skodespelaren Chloë Sevigny, som er i Cannes for å marknadsføre Jim Jarmusch-filmen «The Dead Don't Die» og sin eigen kortfilm «White Echo».

– Akkurat no er eg veldig frustrert over å vere i Frankrike og ikkje kunne sjå «Game of Thrones». Eg har ein slags liten privat kollaps. Eg fekk ikkje sett førre søndag, og så denne søndagen ... Korleis får vi sett det her?, spør ho Vanity Fair.

Chloë Sevigny i Cannes

Skodespelaren Chloë Sevigny er i Cannes for å promotere to filmar denne veka. Men helst ville ho ha vore heime i USA for å få med seg avslutninga på «Game of Thrones».

Foto: STEPHANE MAHE / Reuters

Ho seier til Variety at ho ikkje tør å sjå på telefonen, i frykt for å få avslørt kva som skjer i serien medan ho er i Europa.

Geo-blokkering

Problemet til dei amerikanske filmtoppane er at dei ikkje kan bruke den amerikanske strøymetenesta til HBO i Frankrike på grunn av geo-blokkering. Og for å abonnere på Orange Cinema Series, som har visingsretten i Frankrike, må du ha fransk kredittkort.

EU har, ifølgje The Guardian, kritisert fleire filmstudio i Hollywood for å lage restriksjonar «som gjer det vanskeleg å bruke digitale tenester, som strøyming, over landegrensene.

Men no blir altså den amerikanske filmbransjen ramma av avgrensingane dei har vore med å innføre. Enkelte er villige til å tøye reglane for å få sett serien.

Ifølgje Variety har fleire filmtoppar laga private nettverk som maskerer kvar brukaren oppheld seg, slik at dei likevel kan bruke den amerikanske innlogginga til HBO.

– Eg har uansett betalt for HBO, så eg bør kunne få sjå det, seier ein direktør anonymt til bransjemagasinet.

Ikkje på storskjerm

Også i 1998 stod amerikanske filmfolk overfor eit liknande dilemma då den siste episoden av «Seinfeld» blei sendt på amerikansk TV midt under Cannes-festivalen, skriv Deadline.

Den gongen blei løysinga at Harvey Weinstein fekk i stand ei vising på den amerikanske paviljongen. Men i år er det ingen planar om å vise serieavslutninga på storskjerm.

SEINFELD

Då serien «Seinfeld» gjekk på lufta for siste gong i 1998, skjedde det under Cannes-festivalen. Den gongen var det Harvey Weinstein som ordna opp slik at amerikanske filmfolk på filmfestival fekk sjå den siste episoden i ei spesialvisning.

Foto: HO / REUTERS

Amerikanarane i Cannes må difor anten finne ein franskmann å sjå serien saman med, omgå reglane dei sjølve har vore med å lage, eller unngå sosiale medium til dei er trygt heime i USA igjen og kan ta igjen det tapte på seriefronten.

Kulturstrøm

  • Handler om mer enn å finne kjæreste

    Det sier «Hjem til jul»-skuespiller Ida Elise Broch til Kulturstripa. I Netflix-serien spiller hun hovedrollen som single Johanne. Hun lyver på seg en kjæreste for å roe ned familiens mas og forventninger.

     Ida Elise Broch
  • Urfolk bidrar i klimakampen

    Verden har mye å lære av urfolks tradisjonelle kunnskap om naturen, mener FN. Under det pågående klimatoppmøtet i Madrid, COP25 har urfolk for første gang en egen plattform for å bidra i kampen mot klimaendringene. Det store spørsmålet er hvordan verden skal nå målet om å bremse den globale oppvarmingen til 1,5-2 grader, som er vedtatt i Parisavtalen.