Hopp til innhold
Anmeldelse

Rågod på sitt beste

Camilla Bøksles andre roman «Så møt meg på hjørnet klokka åtte» er ein tidstunnel tilbake til tenåra. Men romanen har dessverre, som tenåra, både høgdepunkt og nedturar.

Camille Bøksle gir ut boka "Så møt meg på hjørnet klokka åtte" våren 2021.

TIDSTUNNEL: Med karakteristiske detaljar og sanselege sveip penslar Bøksle fram 1980-talet slik det kunne sjå ut for ei tenåringsjente.

Foto: Solum Bokvennen/Tina Depui Martinsen
Bok

«Så møt meg på hjørnet klokka åtte»

Camilla Bøksle

Skjønnlitteratur

2021

Solum Bokvennen

Vi har å gjere med ei bok der det grå og det glitrande er to sider av same mynt, så her gjeld det å halde på presisjonsnivået.

Men aller først litt fakta på bordet: Dette er ein roman om å vekse opp i ein middels stor by i tida før mobiltelefonen. Siv (15) er frukta av eit tilfeldig forhold mellom ein lærar og ein student i kunsthistorie. Den gifte læraren vandrar rundt i byen med kone og tre barn og Siv er den hemmelege dottera. Men av og til luktar Siv at han har vore heime hjå dei når ho sjølv har vore hjå venninna i liv og død, Linda. Det ligg Marlboro-sneipar i oskebegeret til mor.

Linda og Siv er innom dei faste postane ein roman om ungdom skal innom: røyk, alkohol og gutar er kryssa av på lista i god tid før 16-årsdagen.

Men så kjem Per inn i livet til Siv og alt endrar seg. For den fantastiske overjordiske Per er den typen som kjem og dreg når han vil, og utan varsel. Som far hennar. Og som namnebroren Peer (Gynt).

Dermed er dei viktigaste brikkene på plass.

Lengten bort frå Wunderbaum og rullings

Camilla Bøksle er uvanleg god til å skape stemningar og teikne personar med få riss. Nabogutane Frode S og Frode R (!) er hylla inn i ein eim av Wunderbaum og rullings, mens Linda og Siv går for Dunhill med pakning i burgunder og gull. Du forstår at romansar mellom jentene og dei lokale gutane ikkje kan vare. Jentene skal vidare.

Historia er sanseleg og konkret både når dei svevar på framtidsdraumar og når dei spyr i bilen til ein av Frodane etter for mykje Liebfraumilch på tom mage.

Men så kjem ein analyserande og litt tørr forteljar inn med setningar av typen «Et selvstendig påfunn som er med på å definere hvem de er.» Det skurrar.

Skurrar gjer det også når romanen går i loop.

Forfattaren legg stor vekt på at det meste er kvardagar og det stemmer jo, men kvardagane greier ikkje fylle den store plassen dei har fått. Dei er sanseleg og tett skildra, men så blir det for mange repetisjonar. Det same gjeld Per som kjem og dreg og kjem og dreg til bestevenninna Linda nektar å høyre meir. Eg forstår henne.

Trekantdrama med far

Heldigvis let forteljaren nokre område liggje opne så lesarane kan få reflektere utan at forteljaren blandar seg for mykje. Som dette at Siv, dottera til ein mann som dukkar opp hjå mora når det passar, fell for Peer, orsak Per. Han oppfører seg på same måten og ein kan filosofere over kvifor Siv valte han, kvifor ho finn seg i det, og etter kvart om det kanskje er ho sjølv som opnar for Pers lite imponerande praksis.

Denne tematiske linja styrkar seg gjennom romanen, der det også gradvis blir tydeleg at Siv-namnet er neppe tilfeldig – ikkje anar kva ho skal gjere med livet sitt anna enn å drive med noko mens ho ventar på Per. Er det kjærleik, eller er det noko heilt anna? Kva er det med Siv?

Ujamn, men Bøksle har det

Litteratur er ikkje matematikk, og eg skal ikkje rekne saman plussar og minus her.

Men «Så møt meg på hjørnet klokka åtte» er meir ujamn enn den uvanleg vellykka debutromanen «Det er vakrest når det skumrer», der eit barnebarn går tett inn på ein samansett og fascinerande bestefar.

Likevel, også denne romanen er rågod på sitt beste, før det bikkar og vert for mykje. Camilla Bøksle har det, og eg er spent på kvar ho tek forfattarskapet sitt vidare.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK her.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters