Hopp til innhold
Anmeldelse

Storslått debut

Det er berre å lære seg namnet med ein gong: Lydia Sandgren fyller ordet «debutant» med nytt innhald.

Bokomslag "Samlade verk" og Lydia Sandgren

STORSLÅTT: Lydia Sandgren har, som hovudpersonen Martin i «Samlade verk», store ambisjonar for debutromanen sin. Forskjellen er at Sandgren er i mål, mens Martin framleis slit.

Foto: Emelie Asplund / Albert Bonniers Förlag
Bok

«Samlade verk»

Lydia Sandgren

Skjønnlitteratur

2020

Albert Bonniers förlag

Svenske kritikarar henta fram dei sterkaste superlativa i språket då Lydia Sandgren debuterte i vår med den 690 sider lange romanen «Samlade verk». Sist veke vart ho tildelt Augustprisen, den største utmerkinga ei svensk bok kan få.

Kva er det med «Samlade verk»?

Mykje.

Lat meg starte med hovudpersonane, som vi følgjer gjennom tretti år, frå 80-talet og framover:

Kvinna som forsvann

Forfattaren har laga eit trippelportrett av to menn og ei kvinne som treng kvarandre for å bli seg sjølve. Heilt til kvinna, Cecilia ikkje greier meir og blir borte. Då misser den suksessrike bildekunstnaren Gustav både muse og motiv, mens forleggaren Martin misser kjærasten sin. Dei to små barna til Martin og Cecilia misser mor si. Trass i at Nora Helmer gjorde det same for 140 år sidan i «Et dukkehjem», er det framleis ei drastisk handling å forlate mann og barn.

Romanen ber såleis på ei gåte: Kvifor gjekk Cecilia, og kvar blei det av henne?

Denne gåta er likevel ikkje det mest sentrale. Viktigare er det at tomrommet etter Cecilia er formidabelt, og deler romanen i eit «før» og eit «etter».

I tida før handlar det om to kompisar som må finne seg sjølv. Det kan handle om å skape seg eit image gjennom alltid å kome sist på fest, bere baskarlue eller kaste rundt seg med nylærte ord. Det kan handle om å gå frå kro til kro i Göteborg for å finne dei rette folka. Men det kan også handle om å utfordre evnene sine, om å gå på trynet og bli hjelpt på beina att av ein ikkje heilt stødig kompis.

Med Cecilia kjem det akademiske, arbeidsdisiplinen og ikkje minst kjærleiken inn i gruppa. Det går an å tenkje sitt om kva Gustav føler for henne, men ho er Martins kvinne så lenge det varer.

I tida etter handlar det om å stable saman eit liv utan Cecilia. Forfattardraumen til tobarnsfaren Martin hamnar inst i skåpet, Gustav målar ikkje like godt lenger.

Ungdomsgenerasjonen sett i klasseperspektiv

Meir?

Ja, det er ei utforsking av kva klassebakgrunnen gjer med folk. Mens radikale kompisar har respekt for Martins ekte arbeidarklassebakgrunn, er den lite å flyte på når han kjem til universitetet: Der møter han ein ukjent kultur, der er han alltid blakk. Gustav har «von» før etternamnet og bevegar seg suverent og gustavsk kvar han kjem, mens mormor stadig sender pengar. Cecilia har vakse opp i Etiopia der far hadde fødselsklinikk, og snakkar flytande amharisk i tillegg til ei rekkje andre språk. Både kulturell og økonomisk kapital er ujamt fordelt.

Endå meir?

Visst er det endå meir: romanen teiknar eit tidsbilde som er ganske imponerande, ikkje minst med tanke på at personane er 25 år eldre enn forfattaren. Utanlandske lesarar vil oppdage at det er ei viss spenning mellom Göteborg og Stockholm, tenkte eg det ikkje.

Legg så til at romanen vekslar smidig mellom notid og fortid, språket er godt og til tider lysande, og personteikninga har fine nyansar langt inn i rekkjene av dei meir perifere typane.

Ein imponerande men ikkje lytefri roman

Alt dette er sant. Men så må det ikkje stikkast under stol at romanen slurer i midtpartiet og slit med framdrifta,- eit typisk debutantfenomen. Det blir mykje kro og bakfyll og leiting etter kvarandre i tidsepoken før mobiltelefonen. Så dreg det seg til mot slutten, når dottera Rakel heilt uforvarande kjem på sporet av den tapte mora.

Dei filosofiske og akademiske diskusjonane er heller ikkje heilt på plass. Det er ikkje nok å nemne namnet Sartre og sitere den mest siterte setninga til Wittgenstein. Doktoravhandlinga til Cecilia får vi berre vite tittelen på. Når dette først er med, kunne ein ønskt at vi forstod kvifor dette var viktig for dei. Meir Wittgenstein og mindre fyll hadde gjort susen.

Dette skal likevel ikkje skygge for at «Samlade verk» er ein imponerande og rik roman, der vi både kan le av personane og føle inderleg medynk med dei. Det er vakkert å lese korleis dei snublar gjennom livet saman og kvar for seg.

Eg greier ikkje å bestemme meg for om eg ønskjer at neste roman skal opne opp historia om Cecilia, eller om ho skal få vere gåtefull og open for tolkingar. Men eg er heilt bestemt på at eg ønskjer meg nye romanar av Lydia Sandgren. Måtte berre ikkje den formidable suksessen føre til permanent skrivesperre framfor den vanskelege andreboka!

«Samlade verk» kjem på norsk våren 2021.

Her finner du alle anmeldelser og anbefalinger fra NRK.

Anbefalt videre lesing: