Lyddrama er i vinden. Det me før kalla høyrespel, der ein før sa radioteater, er det no fiksjonspodkastar som er rette namnet.
I utlandet har fiksjonspodkastar vore populære lenge. Her er fem tips til spanande og godt laga lyddrama du kan teste ut i påska, samt eit bonustips for folk i hovudstaden som vil ut og gå og samtidig lytte til ei spennande historie. Fire er på engelsk, eitt er på svensk og eitt er på norsk.
Britisk sci-fi-krim
- Tittel: «The Lovecraft Investigations»
- Sjanger: Krim krydra mellom anna med sci-fi og overnaturlege innslag
- Lengde: Tre sesongar, kvar på rundt 10 episodar. Kvar episode varer ein liten halvtime.
- Språk: Engelsk
Den som vil binge britisk krim og samstundes har ein hang til det overnaturlege, kan sjekke ut «The Lovecraft Investigations» frå BBC. Serien tek utgangspunkt i skrekkromanen «The Case of Charles Dexter Ward» av H.P. Lovecraft – og dei som kjenner til Lovecraft sitt Ctulhu-univers, vil finne mykje å gle seg over. Høyrespelet er i tre sesongar: «The Case of Charles Dexter Ward», «The Whisperer in Darkness» og «The Shadow Over Innsmouth». Bør høyrast i den rekkefølgja.
Laga av Julian Simpson / BBC Radio 4, 2019.
Høyr den her, i BBC Sounds-appen eller der du elles lyttar til podkast.
Mystiske og absurde forsvinningar
- Tittel: «The Amelia Project»
- Sjanger: Mørk komedie
- Lengde: Tre sesongar, 33 episodar til no i tillegg til bonusepisodar og prologar. Kvar episode mellom 20–30 minutt.
- Språk: Engelsk
Nokre gonger er livet slik at ein berre kunne tenkt seg å koma seg vekk frå det heile. Det kan finnast mange gode grunnar til å ville forsvinna – og returnera ny identitet. Og dei som ønsker det, ringer The Amelia Project. Byrået tek imot klientar som treng at det blir arrangert ein ny start. Gjerne spektakulært, gjerne mystisk. Ofte absurd. «The Amelia Project» er til dels eit norsk høyrespelprosjekt. Øystein Ulsberg Brager, til dagleg dramaturg ved Unge Viken Teater, er del av teamet bak denne podkasten. «The Amelia Project» har vunne fleire prisar dei seinare åra. Sjølv karakteriserer dei podkasten som litt Sherlock Holmes, litt Monty Python.
Laga av Øystein Ulsberg Brager og Philip Thorne. Imploding Fictions, 2017.
Høyr den her, eller der du elles lyttar til podkast.
Dystopisk øko-thriller
- Tittel: «Forest 404»
- Sjanger: Øko-thriller – ein dystopi med vårteikn
- Lengde: Ni episodar, kvar på om lag 20 minutt. I tillegg små foredrag knytt til nokre av episodane, samt eigne snuttar med lydlandskap.
- Språk: Engelsk
I «Forest 404» er det eit lydopptak som utløyser fare. Høyrespelet er sett nokre hundreår fram i tid, og me følgjer bibliotekaren Pan. Ho er sett til å rydda i lydarkiva frå før Den Store Katastrofa, og slettar unna. Men så: Eit opptak frå ein skog. Det er lyd ho aldri har høyrt før, for skog finst ikkje lenger. Fascinasjonen tek henne ut på ei farefull ferd i jakta på den gamle, langsame verda.
Om ikkje anna kan eg anbefale å nyte ein snutt lydlandskap med til dømes skogslydar, som eit frikvarter frå den stengde verda vår. Dette bør gjerast med høyretelefonar for best mogleg lydoppleving.
Laga av Timothy X Atack / BBC Radio 4, 2019.
Høyr den her, i BBC Sounds-appen eller der du elles lyttar til podkast.
Moderne amerikansk klassikar
- Tittel: «Homecoming»
- Sjanger: Thriller
- Lengde: To sesongar, kvar på 12 episodar. Kvar episode mellom 20–30 minutt.
- Språk: Engelsk
Kan hende fekk du med deg «Homecoming» som TV-serie – thrilleren om heimvende amerikanske soldatar som skulle få hjelp til å vende tilbake til det sivile livet på eit slags overgangssenter, «The Homecoming Transitional Support Center». Men kva går eigentleg føre seg på dette senteret, og kva interesser har det private selskapet bak?
«Homecoming» er altså opphavleg ein podkast – og den er godt laga. Den kan òg skilte med eit stjernespekka skodespelargalleri beståande av blant andre David Schwimmer og Catherine Keener. Om ein kjenner historia frå før, kan ein oppdaga skilnaden mellom å høyra ei historie og å sjå ho.
Laga av Eli Horowitz og Micah Bloomberg. Gimlet media, 2016.
Høyr den her eller på Spotify.
Ramsalt spenning for store barn (og vaksne)
- Tittel: «Mördarens apa»
- Sjanger: Krim / spenning for barn frå 9 år
- Språk: Svensk
- Lengde: Ti episodar. Kvar episode rundt 15 minutt.
Jakob Wegelius’ roman «Mördarens apa» vann Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris i 2015. Det er ein spanande og ramsalt krimroman som Sveriges Radio laga høyrespel av i 2017. Målgruppa er barn mellom 9 og 13, men boka er også blitt kalla «årets beste barnebok for menn over 50 år» av litteraturkritikar Guri Fjeldberg i Bergens Tidende. Uansett, spanande drama er det like fullt – om enn med ein god del maritime uttrykk på svensk (eit alternativ kan vere historia som lydbok på norsk). Det er også ei reiseskildring som krev ein konsentrert lyttar.
Dette høyrespelet er ein del av Sveriges Radio si høyrespel-satsing for barn og unge, «Drama för unga», der ein også finn fleire gode lyddrama, som Astrid Lindgrens «Bröderna Lejonhjärta» («Brødrene Løvehjerte»).
Laga av Daniel Karlsson og Ida Kjellin. Sveriges Radio / «Drama för unga», 2017.
Høyr den i appen til Sveriges Radio eller der du elles lyttar til podkast.
Bonus-tips
Til sist tek vi med eit bonusspor for dei som er i nedstengde Oslo i påska:
- Tittel: «Geostory: Grensen 17»
- Sjanger: Dokumentar/spenning
- Lengde: Ei episode, 25 minutt
- Språk: Norsk
«Geostory: Grensen 17» er historieforteljing du kan høyre når du fysisk er til stades der det skjedde. Det vil seie at historia vert spelt av når lyttaren er i nærleiken av åstaden, og at ein må forflytta seg til ulike punkt i byen for å høyre kva som skjer vidare.
«Grensen 17» er historia om korleis Oslogjengen saboterte den tyske okkupasjonsmakta sine forsøk på å verva fleire titals tusen unge norske menn til arbeidsteneste i 1944 – det som i røynda ville vere eit liv ved fronten. Ulikt dei andre tipsa i denne saka er ikkje dette eit høyrespel, heller ikkje fiksjon, men ei spanande dokumentarisk forteljing der Gunnar Sønsteby sjølv kjem til orde. Rett sterkt vert det når ein står i Akersgata og kikkar bort mot Regjeringskvartalet og Sønsteby seier: «vitsen var å vise ungdommen at det var noen som stod dem bi.» Me har brukt krigsmetaforar om koronatida. Å høyre Sønsteby fortelje roleg om verkeleg krig, er noko heilt anna.
Produsert av Verdens Sterkeste Mann AS.
«Geostory: Grensen 17» finst som gratisapp på både Iphone og Android. NB! Det eine punktet, i Citypassasjen, kan vere stengt på heilagdagane, men appen blir utvida til at ein også skal kunne høyre historia utanfor den nedste porten om det er stengt.
Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar på nrk.no/anmeldelser.
HØYR OGSÅ NRKS NYE GRØSSARSERIE PÅ PODKAST: