Hopp til innhold

Jon Fosse byrja nobelforedraget med å fortelje om si livslange frykt for høgtlesing

– Og no nesten heilt utan redsle, las han skjelvande. Nobelforedraget til Jon Fosse rørte fleire.

Nobelforedraget «Eit taust språk» av Jon Fosse.

– Då eg gjekk på ungdomsskulen skjedde det brått. Læraren bad meg om å lesa høgt. Og som frå ingenstad kom brått ei redsle over meg som heilt overvelda meg.

Slik starta Fosse nobelforedraget mange har knytt stor spenning til.

Det har blitt spekulert i om nynorsk ville vere tema for foredraget. Men to setningar inn i «Eit taust språk» kom det tydeleg fram at Fosse ville fortelje korleis forfattarskapen starta.

Paradoksalt nok var det angsten for høgtlesing som sette det heile i gang.

Jon Fosse

Jon Fosse trassa si eiga frykt då han las høgt for heile verda.

Foto: Reuters

– Denne redsla for høgtlesing følgde meg vidare. Eg lærde noko viktig om menneske av denne røynsla. Og eg lærde mangt anna. Ja faktisk truleg òg noko som gjer at eg i dag kan stå og lesa høgt for ei forsamling. Og no nesten heilt utan redsle, sa Fosse.

Redaktøren til Fosse: – Ei utruleg vakker stund

Jon Fosse sin redaktør i Samlaget, Cecilie Seiness, var i salen under foredraget.

– Det var ei heilt utruleg rørande, vakker og nydeleg stund, fortel ho til NRK kort tid etter Fosse var ferdig.

Samlaget på plass i Börssalen

Ein forventningsfull gjeng frå Samlaget kort tid før Jon Fosse entra scena torsdag ettermiddag. Redaktør og Fosse-biograf Cecilie Seiness til venstre.

Foto: Privat

Som redaktør hadde Seiness allereie lese teksten. Spenninga var difor mest knytt til korleis sjølve framføringa kom til å gå.

– Vi var jo litt spente på om han kom til å orke det. Han byrjar jo også heile framføringa med å fortelje om korleis han ikkje likar å lese høgt. Så vi var spente på korleis det kom til å gå, men det gjekk så fint, fortel Seiness entusiastisk.

Redaktøren fortel at over tjue personar frå forlaget var på plass i Stockholm for å ta del i nobelhelga.

– Dette er jo historisk, sa ho før ho måtte hoppe på ein buss som skulle frakte dei til den norske ambassaden i Stockholm for meir markering av nobelprisvinnaren.

Tar på seg hardangerbunaden med stoltheit

Det var eit veldig inderleg og rørande foredrag, synest eg. Det var veldig likt litteraturen til Jon Fosse, så han var seg sjølv, trur eg. Det seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffrey

- Eg trur at den indre reisa, den indre kjensla, er noko som grip mange, uavhengig av nasjonalitet, seier Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffrey

Foto: NTB

Ho seier ho er stolt av å få delta i feiringa søndag.

– Men det er jo fyrst og fremst at Jon Fosse har fått nobelprisen i litteratur, og det er å få gjere ære på han. Og eg tar på meg hardangerbunaden med stoltheit på søndag for å feire Jon Fosse, seier Jaffery.

– At Fosse får denne prisen, og det at vi også har mange andre norske forfattarar som har stor internasjonal anerkjenning, viser at vi har eit veldig godt litterært system i Noreg seier kulturministeren.

Hoem: – Rørande

Litteraturkritikar i NRK, Knut Hoem, var på plass i Stockholm for å følge nobelforedraget.

– Det var rørande å høyre historia om korleis alt starta. Og det starta paradoksalt nok med ein ungdomsskuleelev som blir livredd når han blir bedd om å lese høgt.

Ut av det kom Fosse fram til at han heller vil skrive, fortel Hoem.

– Viss det er noko vi kan lære av det, er at det munnlege ikkje er for alle. I alle fall ikkje dersom du er av den sorten som Jon Fosse er.

Knut Hoem om Jon Fosse.

Komle og kaffi

I Jon Fosses heimbygd Strandebarm var det komle-forspel torsdag ettermiddag, for å heidra sambygdingen. Naboar, familie og gode venner kom saman for å feira nobelvinnaren med middag, kaffi og kaker.

– Yndlingsretten til Jon Fosse er komle, og me hadde så lyst til å invitera naboane og dei som ha følgt Jon Fosse gjennom heile livet. Den eldste som er her er hundre år. Det er jo fantastisk, seier Åse Ljones, som var med på å planlegga feiringa.

Etter middagen samla bygda seg for å sjå nobelforedraget på storskjerm. Både barndomsvenn Knut Øystein Fosse og søster Hildegunn Fosse Holmefjord var spente på å sjå korleis Jon Fosse ville takla all merksemda han fekk i Stockholm.

Eg er veldig imponert over han, han var veldig personleg. Han brukte humor og fekk forsamlinga til å le, det var overraskande, seier ein smilande Knut Øystein Fosse etter foredraget.

 – Eg er veldig imponert over han, han var veldig personleg. Han brukte humor og fekk forsamlinga til å le, det var overraskande, seier ein smilande Knut Øystein Fosse etter foredraget.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Håpar ikkje medgangen vil påverke han

Mot slutten av det om lag 20 minutt lange foredraget gjekk Fosse inn på korleis han har forheldt seg til kritikk oppgjennom åra.

– Dei første bøkene mine fekk temmeleg dårleg kritikk, og eg bestemte meg for at eg ikkje skulle høyre på kritikarane, eg skulle stole på meg sjølv, ja halde fast ved mitt. Seinare fekk eg helst gode kritikkar, og eg byrja til og med å få prisar.

Denne tankegangen understreka Fosse at han ønskte å halde fram med.

– Eg trur sant å seia at eg skal klara det sjølv etter å ha fått Nobelprisen, sa Fosse og fekk den ærverdige Börssalen til å humre.

Jon Fosse

Fosse tek imot applaus frå salen. Støttespelarane hans frå Samlaget sit i bakgrunnen av forfattaren.

Foto: AFP

Måtte halde foredraget for å behalde millionane

Fosse har takka nei til fleire Nobel-arrangement. Men dette foredraget er Jon Fosse nøydd til å halde, fortel Hoem.

– Nobelprisvinnaren er forplikta til å halde foredraget, for elles får han eller ho ikkje utbetalt dei 11 millionar kronene som denne prisen består av.

På søndag skal prisen formelt overrekkast, men allereie i november kom det fram at han ikkje ønsker å delta i fleire av arrangementa knytt til denne helga.

Dette forklara han til VG var fordi større sosiale samkomer ikkje gir han noko glede.

– Fosse ikkje typen til å reise frå scene til scene

Dagen før Fosse heldt føredraget fortalde redaktør Seiness til NRK at ho såg fram til å sjå forfattaren opptre i ein slik setting.

– Det blir spennande å sjå Jon Fosse i den samanhengen i den ærverdige Börssalen i Stockholm. Han er godt førebudd, men eg trur også han gru-gler seg.

Seiness la vekt på forfattaren ikkje er av typen som tidlegare har reist frå scene til scene for å snakke om litteraturen sin, men at han hadde god tid til å bli så trygg som mogleg.

– Han har hatt to månadar på å førebu seg.

Fosse-reaksjon-samlaget-051023

Samlaget og Cecilie Seiness (til venstre) jubla då det gjekk opp for dei at Jon Fosse vart tildelt nobelpris. Foto frå 5. oktober.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Håpa han ikkje skulle svime av

Knut Hoem, som rapporterte frå Stockholm både før og etter foredraget, fortalde at han vakna opp med sommarfuglar i magen i dag fordi dette foredraget er så stort.

– Det er ei heilt ufatteleg stor ære for ein forfattar. Eg trur Fosse har gledd seg over denne moglegheita til å trekke fram det han ønskjer knytt til sin forfattarskap.

Men med den store æra kjem det også forventningar og press. Litteraturkritikaren var som redaktør Seiness spent på korleis Fosse ville takle framføringa.

– Eg har sett Jon Fosse vere nervøs då han skulle lese tekstar i ein kjellar på Voss, så eg er spent på korleis han kjem til å takle dette, sa Hoem til NRK dagen før foredraget.

Jon Fosse på Frekhaug kai

Jon Fosse på Frekhaug kai i oktober, kort tid etter han fekk høyre at han blir tildelt nobelpris.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Sidan Fosse ikkje er særleg glad i scenelyset, såg Knut Hoem føre seg eitt verst tenkeleg scenario under den viktige framføringa: At Fosse ville svime av.

Hoem har sjølv svima av under eit foredrag og nytta høvet dagen før til å kome med sine beste førebyggande tips:

– Eg håpar Fosse et godt før han skal gå på, og tek med seg eit glas med vatn på talarstolen, seier han med eit glimt i auge.

Det er uvisst om Fosse fekk høyre Hoem sine tips i forkant.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.