Kjell-Arne Larsen
Mange av uteseglarane drog heimefrå då dei var i 15-års alderen, og har knapt vore i Norge sidan. På 60-talet segla rundt 60 000 nordmenn i utanriksfart. Mellom fem og sju tusen av dei flytta aldri tilbake til Norge. Framleis bur mange av dei i hamnebyar over heile verda.
Antwerpen var i etterkrigstida ein av dei mest populære tilhaldsstadane for norske sjøfolk. Den belgiske byen hadde norsk hyrekontor, og nordmennene heldt saman i eigne kvartal. Mellom turane til sjøs budde dei på kafear som hadde tilbod om innkvartering. Skipperkvarteret var fullt av norske sjapper med namn som Kafé Astrid, Tromsø, Bergen, Stavanger, Mandal og Lille Norge. I dag er kafeane borte, men framleis er det ein liten norsk koloni i hamnebyen.
Vi møter óg Sverre Trøite
Journalist Kari Hesthamar drog fyrste gong til Antwerpen i 2001, for å finna ut korleis det har gått med nordmennene som slo seg til der.
I 2006 drog ho tilbake til Antwerpen og møtte nokre av dei same uteseglarane. I tv dokumentaren "Ei anna Hamn" møter me mellom anna Kjell-Arne, som bur i Antwerpen og er ein av mange norske sjømenn som ikkje vil tilbake til moderlandet. - Eg har vore heime to gonger på tjue år, og siste gongen gav eg beskjed om at eg aldri meir kjem tilbake. Sverre seier at han berre har vore heime nokre få gonger sidan han drog ut i 1947 - og at ingenting trekkjer han til Norge.
«Aldri meir Norge»
Av Kari Hesthamar
Teknisk regi: Kåre Johan Lund
Konsulent: Birger Amundsen
Sendest i NRK P2 laurdag den 20. mai klokka 10.15,
reprise søndag 21. mai klokka 19.30.