Hopp til innhold

Mamma Mia! – for ein rekord

Samleplata «Abba Gold» er det første albumet som har passert 1000 veker på den britiske albumlista. – Knallgode låtar som held seg godt, seier musikkvitar.

Abba

MONEY, MONEY, MONEY: Abba var eit av dei største banda på slutten av 1970-talet, med millionsal av plater og verdsturnear. Men dei store pengane har først kome dei siste 30 åra med blant anna samleplater, filmar og musikal.

Foto: NTB Scanpix

Nesten 30 år etter at plata kom ut, er Abbas samleplate «Abba Gold» framleis eit av dei mest populære albuma i Storbritannia. Fredag låg plata på 17.-plass på den britiske albumlista, og blei med det den første plata som runda 1000 veker på lista, skriv BBC.

Åtte av desse vekene har vore på førsteplass.

Plata kom eit ut i 1992, ni år etter at Agnetha Fältskog, Björn Ulvaeus, Benny Andersson og Anni-Frid Lyngstad valde å skilje lag, og er fylt med dei største hitlåtane til bandet.

På verdsbasis er det seld over 30 millionar eksemplar av samlealbumet.

Det meste av musikken til Abba blei skrive og gjeve ut på 1970-talet. Med 1000 veker på albumlista, har «Abba Gold» vore blant dei 100 mest selde platene i Storbritannia i til saman 20 år.

Tidlaus musikk

Dei har klart å skape noko tidlaust, seier universitetslektor Per Ole Hagen ved institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Per Ole Hagen

Per Ole Hagen har blant anna vore musikksjef i NRK P1, men er i dag universitetslektor ved Universitetet i Oslo. Han trekker fram musikkproduksjonen som ein viktig suksessfaktor for Abba.

Foto: Nadia Frantsen / NRK

– Høyrer du på musikk frå 70- og 80-talet høyrer du ofte med ein gong når dei er laga. Abba har ein meir tidlaus sound. Dei let framleis like friskt i dag som det dei gjorde då musikken kom ut første gong.

Han meiner ein viktig grunn til at det framleis høyrest friskt ut, er det arbeidet som blei gjort i platestudio.

– Låtane til Abba er geniale. Men vi må også trekke fram musikkproduksjonen. Det er ein viktig faktor for Abba, seier han.

Les: Mamma Mia - no kjem turistane

Les: Protesterer mot Abba-planar i London

I Storbritannia er det berre Queen's «Greatest Hits» som har seld fleire eksemplar enn det «Abba Gold» har gjort. Det viser kor populære dei er i Storbritannia, seier musikkvitar Audun Molde ved Høyskolen Kristiania.

– Dei er enormt store blant britane. Abba har selt fleire plater der enn store grupper og artistar som The Beatles og Michael Jackson, seier han.

Bygger merkevare

Ein annan suksessfaktor er måten dei har teke vare på merkevara Abba. Dei siste dryge 20 åra har det kom ein musikal og to filmar basert på musikken til Abba.

Audun Molde

Musikkvitar Audun Molde seier Abba har vore særs dyktige til å forvalte musikkrettane og skape ei merkevare.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

I tillegg er det opna underhaldningsrestaurantar med Abba-tema, og opna Abba-museum i Stockholm. Og så er det planar om å sende gruppa ut på turne med hologram.

– Dei har vore særs gode til å ta vare på Abba som merkevare og halde gruppa aktuell, seier Molde.

Han trur fleire sikkert hadde hatt eitt og anna å lære av Abba, men det viktigaste er låtmaterialet, seier han.

– Abba har knallgode låtar som held seg godt. Det er det viktigaste.

Populære i Noreg

Samlealbumet har gjort det skarpt på den norske albumlista også. Lista viser dei 40 mest selde eller strøyma albuma kva veke.

Sidan 1992 har «Abba Gold» vore inne på lista i til saman 103 veker. Tre av dei på topp.

Etter å ha vore på lista 17 veker i strekk då ho kom, har ho gjort comeback i forbindelse med filmar og musikalframsyningar.

Mamma Mia

Musikken til Abba har blant anna blitt brukt i musikalen «Mamma Mia», som hadde premiere i London i 1999. Her frå den norske framsyninga som hadde premiere i 2009.

Foto: Lise Åserud / NTB

Då «Mamma Mia!»-musikalen hadde verdspremiere med Lisa Stokke i hovudrolla i London i 1999, låg plata inne på lista i 24 veker.

Ti år seinare kom både den første filmen og den norske framsyninga. Då blei det 25 veker på albumlista.

Til hausten er det klart for ein ny runde «Mamma Mia» på Folketeateret i Oslo. Og då blir det truleg fleire veker på albumlista.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters