Hopp til innhold

Protesterer mot Abba-planar i London

Planane om å lage ein underhaldningsrestaurant med Abba-tema i London møter motbør. Naboane fryktar dei får fulle Abba-fans gatelangs kvar natt.

SWEDEN-ABBA-MAMMA-MIA-LIFESTYLE-MUSIC

Björn Ulvaeus har hatt stor suksess med showrestauranten han opna i Stockholm i fjor, der dei syngande servitørane framfører Abba-låtar. Men planane om å ta restaurantkonseptet til London møter motbør.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

I Stockholm har restauranten «Mamma Mia! The Party» blitt ein suksess etter opninga i fjor. Restauranten er inspirert av Abba-musikalen «Mamma Mia», og er innreia som ein gresk taverna, der publikum får servert middag av syngande servitørar.

No ønsker selskapet til Björn Ulvaeus å ta suksessen til London, men det har fått naboane til å protestere, skriv avisa The Guardian.

Fryktar Abba-fyll

Lokalet som dei har sett seg ut, ligg i bydelen Waterloo, ikkje så langt frå jernbanestasjonen Waterloo Station. Det er allereie fleire teater, museum og i området, og Ulvaeus har sagt at dette er den perfekte plasseringa for restauranten. Men på husveggane heng det plakatar som åtvarar mot planane, skriv avisa:

– Fem hundre fulle ranglefantar kjem til å grise til denne gata medan dei syng «Dancing Queen».

Waterloo Bridge

Området der den planlagde restauranten skal ligge, er i eit område med mange kulturinstitusjonar og turistattraksjonar.

Foto: Espen Aas / NRK

Området har også mange leilegheiter med svært låge månadsleiger, til London å vere. Dei fastbuande fryktar at etableringa av Abba-restauranten skal føre til bråk, og at området skal bli meir kommersielt og føre til at området endrar karakter.

– Dei fleste her har ingenting mot Abba. Vi høyrer til generasjonen som vaks opp med Björn og jentene. Problemet er at det blir for mykje bråk, seier Ken Smith som kan bli næraste nabo til restauranten til The Guardian.

Set i verk tiltak

Til no har over 750 bebuarar skrive under på ei protestliste mot planane. Selskapet som står bak den planlagde restauranten seier dei ikkje ønsker å bli dregne inn i ein debatt om bustadpolitikk i London, men Ingrid Sutej seier til The Guardian at dei vil gjere tilpassingar som gjer at naboane ikkje skal oppleve bråk.

– Vi gjer alt vi kan for å vere så imøtekomande og hyggelege som mogleg.

Ho lovar blant anna betre lydisolering av lokalet. I tillegg vil dei avslutte showet ein time tidlegare enn først planlagt. Dei har også engasjert publikumssjefen frå London-OL i 2012 for å ta seg av publikum på veg ut av restauranten.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.