Mamma Mia - no kjem turistane

Den nye Abba-filmen har premiere denne helga. Mange meiner den første filmen gjorde den greske øya Skopelos til ein usjarmerande turistmaskin. Det er frykt for at det same vil skje med den kroatiske øyidyllen Vis.

Klart for ny Abba-film.

Den nye Mamma Mia-filmen har premiere denne helga. Bjørn Ulväus og Benny Andersson saman med ein del av skodespelarane.

Foto: Aris Messinis / AFP

«Mamma Mia» i 2008 vart ein enorm suksess over heile verda. Ei syngjande og dansande Meryl Streep i snikkarbukser saman med ei rad mannlege superstjerner gjorde Skopelos til øya alle assosierte med musikken til Abba.

Turistar strøymde til frå fjern og nær, og reiselivsindustrien brukte filmen og musikken til den svenske supergruppa for alt det var verd.

Stadig større flokkar

Cher

Evigunge Cher er også med i den nye filmen.

Foto: Anthony Harvey / AFP

Resultatet let ikkje vente på seg. Turistane kom i stadig større flokkar, og prisane steig år for år. Store selskap kjøpte opp eigedom på øya, og prisane på restaurantane vart så høge at dei lokale innbyggjarane ikkje hadde råd til å gå dit.

Mange har klaga på at det er så dyrt på øya at vanlege grekarar ikkje har råd til å bu der lenger.

I fjor starta innspelinga av oppfølgjaren «Mamma Mia – Here we go again», men ikkje på Skopelos. Kanskje var det for mange turistar der, eller kanskje var det blitt for dyrt for filmselskapet. Dermed valde dei den vakre øya Vis i Kroatia.

Vis ligg vel to timar med ferje med utover i Adriatarhavet frå Split, og øya blir karakterisert som ei sann perle. Øya var lenge militært område som vart stengt for turistar, men dette vart oppheva i 1989.

Under andre verdskrigen brukte general Tito og partisanhæren hans øya som base.

Meryl Streep

Meryl Streep både dansa og song i den første Abba-filmen.

Foto: Gregorio Borgia / AP

Sikker suksess

Filmen «Mamma Mia Here we go again »har fått ei heller lunken mottaking av kritikarane, men ingen trur at det vil skremme publikum. Kombinasjonen av musikken til Benny Andersson og Bjørn Ulväus, samt sol, sommar, øyidyll og romantikk, har vist seg å vere uslåeleg.

SJÅ VIDEO: Stellan Skarsgård og Pierce Brosnan har ingen problem med å innrømme at dei ikkje har dei beste songstemmene.

Den kroatiske forfattaren og filosofen Srecko Horvat er ein av dei som fryktar at turisthordane i kjølvatnet av den nye Abba-filmen skal øydeleggje Vis. Han er redd for at den avslappa livsstilen som øya er kjent for, skal forsvinne. At øya skal bli ein turistmaskin.

Han summerer denne livsstilen opp med uttrykket «pomalo», som også er ei vanleg helsing på øya. Det kan bety «ta det roleg», men i andre samanhengar, som når ein skal gjere ein avtale, så kan det bety «vi ser».

Björn og Benny: Ufattelig at suksessen aldri tar slutt

Mamma Mia – nå er de tilbake 10 år etter

No er vi i gang igjen. No på Vis i Kroatia.

Fryktar det verste

Hittil har det berre vore spreidde forsøk på å marknadsføre Vis som den nye Mamma Mia-øya, men det er venta å auke kraftig etter premieren. Det står att å sjå om tilstrøyminga vil bli like massiv som til Skopelos, men Srecko Horvat og mange andre fryktar det verste.

– Det er vanskeleg å motstå noko du elskar. Men det er endå vanskelegare å vere vitne til at noko du har kjært blir øydelagt fordi det blir for populært. Likevel kan det hende at Vis og innbyggjarane der, slik dei alltid har gjort tidlegare, finne ein måte å stå imot. Då greier dei kanskje vende til og med «Mamma Mia» til sin fordel, skriv Srecko Horvat i ein artikkel i den britiske avisa The Guardian .

Benny Andersson om «Mamma Mia 2»: – Syntes først at det ikke var en god idé

Laster kart, vennligst vent...

SISTE NYTT

Siste nytt