Hopp til innhold

«Gunda» nominert til Nordisk råds filmpris: – Mitt livs verk

Den norske dokumentarfilmen «Gunda» er nominert til Nordisk råds filmpris. – Det er truleg første gong at ein film med dyr i hovudrollene blir nominert, seier produsenten.

Gunda må hjelpe en grisunge med ustø bein i filmen «Gunda».

HOVUDROLLE: Denne norske purka har hovudrolla i den filmpris-nominerte dokumentaren «Gunda». Store deler er spelt inn på Grøstad gard i Undrumsdal i Tønsberg kommune.

Foto: Sant & Usant

Ein dokumentarfilm utan menneskelege karakterar, dialog eller forteljarstemme. Nesten det einaste ein høyrer og ser i filmen er lydane av dyra og naturen.

«Gunda» har allereie hatt stor suksess og fått internasjonal merksemd etter at han hamna på kortlista til den amerikanske Oscar-utdelinga tidlegare i år.

I tillegg har Joaquin Phoenix, mellom anna kjend frå filmen «Joker», uttrykt sin kjærleik, og kasta seg med som eksekutiv produsent.

No er filmen nominert til Nordisk råds filmpris. Den russiske regissøren Victor Kossakovsky kallar han sitt livs verk.

Berre dyr i hovudrollene

«Gunda» vann i helga prisen for beste foto og lyddesign under Amandaprisutdelinga på Den norske filmfestivalen i Haugesund.

Det er ikkje sjølvsagt at denne filmen i det heile tatt finst. Kossakovsky har nemleg sidan 1997 leita etter produsentar som er villige til å satsa på å realisera ein så spesiell film, der dyra er eine og aleine i fokus.

– Eg har leita i fleire land, blant andre Russland, utan å finna nokon. Derfor er dette veldig stort for meg. Dei norske produsentane tok ein risk.

Egil Håskjold Larsen t.h. og Victor Kossakovsky

VANN: Regissør Victor Kossakovsky og filmfotograf Egil Håskjold Larsen held takketale under Amandaprisutdelinga i Haugesund. Dei vann prisen for beste foto.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Prisen blir rekna som svært prestisjefylt i filmbransjen.

Det er truleg første gong at ein film med dyr i hovudrollene blir nominert, ifølge produsent Anita Rehoff Larsen i Oslo-selskapet Sant & Usant.

– Det er fint å løfta blikket litt og sjå på andre typar historier og stemmer enn me har sett før. Det at juryen ser både dei filmatiske kvalitetane til filmen, og det at han løfter fram ei anna stemme enn me er vane til å høyra i film, er ei veldig fin anerkjenning, seier Larsen.

Håpefulle

Gunda

NÆRT: Ein kjem tett på Gunda og hennar nyfødde grisungar. Filmen har også sekvensar med høns og kyr, filma i England og Spania.

Foto: Egil Håskjold Larsen / Sant & Usant/V. Kossakovsky/Egil H. Larsen/Arthaus

NRK sin filmmeldar trilla terningkast seks, meldinga kan du lesa her.

Prisen er på 300.000 danske kroner, og skal delast likt mellom manusforfattar, regissør og produsent. Kven som vinn, blir først kjent i november, men filmskaparane er håpefulle.

– Ein veit aldri heilt når ein lagar ein film om han treff eller ikkje, men me har hatt eit veldig flott team som heile vegen har trudd på filmens eiga kraft. Og så hjelper det kanskje at filmen har hatt internasjonal suksess. Det har kanskje gjort at me i Noreg har fått auga opp for denne type film, seier Larsen.

Regissør Kossakovsky fortel at han kjem til å halda fram med å arbeida i Noreg.

– No held me på med noko nytt, som eg igjen trur at russiske produsentar ikkje vil forstå, men her er folk interesserte. Derfor er eg superglad og stolt over å representera Noreg, sjølv om eg ikkje er norsk.

Gunda er den første norske dokumentaren sidan 2002 som blir nominert til prisen. Dette var også året då prisen blei delt ut for første gong.

Totalt fem filmar er nominerte til prisen, éin frå fem av dei nordiske landa:

  • «Flukt» (Danmark)
  • «Ensilumi» (Finland)
  • «Alma» (Island)
  • «Tigrar» (Sverige)
  • «Gunda» (Noreg)

Under kan du sjå snutt frå alle dei nominerte filmane:

Nordisk råds filmpris-nominerte. Trailer av Nordisk Film & TV Fond.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.