Kortlista vart gjord kjend ved midnatt natt til onsdag.
Dei norske filmane er dermed blant dei 15 filmane i kvar kategori som kjempar om fem plassar på den endelege nominasjonslista.
Aldri før har heile fem filmar kome så langt i kampen om ein Oscar-nominasjon.
– Dette er eit historisk godt resultat for norsk film, seier Birger Vestmo, filmmeldar i NRK, til Nyhetsmorgen.
Han minner om at konkurransen er skarp. I dokumentarfilm-klassa var det 238 filmar påmelde, medan i «beste internasjonale film» var det 93 filmar.
– Det er ein bragd å vere blant dei 15 som går vidare. Det er ein fantastisk anerkjenning av at norsk film, både spelefilm, kortfilm og dokumentar held eit internasjonalt nivå.
– Det at filmen får eit liv er det gjævaste
Filmen «Håp», som er skriven og regissert av Maria Sødahl, er blant dei 15 kortlista i featurefilm-kategorien.
Regissør Maria Sødahl har laga filmen «Håp» som byggjer på hennar personlege historie om at ho fekk tre månader igjen å leve etter ein kreftdiagnose.
Foto: Vidar Ruud / NTBTil Nyhetsmorgen kan Sødahl fortelje at det betyr mykje å kome på lista.
– Eg er ikkje 25 år lenger, så det betyr anerkjenning i form av at filmen snakkar til eit bredt publikum, seier ho.
Ho legg til at sjølv om det er eit skritt nærmare til filmbransjens mest prestisjetunge pris, er det eit stykke igjen. Likevel har det stor betyding.
– Det er fyrst og fremst at filmen får eit liv der ute som er det gjævaste med det, og at det nå er mogleg for filmen å bli sett, seier ho.
– Har ikkje ord
Benjamin Rees film «Kunstnaren og tjuven» har vore på fleire lister over beste filmar i året som gjekk. Både BBC, Washington Post, New York Times, Rolling Stone, IndieWire, Screen – og regissøren Pedro Almodóvar – trekkjer nemleg fram filmen som eit av høgdepunkta i filmåret 2020.
Regissør Benjamin Ree jublar høgt og seier:
– Akkurat no har eg ikkje ord! Det å vere i dette selskapet, blant kremen av dokumentarar frå 2020, er heilt ubeskriveleg. Eg er så stolt av filmen og av dei to hovudkarakterane våre, Bertil og Barbora, og takkar dei for denne utrulege historia og for at eg fekk vere med heile vegen.
Benjamin Ree og Barbora Kysilkova på Sundance-festivalen i Utah i 2020.
Foto: Taylor Jewell / AP / NTB– Eg vil òg gratulere dei andre norske filmane som er kortlista. Dette er veldig stas, seier Ree.
Aldri før har heile fem filmar kome så langt i kampen om ein Oscar-nominasjon. Her er hovedkarakteren i den ene dokumentaren "Gunda".
Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / JOHN-ANDRE SAMUELSEN«Gunda» er laga i Noreg, med regi av russiske Viktor Kosakovskij, og med Anita Rehoff Larsen i Sant & Usant som produsent. Filmen er ein svart-kvit-dokumentar om grisen Gunda og dei nyfødde grisungane hennar.
Hongkong-dokumentar
Anders Hammers kortdokumentar «Do Nót Split» om Hongkong-protestane, er ein av 10 korte dokumentarar som er med vidare i kampen om ein Oscar. Filmen er laga i samarbeid med det amerikanske filmselskapet Field of Vision, og har fått støtte av Fritt Ord og Viken Filmsenter.
I juni vann Hammer juryens spesialpris for kortdokumentaren på American Film Institutes dokumentarfilmfestival, AFI Docs. Filmen blei òg tatt ut til den prestisjetunge Sundance-festivalen tidlegare på året.
Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård speler hovudrollene i filmen «Håp».
Foto: Manuel Claro / SF Studios / MotlysMeiner Håp har best sjanse til å få nominasjon
Birger Vestmo trur grunnen til at desse filmane har klart å skilje seg ut i mengda er fordi dei formidlar historier med brei internasjonal appell.
– I «Håp» og i «Kunstneren og Tyven» handlar det om forsoning og tilgjeving. «Gunda» viser universelle sanningar om dyra vi omgjev oss med.
– Ein treng ikkje å vere norsk for å forstå bodskapet til desse filmane, seier han.
Vestmo trekker fram «Håp» som den filmen som har best sjansar for å få Oscar-nominasjon, då dei har merka seg ut på fleire internasjonale filmfestivalar.
Men også «Kunstneren og Tyven» og «Gunda» har vekka internasjonal oppsikt, der sistnemnde har den Oscar-vinnande skodespelaren Joaquin Phoenix som medprodusent.
– Det skadar heller ikkje at Phoenix har sett namnet sitt på «Gunda». Kanskje vil han også bli sentral i kampanjen fram mot Oscar. All blest hjelper, avsluttar han.