Hopp til innhold

«Cammo» til utlandet: – Betyr veldig mykje

Dramakomedien «Cammo» har blitt seld til fem europeiske land. – Viktig å vere synleg, seier skodespelar Katelyn Garbin.

Serieskapar, manusforfattar og skodespelar Caroline Glomnes med skodespelar Katelyn Garbyn

GLADE: I dag, 21. mars, er det Verdsdagen for Downs syndrom, og Caroline Glomnes og Katelyn Garbin kunne ikkje ha vore gladare for at «Cammo» er seld til fem land.

Foto: Kjetil Solhøi

– Det betyr veldig mykje for meg at serien nå har ei sjanse til å nå ut til eit internasjonalt publikum, seier Katelyn Garbin.

Garbin, som er tidlegare aktiv utøvar i rytmisk gymnastikk, hadde null skodespelarerfaring da ho vart plukka ut til å spele i «Cammo».

Serien vart med det den fyrste norske fiksjonsserien med ein person med Downs syndrom i ei av hovudrollene.

Garbin er veldig stolt over at den har blitt så godt mottatt i utlandet.

– Serien fortener det!

– Det er viktig å vere synleg, og at alle kan forstå at vi er like alle andre: også vi har draumar og eit ønske om å vere sjølvstendige, legg Garbin til.

Les også Katelyn overraska – no blir ho historisk på TV i Noreg

Turntrener og skodespelar Katelyn Garbin

– Heilt surrealistisk

Fyrste sesong av «Cammo», som kom ut i fjor vår, handlar om influensaren Cammo. Ho går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

Serien vart umiddelbart ein suksess med over 700.000 sjåarar.

  • Cammo - stemningsbilde - NRK TV

    PÅ EVENTYR: Karakterane Kamilla og Cammo får eit ublidt møte med politiet i fyrste sesong av «Cammo».

  • Katelyn Garbin sitter på bassengkanten i rollen som Kamilla i "Cammo". Hun har blå, blomstrete badedrakt og håret opp i en knute på toppen av hodet.

    LUKSUSLIVET: Katelyn Garbin i rolla som Kamilla i fyrste sesong av «Cammo».

  • Caroline Glomnes sitter foran en innsjø. Hun har rosa, bølgete hår og sort caps på hodet.

    TANKEFULL: Caroline Glomnes i rolla som influensar Cammo.

  • Hanne Lindbæk i rollen som Sofie i "Cammo"

    FAMILIE: Hanne Lindbæk og Caroline Glomnes spelar mor og dotter i «Cammo».

Nå har NRK har inngått ein opsjonsavtale for territoria Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspelingar av dramakomedien «Cammo».

Det betyr at desse landa kan lage sine eigne versjonar av dramakomedien.

– Dette er heilt surrealistisk! At humoren og historia i «Cammo» kan treffe både spanjolar og tyskarar er skikkeleg gøy, seier serieskapar og hovudrolleinnehavar Caroline Glomnes.

Eg gler meg til å sjå korleis dei ulike landa tolkar manus, og er så takknemleg og glad for at historia om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millionar menneske, legg ho til.

Serieskapar, manusforfattar og skodespelar Caroline Glomnes

TAKKNEMLEG: Serieskapar og hovudrolleinnehavar Caroline Glomnes er takknemleg for at serien har blitt så godt mottatt i Europa.

Foto: Kjetil solhøi

– Gir håp

Randi Ødegaard, styreleiar i Downs Syndrom Noreg, synest det er utruleg inspirerande at «Cammo» nå kan bli sett på blant anna franske og tyske skjermar.

– Det gir håp når ein ser at denne tematikken fenger på tvers av landegrenser.

Også ho understrekar at representasjon er viktig, og at det betyr mykje for menneske med Downs syndrom å sjå andre menneske med Downs syndrom i populærkulturen.

– Alle treng jo ikkje å bli skodespelar, eller leve eit så glamorøst liv som karakteren Kamilla i «Cammo». Men det er veldig kjekt at det vi ser på TV resonnerer med vårt eige liv, seier Ødegaard.

Randi Ødegaard, styreleiar i Downs Syndrom Norge

POSITIV: Styreleiar i Downs Syndrom Noreg, likte veldig godt fyrste sesong av «Cammo», og gler seg til fortsetjinga.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Også ho er veldig spent på å sjå korleis serien blir tolka i dei andre europeiske landa.

I dag, 21. mars, er det Verdsdagen for Downs, og i den forbindelse har ho ei klar oppfordring:

– Det er å oppfordre folk til å gå med ulike farger på sokkane, og gjerne med rosa farger, i kjent «Cammo»-stil.

Ny sesong

Før eventuelle utanlandske produksjonar set i gang med sine nyinnspelingar kan det norske folket kose seg med sesong to av dramakomedien.

Torsdag 11. april er det premiere på ny sesong. Her er ein liten smakebit.

null
Spiller nå
Er ikke bare-bare å holde fokus i intervjuet! 01:45
Neste

Kulturstrøm

  • Robbie Williams-konsert i Tyrkia avlyst

    En kilde ved provinsmyndighetene i Istanbul oppgir «sikkerhetsbekymringer» som årsak overfor nyhetsbyrået AFP uten å utdype. Williams skriver også på Instagram at sikkerhet er årsaken til at konserten blir avlyst, og beklager sterkt for at han ikke får opptrådt.

    Konserten i Istanbul ville funnet sted på samme dato som Hamas-angrepet mot Israel i 2023 som førte til krigen i Gaza. I forkant av konserten hadde mange aktivistorganisasjoner tatt til orde for at den måtte avlyses, og Williams ble omtalt som «sionist». Det var også planlagt demonstrasjoner.

    Williams, som har en kone som er jødisk, opptrådte i Israel både i 2015 og 2023. Han måtte tåle mye kritikk for at han gjorde det.

    (NTB)

    Robbie Williams - nærbilde av mann med mørk grått hår og rosa dress
    Foto: Chris Pizzello / AP
  • Taylor Swift slipper akustiske bonuslåter

    Det nyeste Taylor Swift er knapt kommet i salg før hun byr på flere spesialutgaver med akustiske versjoner av noen av låtene, skriver NTB.

    Superstjernen skriver i sosiale medier at hun har spilt inn akustiske versjoner av åtte låter fra «The Life of a Showgirl».

    – Lagre dette under «spar det beste til finalen». Jeg tror favorittøyeblikkene mine under turneen var de akustiske overraskelsene, så jeg gikk tilbake i studioet og spilte inn akustiske versjoner av noen av «Showgirl»-låtene, skriver artisten, ifølge Variety.