Hopp til innhold

Katelyn overraska – no blir ho historisk på TV i Noreg

Den nye dramakomedien «Cammo» er den fyrste norske fiksjonsserien med ein person med Downs syndrom i hovudrolla. – På tide, meiner hovudrolleinnehavar Katelyn Garbin.

Turntrener og skodespelar Katelyn Garbin
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

I serien «Cammo» møter vi på ein influensar med same namn som er på høgda av karrieren sin, men som går personleg konkurs på same tid.

Ho mistar alt og blir tvinga til å gjere noko heilt nytt. Nemleg å jobbe som støttekontakt for Kamilla som har Downs syndrom.

Dette er fyrste gong at ein norsk fiksjonsserie har ein hovudkarakter med Downs syndrom.

Det er stas, men også på tide at noko slikt skjer, seier Katelyn Garbin som spelar hovudrolla Kamilla.

Ho er eit kjent namn for mange allereie. Garbin er nemleg tidlegare aktiv utøvar i rytmisk gymnastikk (RG), og har tatt over 40 gull i ldretten, deriblant i Special Olympics. Til vanleg er ho hovudtrenar i RG for Stabekk turnforeining.

30 år gamle Garbin vart overraska da ho fekk rolla.

– Eg var kjent med arbeidet til Caroline frå før av, og ho har vore ein stor inspirasjon for meg, seier den ferske skodespelaren.

Serieskapar, manusforfattar og skodespelar Caroline Glomnes med skodespelar Katelyn Garbyn

Skodespelar Caroline Glomnes saman med turntrenar og skodespelar Katelyn Garbin.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Fekk berre «crush»

Det er skodespelar Caroline Glomnes står bak serien. I tillegg til å ha skrive manuset spelar ho rolla som influensaren Cammo.

Da ho skulle finne den ho skulle spele mot vart ho oppfordra til å sjå på programmet «Special Olympics». Der var Katelyn Garbin hovudtrenar.

– Eg fekk berre «crush» med ein gong. Dette er typen vi ser etter, forklarar Glomnes.

Det er også noko med den sportsbakgrunnen til Katelyn som gjorde at eg visste at ho taklar press, og at ho klarer å levere under press. Det er noko som er viktig når det står masse kamera på, legg ho til.

Kamilla, spilt av Katelyn Garbin, og Cammo, spilt av Caroline Glomnes, står foran en bil, stoppet av politiet. De er alvorlige i ansiktet.

Serieskapar Glomnes avslører at det er mykje drøy humor i «Cammo»: – Men alt er gjort med hjartet på den rette staden, seier ho.

Foto: NRK

Ifølgje serieskaparen er Garbin disiplinert, målbevisst og har stamina. Ho hadde dei kvalitetane dei var ute etter.

Den ferske skodespelaren innrømmer likevel at hennar fyrste skodespelarjobb tok litt tilvenning.

– Det var vanskeleg i starten, spesielt det å lære seg manus. Eg brukte derfor mykje tid på å pugge og lese heime når eg ikkje var på innspeling, forklarar Garbin.

Inspirert av eigne erfaringar

«Cammo» er inspirert av serieskaparens eigne erfaringar som støttekontakt.

Etter fleire år som skodespelar ønska ho å gjere noko som ikkje handla om å prestere på scena eller framfor kamera.

Det førte til at ho tilfeldigvis fekk jobb som støttekontakt for ei kvinne med Downs syndrom.

Fram til da hadde Glomnes aldri snakka med nokon med Downs syndrom før, men var likevel ganske sikker på korleis ho trudde det kom til å vere.

– Men så møtte eg meg sjølv i døra, og vart bevisst på mine eigne fordommar. Det syntest eg var veldig gøy, for eg ser på meg sjølv som ein open og lite fordomsfull person.

Serieskapar, manusforfattar og skodespelar Caroline Glomnes

Caroline Glomnes er skodespelar og manusforfattar, kjent frå blant anna «Heksejakt» og «Nissene i bingen».

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Med denne serien vil ho vise folk kor like vi eigentleg er. Og at vi ikkje må vere redde for å snakke med folk som tilsynelatande er annleis enn oss.

– Eg synest det er for mange som berre søker seg til heilt like personar, og da skapar vi eit ekkokammer for oss sjølve. Verda blir ein farleg og ikkje minst ein kjedeleg stad om vi berre omgåast dei same personane, understrekar Glomnes.

Blir behandla som barn

Det er ingen tvil om at det oppstår drama, humor og ikkje minst hjartevarme når to personar med ulik bakgrunn lærar kvarandre å kjenne.

Mykje av det humoristiske i serien kjem som følgje av fordommane Cammo har mot personar med Downs syndrom. Ho behandlar dei som barn.

Det er noko Katelyn Garbin også har opplevd i det verkelege liv.

Eg er ein følsam person som ikkje har noko problem med å vere direkte. Så om eg føler meg urettferdig behandla så seier eg ifrå, fortel ho.

Serieskapar, manusforfattar og skodespelar Caroline Glomnes saman med skodespelar Katelyn Garbin

Serieskapar Caroline Glomnes vil at serien skal bevisstgjere korleis forventningar påverkar oss som personar, og kor viktig det er å bli kjent med personar som er annleis enn oss sjølve.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Positiv til serien

Randi Ødegaard, som er styreleiar i Downs syndrom Noreg, fortel at mange er usikre på korleis ein skal møte menneske med Downs syndrom, og endar dermed opp med å reservere seg.

Den største utfordringa er at dei blir sett på ei heilskapleg gruppe i staden for individ, seier ho.

Ho håpar derfor at serien kan bidra til å få vist fram meir av breidda til personar med Downs syndrom enn det som har blitt gjort hittil.

Vi heiar på representasjon. Vi tenker at det er bra både for menneske med Downs syndrom og for alle andre å få utvida forholdet sitt til kva menneske med Downs kan vere, understrekar Ødegaard.

Randi Ødegaard, styreleiar i Downs Syndrom Norge

Ifølgje Randi Ødegaard møter personar med Downs syndrom framleis på fordommar, stigma i kvardagen: – Men vi tenker at ein serie som dette kan rydde litt av banen.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Opnar opp augo

Ho har stor forventning til serien og ser fram til at den sett i gang samtaler.

Kanskje opnar den horisonten og augo til folk, og får folk til å sjå på personar med Downs syndrom som like ulike og unike som alle andre, avsluttar Ødegaard.

Sjå serien «Cammo» i NRK TV.

Du kan også sjå Katelyn Garbin og Caroline Glomnes på Lindmo i kveld på NRK 1 kl. 21.55 eller når du vil i NRK TV.

Les også Johannes trener til arbeidslivet – hjemfylket kommer dårligst ut på jobbstatistikk

Johannes Gustafsson, elev, Bergeland videregående skole

Ikke spør om det: Downs syndrom

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober