Hopp til innhold

«Bølgen» gav «Tomb Raider»-jobb

«Bølgen»-regissør Roar Uthaug snart premiere-klar med Hollywood-film.

TR_CT_Day7_31Jan2017-1031.dng

SNART PREMIERE: Svenske Alicia Vikander speler rolla som Lara Croft i den norsk-regisserte «Tomb Raider».

Foto: Graham Bartholomew / Graham Bartholomew

Det var då dei amerikanske agentane til regissør Roar Uthaug viste «Bølgen» til bransjefolk i Los Angeles at han fekk napp.

Roar Uthaug

INTERNASJONAL DEBUT: «Bølgen»-regissør Roar Uthaug er snart premiereklar med sin første internasjonal film.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det er det amerikanske filmselskapet Metro-Goldwyn-Mayer Studios (MGM), som har kjøpt rettane til «Tomb Raider», filmatisering av dataspelserien med same namn.

LES OGSÅ: Nordmann skal regissere «Tomb Raider»-film

Ei kvinne frå MGM var til stades på visinga av «Bølgen» og meinte at den norske regissøren bak filmen var rett mann for det neste «Tomb Raider»-prosjektet.

– Eg blei veldig ivrig. Når vi snakka med dei om kva slags film dei ville lage, så blei eg veldig gira, seier Roar Uthaug, som takka ja til å regissere filmen.

Uthaug drog til LA for å starte jobben med Lara Croft i 2016.

– Hollywood-maskineriet passar meg

«Tomb Raider» blir Roar Uthaug sin internasjonale regidebut. Under innspelinga har det vore langt fleire folk på filmsettet enn det Uthaug har vore vant til frå tidlegare norske filminnspelingar. Uthaug seier overgangen har gått fint.

– Ein høyrer jo skrekkhistorier om det store Hollywood-maskineriet. For meg har det berre vore til hjelp. Å kunne ha så mykje ressursar tilgjengeleg gjer at ein får realisert dei scenane ein ser for seg som regissør.

– Fekk du mykje kreativ fridom?

– Eg følte at mine idear blei høyrt, og eg fekk absolutt lage min film, seier Uthaug.

Var med å finne den nye Lara Croft

Det er 15 år sidan den førre «Tomb Raider»-filmen kom. Og det er Angelina Jolie vi alle kjenner i rolla som Lara Croft. Jolie hadde hovudrolla i dei to første filmane «Tomb Raider» frå 2001 og «Tomb Raider 2 – Livets vugge» frå 2003.

Regissør Roar Uthaug var med å bestemme kven som skulle ta over rolla etter Angelina Jolie. Ifølge Uthaug var det eit enkelt val.

Alicia Vikander

OSCAR-VINNAR: I 2016 fekk Alicia Vikander Oscar for beste kvinnelege birolle for «Den danske piken».

Foto: ADRIAN SANCHEZ-GONZALEZ / Afp

– Gruppa med produsentar og studiofolk, som diskuterte kven som skulle spele Lara Croft, var alle einige om at Alicia Vikander var den absolutt beste kandidaten, seier Roar Uthaug.

Regissøren innrømmer at det har vore mange spørsmål om Alicia Vikander klarer å fylle rolla etter Angelina Jolie, men Uthaug er trygg på at Vikander passar godt i den ikoniske rolla.

– Eg føler Vikander verkeleg har gjort denne karakteren til sin eigen. Nå har vi laga ei heilt ny Lara Croft, og eg trur folk kjem til å bli veldig overraska når dei ser Alicia Vikander i denne rolla, seier Roar Uthaug.

«Lara Croft» har Norges-premiere 16. mars.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters