Hopp til innhold

Taket først, deretter innhaldet

Selfien er «det nye postkortet», og ti år etter opninga av Operahuset i Oslo er bileta derifrå svært utbreitt på sosiale medium.

Tre jenter tar selfie på operataket.

SELFIE: Søstrene Claudia Medina, Nicole Medina, og Samanta Medina tar selfie på operataket. Med berre ein feriedag i Oslo, så var ein tur på operataket var det første dei gjorde.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

På operataket skin sola og forholda er gode for eit sjølvportrett. Spanske Claudia Medina tar ein selfie på marmortaket. Familien hennar hadde ein dag i Oslo, og hadde lyst å sjå bygningen.

– Me kjem nok ikkje til å gå inn, for me har ikkje tid, seier ho.

Dei er ikkje aleine om det. Høyrer du med ein nordmann kan ei typisk frase vere: «Eg har aldri vore i Operaen, berre på taket».

Tre søstrer tar selfie på operataket i Oslo.

SELFIE: Søstrene Claudia, Nicole, og Samanta er på tur med foreldra sine. Etter ein dag i Oslo, og nokre selfiar, så går turen vidare til Trondheim.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fleire tusen deler

Over 300 000 folk går på førestilling i operaen kvart år, men mykje tyder på at mange berre er innom taket.

På Instagram finst det mange titals tusen bilete med emneknaggar som #dennorskeoperaogballett, #dennorskeopera, #operataket eller #Oslooperahouse.

Operaen sjølv har tal på at over 10 millionar menneske har gått over operabrua sidan opninga.

Kanskje ikkje så rart? Noreg solar seg i glansen som av ein av 52 stader du må reise til i 2018, ifølge New York Times, og når Lonely Planet listar opp operaen som ein attraksjon, så vil jo folk dit.

Og operataket blir ofte lista opp som ein av topp ti ting du må sjå eller gjere i Oslo.

NSB dristar seg til og med frampå med denne formuleringa:

«Mange velger å ta en spasertur på Opera-taket, og gjerne en «selfie» også. Og har du lyst på en kulturopplevelse settes det opp flere stykker i Operaen gjennom året.»

Taket først, deretter innhaldet.

– Vil etterlikne

Jill Walker Rettberg

Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen

Foto: Eivind Senneset / UiB

Jill Walker er professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen, og samanliknar det å ta turistattraksjon-selfiar med folk som tidlegare hasta seg til postkorthylla for å kjøpe eit minne til slekt og vener.

Det at ein kan gå opp på sjølve operataket har gjort bygget tilgjengeleg, og det har blitt populært å ta turen dit. Og ta ein selfie, sjølvsagt.

– Det handlar også om å kanskje skrive seg inn i eit slags ritual. Eg tar det same biletet som veldig mange har tatt. Det er ein måte å vere del av eit fellesskap.

Kjærestepar frå Sveits tar selfie på operataket

DIGITALE POSTKORT: Angelina Schider og Elias Kingler tar selfie på operataket. Han er mindre opptatt av å ta selfiar enn ho, men blir med på det likevel. I Sveits, der dei kjem frå, er det mange som byter ut tradisjonelle postkort med bilete dei tar sjølv, og som dei deretter lagar postkort av på nettet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Eg vil ha likes

På marmortaket er det fullt av solbrillekledde turistar. Selfiestonga er i flittig bruk. Marmor, flott lys, og måker gir gode utgangspunkt for fine bilete.

Eit par tar selfie på operataket og får selskap frå ei måke.

SELFIESTONG: Rogelio Rueda Gorlat og Fina Alonso Torres pakka med seg selfiestong i bagasjen då dei tok turen frå Spania og til Noreg. Og tok sjølvsagt turen til operataket.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det er folk frå heile verda på operataket, og blant dei er Firat Coskun frå Tyrkia. Han ville sjå arkitekturen og den nordiske stilen. Han fortel at han kjenner bygget frå ein ven sin reiseblogg.

Og selfien er viktig for han.

– Når eg tar ein selfie vil eg sjå all bakgrunnen, og overkroppen min, ikkje den nedre delen, for eg er ikkje så høg. Og så er det viktig med bra lys i ansiktet, seier han.

Og kva er målet med selfiane?

– Eg vil ha likes. Det er det eg vil ha.

Selfie på operataket, ut mot havet.

UT MOT HAVET: Firat Coskun og Fulden Özkeçeci frå Tyrkia vender ansiktet mot operabygget, og tar bilete i motsett retning. Målet med selfien er klar: "Likes".

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.