Hopp til innhold

– Vi skal ta ei avgjerd om minnestaden før sommaren

Torsdag leverte Statsbygg ein rapport til kommunalminister Jan Tore Sanner, der dei godkjenner Utøyakaia som minnestad for 22. juli. Sanner seier at regjeringa skal ta ei rask avgjerd.

Utøykaia

UTØYAKAIA: Statsbygg tilrår Utøyakaia som minnestad for 22. juli. Ved denne kaia legg MS Thorbjørn til, båten som fraktar folk til og frå Utøya.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Jan-Tore Sanner på Utøyakaia

VED KAIA: Jan Tore Sanner ved Utøykaia. Bildet er teke ved eit tidlegare besøk på staden.

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

– Eg er glad for at anbefalinga til Statsbygg er så tydeleg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

I dag fekk han overlevert rapporten frå Statsbygg, der dei godkjenner Utøyakaia som minnesmerke etter 22. juli.

– Ei krevjande sak

Moglegheitsstudie

TRE ALTERNATIV: Statsbygg skisserer tre ulike moglegheiter for plasseringa av eit minnesmerke på Utøyakaia.

Foto: Statsbygg

Sanner seier det har vore mykje diskusjon og ei krevjande sak med mange involverte. Statsråden meiner ei avgjerd bør koma raskt.

– Statsbygg har laga ein rapport, men ingenting er vedteke i dag. Det er regjeringa som skal ta ei avgjerd, og det kjem vi til å gjera før sommaren. Det har vore ein oppheta debatt, nå har alle eit ansvar for at vi skal få ei verdig avslutning på diskusjonen.

Sanner skal nå lesa rapporten. Når regjeringa har fatta eit vedtak, håpar han at den nasjonale minnestaden vil bli realisert så raskt så mogleg.

– Det er viktig å få ein stad der vi kan sørgje og sakne, seier kommunalministeren.

Sanner meiner at Statsbygg har hatt ein omfattande dialog med alle involverte.

– Ikkje alle er einige i konklusjonen, men alle hatt moglegheit til å bli høyrde.

– Vil ikkje vurdere minnestad ved E16

Mange av naboane ynskjer ein minnestad nærare E16, på ein stad som blir kalla utsikta. Sanner seier at dei ikkje kjem til å greie ut noko som ikkje vil bli realisert.

– Utsikta har korkje politisk støtte eller støtte blant dei pårørande. Det tilfredsstiller heller ikkje dei nødvendige kriteria. Da har det ikkje noka hensikt for oss å greie ut dette.

Skisse for plassering C på Utøyakaia

PLASSERING C: Skisse over plassering C, ein av dei moglege stadene å plassere minnestaden ved Utøyakaia.

Foto: Statsbygg

– Har mange gode kvalitetar

Det var administrerande direktør i Statsbygg, Harald Vaagaasar Nikolaisen, som leverte rapporten til Jan Tore Sanner. Direktøren meiner at Utøyakaia har mange gode kvalitetar som gjer at det egnar seg som minnestad.

Harald Vaagaasar Nikolaisen

OVERLEVERTE RAPPORTEN: Torsdag leverte administrerande direktør i Statsbygg, Harald Vaagaasar Nikolaisen rapporten til Jan Tore Sanner der dei tilrår ein minnestad på Utøyakaia.

Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien / Statsbygg

– Vi trur Utøyakaia blir ein god og verdig minnestad. Det er denne staden vi har fått i oppdrag å greie ut. Vi har ikkje vurdert utsikta, sidan departementet ikkje har bede oss om å gjera det, seier Nikolaisen.

– Kor mykje har denne usemja rundt minnestaden kosta?

– Det har fyrst og fremst kosta på eit menneskeleg plan. Den økonomiske kostnaden har ikkje vore så stor. Dersom vi skal gå bort frå alternativet på Sørbråten, må vi finne ut av kostnadane seinare. Men i dag er det framleis eit hypotetisk spørsmål.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters