Hopp til innhold

– Noreg bør ikkje bruke 70 mill. for at Raja skal få ny selfie med Cruise

Norske produsentar reagerer etter at Hollywood-storfilmen «Mission Impossible 8» får heile insentivpotten på 68,6 millionar kroner frå NFI.

Abid Raja og Tom Cruise på Åndalsnes i Rauma.

BLID: Kulturminister Abid Raja var blid då han fekk møte Tom Cruise under innspelinga av «Mission: Impossible 7» i Møre og Romsdal fjor haust. Filmteamet fekk løyve til å filme trass i pandemien.

Foto: Kulturdepartementet

– No i koronatida revurderer ein alle ordningane i samfunnet på grunn av pandemien. Og då er det spesielt å gje heile potten til ein amerikansk film, seier Synnøve Hørsdal, som er produsent i Maipo Film.

Portrett av Synnøve Hørsdal

Produsent Synnøve Hørsdal, søkte om stønad frå insentivordninga for prosjektet «Festning Noreg», men heile potten gjekk til Hollywood-filmen «Mission Impossible 8».

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Insentivordninga til Norsk filminstitutt skal trekke store, internasjonale og norske filmselskap til å leggje innspelinga til Noreg.

– Noreg bør ikkje bruke 70 millionar for at Raja skal få ny selfie med Cruise, seier Hørsdal.

Ho meiner at Kulturdepartementet burde ha kutta ut stønaden til utanlandske filmar no under krisa, og heller gitt pengane til norske filmar.

– Innretninga har eit poengsystem som gjer at totalbudsjettet for ein film har stor betydning. Då kan ikkje ein norsk produksjon konkurrere med Hollywood.

At «Mission Impossible» får 68 millionar kroner av staten slik at dei kan filme i Noreg under trygge smittevernforhold, provoserer også Hørsdal.

Selskapet Maipo film skulle filme i Bergen til prosjektet «Festning Noreg», men fordi dei ikkje får pengar frå insentivordninga, må dei flytte opptaka til Budapest og vente til pandemien har roa seg før dei kan starte filminga.

I Noreg for tredje gong

Tom Cruise kjem tilbake til Noreg for å spele inn actionfilmen «Mission: Impossible 8», som er venta å sjå på lerretet i slutten av 2022.

Filmen handlar om ei gruppe agentar som er tilsette i ein hemmeleg amerikansk etterretningsorganisasjon kalla Impossible Missions Force (IMF).

Tom Cruise spelar agenten Ethan Hunt.

MISSION: IMPOSSIBLE - FALLOUT
Foto: Paramount Pictures

Produsenten Paramount Pictures skal lage store delar av filmen i Noreg. Difor har produksjonen fått midlar frå insentivpotten til Norsk filminstitutt (NFI).

– Burde ikkje gå frå kulturbudsjettet

Det var i alt 11 søkarar på insentivordninga til Norsk filminstitutt i år. Sju av dei kom frå norske produsentar. Men Truenorth Norway med Per Henry Borch som linjeprodusent, stakk altso av med heile insentivpotten på 68,6 millionar kroner til innspelinga av «Mission: Impossible 8».

Kjersti Mo, direktør i NFI forklarte tildelinga slik i ei pressemelding:

– Slik situasjonen er i dag, er det berre nok budsjettmidlar til det aller største prosjektet.

Hørsdal meiner at stønaden til utanlandske filmar ikkje bør kome frå budsjettet til departementet, ho meiner at målet med stønaden ikkje har noko med kultur å gjere.

– Kva er målet med ordninga? Er det å skaffe utanlandsk kapital til Noreg, eller arbeidsplassar og turisme?

– Det er ikkje kultur og då bør det ikkje gå frå budsjettet til Kulturdepartementet, seier ho.

– Risikerer å tvinge produksjonar til utlandet

Gudny Hummelvoll som er produsent for «Hodejegerne – the prequel» er einig med Hørsdal.

Produsent for Hodejegerne, Gudny Hummelvoll

Gudny Hummelvoll er produsent for « Hodejegerne – the prequel». På grunn av manglande finansiering må dei truleg flytte delar av opptaka til Litauen, trass i at historia er sett i Oslo.

– Om hovudpoenget med ordninga er å vise fram Noreg og tiltrekke seg store utanlandske produksjonar, så burde midlane kome frå Nærings- og fiskeridepartementet og ikkje Kulturdepartementet, seier Hummelvoll.

Hummelvoll understrekar også at norske produsentar har i oppgåve å ta vare på det norske språket og spegle norsk kultur i dag. Ho meiner at dei filmane/TV-seriane som no ikkje får pengar frå insentivordninga, i større grad kan trekke til seg turistar – enn den Hollywood-filmen som no har fått stønad.

– Men utan stønad frå ordninga, må ein finne andre måtar å finansiere prosjekta på. Noko som er ekstra vanskeleg under pandemien sidan vi ikkje kan reise ut for å filme i andre land.

– Fleire av dei norske produksjonane må truleg filmast i Aust-Europa fordi det er billegare og då misser ein både norske arbeidsplassar og det å formidle landet som destinasjon.

Ønskjer revurdering av ordninga

Espen Horn som er produsent til den kommande Netflix-filmen «Troll», meiner at insentivordninga gir arbeid til den norske filmbransjen og at den er med å profesjonalisere norsk film.

Produsent for Troll, Espen Horn

Espen Horn, produsent for Troll.

– Men insentivordninga har eit større potensial og vi må sjå på ordninga med nye auge. For slik situasjonen er i dag så viser den klare svakhetsteikn. Når eit prosjekt får heile potten, må dei 10 andre prosjekta sjå etter pengar andre stadar. Noko som i dette tilfellet betyr eit anna land, seier Horn.

Dei norske produsentane er ikkje dei einaste som stiller spørsmål ved ordninga. Anette Trettebergstuen (Ap) meiner at regjeringa må lytte og slutte å seie nei til inntekter.

– Det er tragisk at det berre er rom for eit prosjekt i ordninga. Tenk så mange produksjonar vi går glipp av fordi potten er tom!

Trettebergstuen held fram:

– Gjer insentivordninga regelstyrt, som betyr at alle som søker og fyller kriteria får. Det er det einaste riktige.

Trettebergstuen fryktar at når potten går til ein aktør, at søkarane neste år heller satsar på Island – som nettopp har fått ei liknande ordning.

Gler seg til at Cruise kjem til Noreg att

Sjølv om store delar av norsk filmbransje slit under pandemien, forsvarer kulturminister Abid Raja (V) avgjersla med å gje heile potten til «Mission: Impossible 8».

– Det er ei kriteriebasert ordning, som gjer at Tom Cruise sin film kjem best ut, seier han.

I fjor snakka Raja med Cruise om vidare innspeling av «Mission Impossible» i Noreg.

– At dei søkte, det var opp til dei sjølv. Og at dei fekk, det er gjort på armlengdes avstand, det har NFI bestemt, ikkje eg.

Raja meiner at innspelinga av actionfilmen vil tene landet godt.

– Eg er svært glad for at Tom Cruis ønskjer å kome tilbake hit. For det er ikkje tvil i at dei filmane vil vere svært god reklame for Noreg.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.