Hopp til innhold

780 millionar meir til kultur

Kulturbudsjettet 2011 er lagt fram – sjå kva regjeringa satsar på.

Anniken Huitfeldt

Kulturminister Anniken Huitfeldt presenterte i dag sitt første kulturbudsjett.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

I dag la kulturminister Anniken Huitfeldt fram sitt første kulturbudsjett. Samanlikna med budsjettet for 2010 får no kulturen 780 millionar kroner meir.

643,7 millionar kroner går til å oppfylle Kulturløftet. I tillegg får Nasjonalmuseet 135 millionar kroner meir til prosjektering av det nye museet på Vestbanen frå Fornyings- administrasjons- og kirkedepartementet.

Kulturløftet til regjeringa har som mål at kulturbudsjettet innan 2014 skal vere på 1 prosent av det totale statsbudsjettet. I perioden 2006-2011 har dei samla overføringane til kulturfeltet auka med 3,3 milliardar kroner.

Budsjettet frå kulturdepartementet for 2011 er samla på 8,464 milliardar kroner, mot 7,808 milliardar i 2010.

Berre eitt nybygg

Nokre lekkasjar frå kulturbudsjettet for 2011 har allereie kome ut. Mellom anna vart det i går kjent at får Eidsvolls-bygninga 310 millionar kroner til oppussing før grunnlovsjubileet i 2014.

Jærmuseet frå 3,4 millionar ekstra, som skal brukast til det nasjonale Garborg-senteret. Huitfeldt har dessutan lovd 72,8 millionar til Kristiansand Symfoniorkester, Agder teater og Opera Sør.

Det einaste nye nasjonale kulturbygget som får pengar på statsbudsjettet for 2011 er det planlagde Aust-Agder Kulturhistoriske senter på Langsæ i Arendal.

Tilskotet til nasjonale kulturbygg er på 163 millionar kroner, noko som er ein auke på 5,1 millionar.

Styrking av film og dataspel

Kultuministeren kjem også med 21,5 millionar kroner ekstra til norsk film. Det er tv-drama, dokumentarar og kinofilmar som skal få desse ekstra pengane.

I tillegg frå dei regionale filmsentra fire millionar kroner meir i 2011. To millionar er sett av til å innføre ei innkjøps- og utlånsordning for dataspel i dei offentlege biblioteka.

Målet er at Noreg skal verte leiande på Norden i film, og at norsk film skal hevde seg internasjonalt.

1,6 milliardar til scenekunst

Den Norske Opera & Ballett frå ein auke på 48,1 millionar kroner, som skal dekkje auka lønsutgifter og langsiktig vedlikehald.

Dei regionale teatra får til saman 20 millionar kroner meir i 2011.

Regjeringa vil også satse på dans, og gjev 1,5 millionar kroner meir til Dansens Hus og 0,9 millionar til Carte Blanche.

Scenekunst frå ein auke på tilskota i Norsk Kulturråd på 6,4 millionar kroner. Totalt frå scenekunst 1,6 milliardar kroner i budsjettet for 2011.

Museumsbygga får pengar

Kulturdepartementet vil særleg satse på bygningsvern, spesielt langs kysten. Denne satsinga får 27,8 millionar kroner ekstra. Museums- og kulturvernformål får samla 936 millionar kroner, noko som er ein auke på 52,5 millionar kroner frå 2010.

Nasjonalbiblioteket får 19,2 millionar kroner meir, av desse skal tre millionar gå til digitalisering og utvikling av digitale tenester til biblioteka. Samla får språk, litteratur, og bibliotek 800 millionar kroner.

Arkivverket får ein auka sin budsjettpost med 14 millionar kroner, der tre millionar skal gå til digitalisering.

Moms-kompensasjon

Tilskotet til kompensasjon av meirverdiavgift av frivillige organisasjonar aukar med 212 millionar.

Ordninga om kompensasjon kom på plass 1. januar 2010, og skal trappast opp med ein milliard kroner. Kompensasjonen er meint å styrke vilkåra for dei frivillige organisasjonane.

Nyopna Riksscenen får meir stønad

Også orkestera får meir pengar i neste års budsjett. Nordnorsk Opera og Symfoniorekester frå 3,1 millionar kroner ekstra, Oslo Filharmonien 10,6 millionar meir og Riksscenen får 2,6 millionar i tillegg.

Auken i stønaden til musikk er på 48,1 millionar kroner, og musikk får ein milliard kroner totalt.

160 mill. til Vestbanen

Visuell kunst, arkitektur og design får ein auke på 16,2 millionar kroner. Det inkluderer mellom anna 3,8 millionar ekstra til Norsk kulturfond sine støtteorningar, og 1,9 millionar til kunstformidling på Bergen Kunsthall.

Arkitektur.nå får 1,9 millionar kroner til vidare oppfølging. Samla skal 423,9 millionar gå til visuelle kunstformål. Prosjekteringa det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen får totalt 160 millionar kroner frå budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet.

Kulturminister Anniken Huitfeldt presenterer kulturbudsjettet for 2011 på Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans kl 13 i dag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.