Hopp til innhold
Anmeldelse

Tullefløyta

Den er ikkje ei vedunderleg opera-oppleving. Gøy, morosam og overraskande er «Trylle­fløyta» like fullt.

Frå framsyninga «Tryllefløyta» på Det norske teatret.
Foto: Erik Berg
Teater

«Tryllefløyta»

Det Norske Teatret

22. april 2023-17. juni 2023

«Trylle­fløyten» er vel så mykje eit synge­spel som ein opera. Skilnaden er mellom anna at i eit synge­spel vert dialogane talte, ikkje resiterte eller sungne.

Noko som gjer «Trylle­fløyten» godt eigna for skode­spelarar – om dei er gode til å synga, då.

Den sjansen tok regissør Ole Anders Tandberg.

I tillegg tok han sjansen på ein speidar­tropp, ein gjeng bjørnar og kapell­meister Trond Lindheim. Han skal ha store delar av æra for at «Trylle­fløyta» flyt så godt som ho gjer ved Det Norske Teatret.

Eg trong knapt eitt minutt av ouverturen før eg byrja å le av over­rasking.

Svært mykje av humoren ligg nett i korleis Lind­heim har om-orkestrert Mozart sin musikk slik at han kling bra for ulike blåsarar, el­gitar, banjo, perkusjon, tangentar – og, ikkje minst: blokk­fløyte.

Fra framsyninga «Tryllefløyta» på Det norske teatret

GÅR VARLEG: Når truande bjørnar vil eta deg opp, er det godt å ha ei magisk fløyte. Prins Tamino (Vetle Bergan) si blokkfløyte gjer underverk i «Tryllefløyta».

Foto: Erik Berg

I ein rik miks av sjangrar let han det kitla og bobla frå orkester­grava. Når du trur det vert pompøst og høgtidleg, vert det roleg jazza ned.

Eller ballade-aktig. Eller muntert, lett­beint og folkeleg.

Sjølv­sagt er dette ei smart løysing fordi det ikkje er opera­songarar, men skode­spelarar som skal levere dei kjende ariane til Nattas dronning og Papageno.

Skode­spelarar har ei anna stemme­skolering og ein annan måte å jobba med kropp og klang på. Og dei jobbar annleis med uttrykk.

Slik kan dei opna opp tekst, meining og kjensler i den kjende operaen.

Fra framsyninga «Tryllefløyta» på Det norske teatret.

PÅ VAKT: Papageno (Joachim Rafaelsen) og Pamina (Ina Svenningdal) passar på.

Foto: Erik Berg

Det er ikkje ein aftan i teateret for den som ønsker seg tre timar vedunderleg opera­song. For songleg er prestasjonane ujamne.

Vil ein inn i det eventyret «Trylle­fløyta» er, då er ein på rette staden.

I ein draum går alt an

For dette er ein opera som kan verka ganske uforståeleg. Fugle­fangarar og vaktarar, vonde dronningar og egyptiske guddommar. Visdom, tempel, prinsar, liv og død.

Regissør Tand­berg har valt å la prins Tamino (Vetle Bergan) vera ein sovande publikummar, og draumen som vert spelt ut på scena, er hans.

Og i ein draum kan alt gå an: Ein kan forelska seg i eit bilete og vera klar for å gå gjennom eld og vatn for den ein har kjær.

Ein kan få ei magisk fløyte som hjelpe­middel, få bjørnar til å dansa og sjølvsagt få prinsessa til slutt.

Alt kan slukast rått i ein draum.

MINDRE TIL DISSE: De store teatrene får neppe nok midler til å veie opp for pris- og lønnsøkningen. Her fra "Tryllefløyten" på Det Norske Teatret.

HJELPARAR: Ein syngande trio kjem til nytte for prins Tamino (Vetle Bergan) i «Tryllefløyta».

Foto: Erik Berg

Ved å gjera det slik, får Tandberg tydelegare fram eventyret om prinsessa og prinsen som jobbar for å få kvarandre.

Om korleis det ein trur er godt, kan hende ikkje er det likevel (nydeleg spelt fram av Nattas dronning, Charlotte Frogner), og om korleis det gamle må gje plass for det nye.

Ein må sjølvsagt godta denne premissen når fram­syninga er sett til vår eiga tid. Men igjen: Draume­logikken forsvarar dette grepet.

Fra framsyninga «Tryllefløyta» på Det norske teatret.

LYSTIG BLIKK: Tamino forelskar seg i Pamina (Ina Svenningdal). I draumen jaktar han ho og freistar fri ho frå fangenskap – men endar med å frigjera både ho og seg sjølv.

Foto: Erik Berg

Orkestreringa halar det heile i land

«Tryllefløyta» er morosam, ikkje minst er ho artig løyst.

Eitt av høgde­punkta er den kjende arien til Nattas dronning og Charlotte Frogner si kroppslege tolking av den.

Sceno­grafien er prega av store luftige rom, og absurditeten varetatt av ensemble­scenar med dansande bjørnar og aktive speidarar.

Dessutan er omsetjinga av Jostein Avdem Fretland sprettent god.

Bilde fra «Tryllefløyta» på Det norske teatret.

GOD ELLER VOND: Nattas dronning (Charlotte Frogner) gjer ein minneverdig versjon av den kjende arien til Nattas dronning som ein buktande slange.

Foto: Eirik Malmo

Likevel – ikkje alle premiss i forteljinga er like enkle å berre godta.

Innimellom fyk forteljinga raskt av garde, og ujamn vokal trekk opplevinga nokre gonger ned. Men då reddar smart og gøyal orkestrering fram­syninga inn frå dei villaste vegar.

For det er vanskeleg ikkje å la seg overtyda av eit musikk­ensemble med rocke­fot i heile kroppen.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret.