Hopp til innhold
Anmeldelse

Ei kiste full av kuriosa og kunnskap

Boka om det du ikkje visste at du ikkje visste.

Kvinnen i portrettet er Margery Lawrie (1712–1784), gift med 
den skotskfødte kjøpmannen Andrew Chrystie. Hun fremstår 
som bilde på den gode mor. Ektemannen var stolt av at hun selv 
ammet sine barn – «uncommon in this country» – og var over
-
bevist om at dette var grunnen til at de vokste opp sunne og 
friske. For Margery var det nok også viktig at amming bidro til å 
øke intervallene mellom hvert svangerskap
Bok

Tidsrom: 1600-1914

Kari Telste (red.)

Sakprosa

2023

Press

Visste du at sitron­saft var ein viktig ingrediens då England bygde seg opp som koloni­makt?

Eller at eit gips­relieff av ein liten ape­katt kan fortelje kva eigaren tenkte om synd og frelse?

Har du nokon gong høyrt om det mobile kontoret med hemmeleg rom for duell­pistolar, sånn i tilfelle?

Viss svaret er nei, er vi to, og heilt sikkert mange fleire. Og boka «Tidsrom 1600-1914. Fortellinger om da Norge ble moderne» har meir på lager.

Mykje meir. Med raus og rik foto­dokumentasjon.

Kari Telste og bokomslaget for Tidsrom 1600-1914

IKKJE DØM EI BOK ETTER OMSLAGET: Kari Telste, tidlegare førstekonservator på Norsk folkemuseum, er hovudredaktør av «Tidsrom». Dessverre signaliserer framsida at dette er ei anonym og kjedeleg utgjeving. Eit sterkt misforhold mellom utside og innside.

Foto: NORSK FOLKEMUSEUM / FORLAGET PRESS

Pustar liv i gamle ting

Bak verket står ei tverr­fagleg gruppe med hovud­redaktør Kari Telste i spissen, som i 10 år har arbeidd med å puste liv i tause gjenstandar og interiør.

Først som museums­utstilling og no som bok, som ikkje må forvekslast med ein museums­katalog.

Denne noregs­historia startar i kjøken­skåpet og i soveroms­taket og endar i Kina eller i Vestindiske koloniar.

Vi skal altså ikkje innom tjøre­breidde eld­stover og fjøs frå ymse dalføre. Boka konsentrerer seg om embetsmanns­familiar og borgar­skapet som vaks seg stort og mektig gjennom perioden.

Nips av fugl inni glass

EKSOTISK NIPS: Conversation piece frå 1800-talet, nipsens hundreår. Eksotiske fuglar levde farleg.

Et «hjemmekontor» fra 1800-tallet. I løpet av 1800-tallet ble kommunikasjonene bedre, mobiliteten økte og stadig flere mennesker reiste. Reiseskrinet i mahogni fra ca. 1850 har tilhørt Frederik Due, som var norsk statsminister i Stockholm fra 1841 til 1858. Det innholdsrike skrinet var i praksis et mobilt kontor. Det inneholdt alt en embetsmann på reise trengte – fra skrivesaker og utstyr for personlig pleie til suvenirer og duellpistoler.

VÅPEN PÅ KONTORET: Mobilt «heimekontor» for pendlande statsminister på 1800-talet, med eige rom for duellpistolar, sånn i tilfelle.

Då Morten Juell frå Arendal gifte seg med Sara Chrystie frå Moss i 1859, gav foreldra til Sara dette serviset i gåve. Made in China, der svært mykje porselen kom frå før England og Tyskland for alvor kom i gang. Legg merke til dobbeltmonogrammet «MJ» og «JT». Arme den som knuste ein kopp.

MADE IN CHINA: Då Morten Juell frå Arendal gifte seg med Sara Chrystie frå Moss i 1859, gav foreldra til Sara dette serviset i gåve. Made in China. Legg merke til dobbeltmonogrammet «MJ» og «JT». Arme den som knuste ein kopp.

Nips fra 1800-tallet

VIKINGSKIP: Asiatisk, heilnorsk eller god blanding? Vikingskip i dragestil av Gerhard Munthe, 1905.

Telste & co har leita fram karakteristiske gjenstandar, så vel som kuriositetar frå private rom, slik dei står på folke­museet på Bygdøy i Oslo: pipebord, hattenåler store som mordvåpen.

Så. Korleis går det an å puste liv i ting som har gått ut av bruk i rom som ingen har budd i på hundrevis av år? Og kva er poenget?

Svaret er å hente folk ut av gløyme­boka og la dei utfalde seg på ny, mellom alle tinga sine.

Sende dei derifrå og ut i samfunnet, som endra seg enormt gjennom dei drygt 300 åra boka gapar over.

to elegant kledde damer. De var ganske sikkert på vei mot promenaden på Karl Johan.

FJØR I HATTEN: Hatt med fjør var topp mote tidleg på 1900-talet. Det førte til kontroversar og debatt: Var det etisk forsvarleg å drepe millionar av fuglar berre for pynt? Christianiadamer snikfotografert av Carl Størmer på 1890-talet.

På parksiden av Karl Johans gate: to unge damer som promenerte i lyse sommerdrakter og pyntede motehatter.

Det skal ha gått med 200 millionar fuglar i året i den heftigaste perioden, og fleire artar sto i fare for å bli utrydda.

Gatemote på slutten av 1800-tallet

Glad og sommarkledd ung kvinne med parasoll og Tostrupgården i bakgrunnen.

Ved universitetet møtte han flere spaserende – to damer og to herrer – én med skalk på hodet og en annen med flosshatt. Herren i flosshatt kaster et skråblikk etter de to damene.

Legg merke til skråblikket frå herren til venstre.

Brenne­merking på torget i Kongsberg

Her er vi ikkje på det overordna, på opplysnings­tid og romantikken, på 1660 og 1814 og 1884.

Her møter vi mynt­meister Meyer på Kongsberg, som truleg låg søvnlaus under den vakkert dekorerte tre­himlingen i sove­gemakket sitt. I alle fall etter at det blei avslørt at det var for mykje kopar i sølv­legeringa.

Fallet var formidabelt: pisking og brenne­merking på torget på Kongsberg, før tvangs­arbeid venta på Akershus.

Og lurer du på kva som skjedde med kone og barn etterpå, ja, så fortel boka det også.

Her er det embete som går i arv til søner eller sviger­søner. Ambisiøse menn frå enkle kår kunne gifte seg til stand og stilling. Om dei kunne få takk i ei amtmanns­dotter eller til naud ei enke, var framtida så godt som sikra.

Påfallande er også alle dei unge kvinnene som døydde i barsel. Etter sørge­året kom det som regel ei stemor på plass. Folke­eventyra om vonde ste­mødrer får ei ny meining, mann­dottera må lide mens kjerring­dottera skal arve.

Kvinner om bord fører ulykke med seg, men kanskje det ikkje gjeld for kona til kapteinen? Regntøyet kan vere laga av Ingebreth Egenæss frå Arendal, som produserte «Regnklæder». Dottera hans Secunda Emilie, gifte seg med skipskaptein Carsten Taraldsen og segla med han til Amerika på briggen «Søndre Norge».

REGNKLÆDER: Kvinnfolk om bord. Regntøyet kan vere laga av Ingebreth Egenæss frå Arendal, som produserte «Regnklæder». Dottera hans Secunda Emilie, gifte seg med skipskaptein Carsten Taraldsen og segla med han til Amerika på briggen «Søndre Norge».

Skipskaptein Carsten Taraldsen og fru Secunda Emilie med alle dei sju barna rundt seg. Men om ein ser nøyare etter, vil ein kanskje oppdage at dei to minste er montert inn i ettertid. Dei var nemleg døde av difteri då bildet blei tatt. Fotograf Magnus Løvfold i Arendal var også utdanna retusjør. Han har gjort ein god jobb for å samle familien.

FOTOSHOPPING: Skipskaptein Carsten Taraldsen og frua med alle dei sju barna rundt seg. Om ein ser nøyare etter, vil ein oppdage at dei to minste er montert inn i ettertid. Dei var nemleg døde av difteri då bildet blei tatt, og retusjert inn etterpå.

Kvinnen i portrettet er Margery Lawrie (1712–1784), gift med 
den skotskfødte kjøpmannen Andrew Chrystie. Hun fremstår 
som bilde på den gode mor. Ektemannen var stolt av at hun selv 
ammet sine barn – «uncommon in this country» – og var over
-
bevist om at dette var grunnen til at de vokste opp sunne og 
friske. For Margery var det nok også viktig at amming bidro til å 
øke intervallene mellom hvert svangerskap

PREVENSJON PÅ 1700-TALET: Mannen til kjøpsmannfrua Margery Lowrie var stolt over at ho amma, noko som ikkje var vanleg i overklassen. Det er ikkje godt å seie om ho visste at sjansen – eller risikoen – for å bli gravid var mindre under ammeperioden.

Kolonialisme i koppen og i taket

Denne kultur­historiske og biografiske inngangs­porten til historia er ikkje ny, men det er framleis ein god ide.

Ganske særleg fordi bilde­materialet og dei fyldige bilde­tekstane utvidar historiene og set i gang den indre filmen i hovudet til lesaren.

Folk har kinesisk porselens­servise med initialane sine på, korleis ordna dei det? Dei spradar rundt med fjør frå eksotiske fuglar i hatten i den grad at sjeldne artar vart utryddings­truga.

Apekatten er symbol på laster, denne meskar seg i tillegg med frukt som i syndefallet. Men merk: han er i lenkjer og dermed under kontroll.
Detalj frå gipstak med dei fire verdsdelane, 1662

LASTER OG LYSTER: Apekatten er symbol på laster, denne meskar seg i tillegg med frukt som i syndefallet. Men merk: han er i lenkjer og dermed under kontroll. Detalj frå gipstak med dei fire verdsdelane frå 1662. Australia var ukjent for europearane.

Himling

GLO I TAKET: Om myntmeister Meyer sov dårleg om natta, kunne han i alle fall ikkje skulde på takhimlingen i sovegemakket. Asmus Boyesen frå Flensburg stod for arbeidet, som er utført tidleg på 1720-talet.

Tobakken kravde nye møblement, som til dømes pipebord. Skipskaptein Oluf Christian Due skaffa seg dette prakteksemplaret til sommarhuset på Bygdøy tidleg på 18oo-talet. Gjestene kunne forsyne seg med piper og tobakk, men måtte ha med eige munnstykke. Aldri i selskap utan å sjekke at munnstykket ligg på plass i brystlomma.

RØYKEHJØRNET: Tobakken kravde nye møblement, som til dømes pipebord. Gjestene til skipskaptein Oluf Christian Due kunne forsyne seg med piper og tobakk, men måtte ha med eige munnstykke. Aldri i selskap utan å sjekke at munnstykket ligg i bukselomma.

Henrik Christoffer Meyer stal på jobben og blei straffa med brennemerking i 1729, kanskje  med eit jern som dette: Svimerket viser ein dobbel galge. Frå 1789 vart det slutt på brennemerking av tjuvar i Noreg.

BRENNEMERKING: Henrik Christoffer Meyer stal på jobben og blei straffa med brennemerking i 1729, kanskje med eit jern som dette: Svimerket viser ein dobbel galge. Frå 1789 vart det slutt på brennemerking av tjuvar i Noreg.

Dei drikk kaffi med sukker, mens ein engelsk skips­kokk blir sitert frå dag­boka si på at «I never more will drink Sugar in my Tea, for it is nothing but Negroe’s blood.»

Våre folk let tyske hand­verkarar lage stukkatur i taket, med bilde av dei fire verds­delane Europa regjerer, amerikanske urfolk er kannibalar og afrikanarane er natur­barn. Stereo­typiar som har vore seig­liva, og slik kjem aktualiteten inn i verket.

Eit verk som likevel står på eigen bein utan altfor pedagogiske trådar til vår tid.

Johan Andresen med hatten i fanget. Flere steder i bildet kan man se barnearbeidere.

BARN OG TOBAKK: Arbeidarar på Tiedemans Fabrikk i Charlottenberg, fotografert i 1894. Fabrikkeigar Nicolai Andresen i første rekkje med hatt. Andresen flytta sjølv til Sverige med familien for ein periode, av skattegrunnar. Mange av arbeidarane på bildet er barn. Barnearbeid var meir vanleg i Noreg enn i England og USA og i tobakksindustrien var det særleg mange barn.

Foto: Forlaget Press

Vanskeleg å rive seg laus

Her kan vi lese om skatte­flukt til Sverige, barnearbeid i tobakksindustrien, vekslande reglar for kva kvinner kunne og ikkje kunne tillate seg før det heile kulminerer med jubileums­utstillinga i Frogner­parken i 1914, få månader før første verds­krigen braut ut og endra historia.

Ein passe stad å setje punktum.

I «Tidsrom 1600-1914» er ikkje eitt bilde er tilfeldig. Forfattarane veit at lesarane er amatørar, men likevel i stand til å tenkje. Verket er skarpt skore til, mykje er utelate. Nettopp derfor får ein med seg det som står.

Dette er formidlings­kunst på sitt beste.

Les også Snikfotograferte kjendiser på 1890-tallet

Henrik Ibsen-bildet tatt av Carl Størmer i 1890 - og Oslo 2021.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.