Hopp til innhold
Anmeldelse

Heltar og skurkar i Sápmi

Romanen «Stjålet» skildrar ein kamp mellom den gode og den vonde på ein måte ein sjeldan ser i vaksenlitteraturen.

Bilde av forfatter Ann-Helén Laestadius med bokomslaget av sin bok Stjålet

TYDELEG BODSKAP: Romanen «Stjålet» av Ann-Helén Laestadius er ein typisk tendensroman, der overgrep mot samar er temaet.

Foto: Thron Ullberg/Aschehoug
Bok

«Stjålet»

Ann-Helén Laestadius

Oversatt av Gøril Eldøen og Magne Tørring

Skjønnlitteratur

2022

Aschehoug

Ann-Helén Laestadius går kraftfullt inn i bitre konfliktar på ein ikkje namngitt stad i nord-Sverige: Her står samar mot fastbuande og reindriftssamar mot samar utanfor næringa. Det er kamp om rettar, ressursfordeling og historie. Det går på livet laus.

På omslaget blir det forklart at Laestadius har «sine samiske og tornedalske røtter i Nedre Soppero» og ho kjenner truleg denne typen konfliktar godt.

Det kan jo vere ein fordel, men her blir forfattarens iver og rettferdige vreide ståande i vegen for den viktige historia.

Oversette overgrep

Hovudmotstandarane er Elsa og Robert. Elsa kjem frå ein reindriftsfamilie. Ho er dyktig med reinen, har empati med dei fleste og handlar til ei kvar tid ut frå det ho trur er best for familien og reindrifta.

Robert er ein generasjon eldre. Han er svensk, trygda etter ein skade han pådrog seg i fyllekøyring, og ikkje minst er han reintjuv. Han finn dessutan stor glede i å pine og plage reinen, sende stygge meldingar til Elsa og elles oppføre seg generelt trugande overfor dei samiske i bygda og då særleg reindriftssamane.

Dei to møtest første gongen då Elsa (9) kjem over Robert nett når han tjuvslaktar reinkalven Nástegállu, hennar aller første og høgt elska.

Robert og dei dårlege venene hans får herje fritt i mange år, mens politiet alltid er ein annan stad, eller overser heilt sentrale bevis: du er ikkje topp motivert for oppklaring av ei sak når du funderer på om ein rein med kulehol i panna kanskje har lidd ein naturleg død.

Helt og skurk

Denne vedvarande stillingskrigen er utmattande for Elsa. Den er også utmattande for lesaren, ettersom det blir overtydeleg kvar vi skal leggje sympatien vår.

Eit anna skjemmande trekk ved romanen er at forfattaren forklarer alt som skjer. Det finst ingen opningar som lesaren sjølv kan fylle inn.

Laestadius har bakgrunn som barne- og ungdomsbokforfattar. Den tydelege typeteikninga og tendensen til overforklaring kan kanskje henge med frå arbeid med denne sjangeren.

Eit meir fargerikt bakgrunnsbilde

Men dermed er ikkje alt sagt om «Stjålet». Rundt dei to antagonistane teiknar forfattaren eit breiare bilde som er meir dynamisk: Dei fleste svenskane er passivt skeptiske både til Robert og til reindrifta.

Reindrifta på si side lever med dilemma kring tradisjon og modernisering. Mora til Elsa som ikkje er same må tole skepsis ikkje minst frå svigermora som blir svært så fritalande etter kvart som ho glir inn i seniliteten.

Portrettet av denne gamle kvinna, Elsas «áhkku» er blant dei finaste i romanen: Ho har laga sin eigen religion som er ei god blanding av folketru og kristendom, ho følgjer sine eigne reglar i trafikken og er aldri redd for å seie frå – kanskje litt for lite redd til tider.

Ho er eit samansett menneske, og àhkkus siste møte med reinflokken er gripande. Elsa elskar henne og må likevel ta avstand frå ting ho står for.

Men Elsa og áhkku deler ein stor kjærleik til alle dei åtte årstidene og til livet med reinen gjennom heile året. I glimt får boka fram kvifor reindriftssamane held ut trass alt.

Romanen får også mot slutten ei heldig spenningskurve, heldig også fordi Elsa får ei ripe i lakken og blir meir menneskeleg.

For insisterande

Eg tvilar verken på samehets eller tjuvslakting. Spenningar mellom reindriftssamar og andre i lokalmiljøet er ikkje ukjent på norsk side heller.

Bakom kling ei lang historie om undertrykking av eit folk og ein kultur.

Problemet i romanen ligg ikkje i alt dette, det ligg i måten historia blir fortalt på. Heltehistorier er problematiske, same kor god sak helten kjempar for.

Dessutan – når eg under lesinga føler meg som ein tungnæm elev som må ha historia inn med teskei, då stretar eg mot.

Om Laestadius i seinare romanar opnar opp slik at lesaren kan få meir rom til å tolke teksten, kan dette bli eit viktig forfattarskap.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Alle anmeldelser og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: