Hopp til innhold
Anmeldelse

Bror mot bror

Dei overnaturlege elementa blir forstyrrande i ei elles sterk skildring av arbeidar­kamp i Nord-Sverige.

Den svenske forfattaren Mikael Niemi og omslaget på boka hans, "Stein i silke".
Foto: Peter Knudson/Forlaget Oktober
Terningkast 4 Bok

«Stein i silke»

Mikael Niemi

Oversatt av Erik Krogstad

Roman

2024

Forlaget Oktober

Skal ein sette merkelappar på forfattarskapen til Mikael Niemi – noko ein strengt tatt aldri skal gjere på god litteratur – må det bli geografi og historie.

Staden han skriv om er Pajala i Norrbotten, rett nok med nokre avstikkarar til andre plassar.

Tida han skriv om, ho kjem og gjeng; Niemi knyter notid og fortid saman, både i denne siste romanen, og i den førre, «Koke bjørn», der presten Læstadius hadde ei sentral rolle. Boka blei ein bestseljar både i Sverige og her i Noreg.

Også der låg det eit mysterium som sakte vart nøsta opp.

Løyndomar i fortida

Ein mørk novemberdag finn ein gravemaskinførar beinrestar etter eit menneske i ei myr i Nord-Sverige. Kven er dette? Og kva har skjedd?

Dette er byrjinga av «Stein i silke». Tittelen har ei heilt konkret tyding som eg ikkje kan røpe utan å seie for mykje.

Den spelar også på grunnleggjande tema i boka; her står hardt mot mjukt, fattig mot rik, stygt mot vakkert.

Kunst nå 29.05.01

PÅ HEIMEBANE: Eit gamalt bilete av Mikael Niemi i Pajala i Nord-Sverige, ved grensa til Finland. Her har forfattaren vakse opp.

Foto: Odd Syse / NRK

Og stygt skal det bli, når naboar og familiar vert sette opp mot kvarandre.

Frå samtida blir lesarane kasta hundre år attende i tid, til krangelen mellom brørne Wilhelm og Eino Vanhakoski. Den første arvar garden til foreldra, den andre må klare seg som best han kan som husmann, eller torpar. Han eig ikkje anna enn si eiga arbeidskraft.

For den som har, han skal gis, og han skal ha overflod; men den som ikke har, fra ham skal endog tas det han har. Det ordet hadde Eino fått sanne fra første stund.

«Stein i silke» av Mikael Niemi

Heldigvis har Eino vakre Saara med seg på livsferda, jenta som Wilhelm også trakta etter.

Ho sa ja til den fattige, men lystige broren, og det var vel den eine gongen i livet Eino hadde flaks.

Solid om streik

Men det er meir som skal splitte brørne. Dramatikken i romanen byggjer seg opp kring ein streik på 1930-talet.

Dei fattige torparane får tilbod om å rydde kvar sin strekning skog til ein ny veg gjennom kommunen. Løna er knapt til å leve av. Til slutt går arbeidarane saman til streik i protest mot jordeigarane og vegstyret.

De var så mange at vinteren fulgte med, de bar med seg kulden i klærne. Rabalderet fulgte korridoren fram til møtesalen, der de veltet inn med rim i luer og øyebryn og røde i kinnene etter å ha gnidd seg med vottene. En grå og mumlende vegg som intet menneskelig kunne stanse. Inn klampet botforer, beksømsko, nebbstøvler og vinterplagg som luktet tjære og myrmarker, og feide med seg snø innover det bonede gulvet.

«Stein i silke» av Mikael Niemi

Mikael Niemi skriv med stor presisjon om den brutale fattigdomen, men han skriv også godt om jordeigarane si redsle for kommunismen. Han argumenterer for ulike syn utan å skape tvil om kor han sjølv har hjartet sitt.

Med «Stein i silke» hentar han fram ei viktig side av den nære historia. Når teksta spring fram og attende, viser Mikael Niemi også korleis vi alltid er prega av dei som har gått føre. Hendingar i notida får konsekvensar for framtida.

«Koke bjørn» som samisk teater: «Trivelig krim»

Fra teaterforestillingen «Koke bjørn».

Niemi insisterer på at mennesket ikkje er aleine, men eit ledd i ein lang, historisk tråd. Det du gjer her og nå, er viktig for fellesskapen og for dei som kjem etter oss.

Eg likar at forfattaren ikkje gir oss ein lettvint, lukkeleg slutt. Eg sett også pris på den nitide skildringa av fysisk arbeid, av reiskapar, skog og vatn.

Forstyrrande magi-element

Eg er derimot ikkje overtydd om at dei magiske elementa han diktar inn, styrkar forteljinga.

Siw, ein av etterkommarane etter brørne, er synsk og kan sjå når nokon skal døy. Kan hende vil Niemi understreke at folk frå nord tradisjonelt har hatt tette band til naturmytologi og overnaturlege krefter. For meg blir det heller stigmatiserande.

Konflikten mellom brørne er heller ikkje original. Rike Wilhelm er vond gjennom heile boka. Det svekkjer det litterære, om enn bodskapen blir tydeleg.

Les også 15 bøker å sjå fram til i vår

Montasje for bøker å glede seg til 2024

Gnistrande scener

Når det er sagt: Mikael Niemi er ein erfaren forteljar som iblant skriv fram scener så dirrande visuelle at dei kunne gått rett til filmen.

I ein epilog takkar han to forfattarar som har skrive om streiken. Begge er med i boka under eige namn. Elles er romanen fiksjon, trass i at han tek fart frå faktiske hendingar og tilhøve i vesle Pajala i mellomkrigstida.

«Stein i silke» er ein roman om sosiale skilnader, om arbeidarkamp, framtidshåp og om familiar som fell frå kvarandre. Niemi gir eit uforfalska og lærerikt bilde av ei tid som ikkje er altfor langt unna vår eiga.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Les gjerne saka mi om Emil i Lønneberget. Gode bøker eg har lese i det siste, er «Den barbeinte kvinnen» av Scholastique Mukasonga og «Hafni forteller» av Helle Helle. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saken, og tips til gode barnebøker finn du her.

Endringslogg 15.02.2024 kl 10:24: Formuleringa «fantasy-elementa» i ingressen endra til «dei overnaturlege elemena», og mellomtittelen «Forstyrrande fantasy-element» endra til «Forstyrrande magi-element».