Hopp til innhold
Anmeldelse

Insisterande klimaroman

«Drømmen om et tre» er full av biologiske fakta. Men er det mangel på kunnskap som hindrar oss i å handtere klimakrisa?

Maja Lunde og omslaget til 'Drømmen om et tre'

INSISTERANDE: Maja Lunde tek oss med til framtida for å vise oss kor gale det kan gå dersom vi ikkje endrar kurs. Store mengder kunnskap skal underbyggje påstandane. Dessverre gjer all informasjonen romanen overtydeleg og inisisterande.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez/Aschehoug
Bok

«Drømmen om et tre»

Maja Lunde

Roman

2022

Aschehoug

Dei tre første bøkene i den såkalla «klimakvartetten» har gjort Maja Lunde til ein internasjonal forfattar med ein imponerande lesarskare. Kombinasjonen av grundig kunnskap og velfungerande spenningskurver har falle i smak hjå lesarar verda rundt.

Årets bok føyer seg inn i mønsteret, og det er all grunn til å tru at lesarskaren står klar til å ta i mot.

Men er det god litteratur? Og motiverer bøkene oss til kamp mot krisa?

Adam og Eva på Svalbard

I «Drømmen om et tre» er handlinga lagt til Svalbard, om lag tre generasjonar fram i tid. Øysamfunnet lever i pakt med naturen og passar på frøkvelvet der enorme mengder frø frå heile verda ligg lagra djupt inne i permafrosten.

Heilt til ein dødeleg pest slår ut nesten alle. Tilbake er tenåringane Tommy og Rakel og tre mindre barn. Ei tid heng også farmora til Tommy med. Ho er sjølve vaktaren av frøkvelvet.

Kva skal dei fem siste gjere? Skal dei leve som før til dei døyr? Skal dei to 17-åringane lage barn og bli Svalbards svar på Adam og Eva? Eller skal dei prøve å tilkalle hjelp? Det siste krev kløkt i det som tydelegvis er eit postdigitalt samfunn utan kontakt med omverda.

Spenninga i romanen knyter seg til dette temmeleg vaksne problemet, som ikkje blir enklare av at Tommy og Rakel ser svært ulikt på det meste, inkludert kva dei skal gjere.

Tidleg i romanen kjem ei gruppe kinesarar på banen. Dei er temmeleg gira på frøkvelvet. Historia følgjer tett på Tommy frå Svalbard og Tao frå Sichuan som får kvar sine kapittel. Om namnet Tao verkar kjent, så var ho også med i «Bienes historie».

Insisterande og bildefattig

Maja Lunde skriv tendenslitteratur. Ho vil få lesarane til å forstå klimakrisa, for så vere med på å berge det som bergast kan. Og ho vil vise at dette kan vi berre få til saman.

Det er eit prisverdig prosjekt. Men tendenslitteratur har ein lei tendens til å fokusere så heftig og direkte på saka at lesaren blir utmatta heller enn inspirert.

Denne kritikken råkar bøkene til Maja Lunde i varierande grad, lat meg halde meg til «Drømmen om et tre».

Farmor held lange leksjonar til Tommy om frø og om dei store samanhengane. Ofte svarer Tommy med trass. Eg må vedgå at eg kjenner på det same. Kunnskapen er for svakt integrert i handlinga.

Personteikning er ei anna fallgruve for tendensforfattarar. Dei skal representere ulike posisjonar for å få bodskapen tydeleg fram. Så også her.

Språket er forunderleg flatt, generelt og bildefattig. Barna leikar og alle et mat. Eg ser ikkje ein gong for meg fjella på Svalbard. Teksten døyr litt mellom spenningstoppane.

Hver dag gikk han til driv­huset. Plantene i sommer­rommet levde etter sine egne sesonger, over­lappende og på kryss, hver plante hadde sin sesong, avhengig av når den var sådd. Mens Rakel var den som sørget for kjøtt, kom Tommy daglig hjem med grønn­saker og bær.

Maja Lunde: «Drømmen om et tre»

Å tale til hjarte eller hjerne

Det er nettopp spenningskurva, saman med kunnskapen, som skal bere denne romanen.

Eg tenkjer: Vi veit at det er klimakrise. Det er ikkje mangel på informasjon som hindrar oss i å handle. Og eg tenkjer vidare på Kerstin Ekmans nyaste roman «Løpe ulv».

Dei to forfattarane deler uroa over at mennesket forarmar naturen. Men der Lunde er generell, er Ekman spesifikk. Ho nemner plantar og dyr ved namn, ho stiller seg nær og let oss sjå, lukte, kjenne og kjenne att. Trongen til å verne veks fram i lesaren, utan at Ekman gnir det inn.

Ikkje alle må skrive som Ekman, men kontrastane mellom dei to bøkene viser kvar det buttar litterært hjå Lunde.

Likevel: Dersom romanane til Lunde manar lesarane til handling trass i sine svake sider, er ingenting betre enn det.

Gjør research på Svalbard – En våt drøm!

Maja Lunde på Svalbard

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.