Artisten Abdulhakim Hassane, eller Hkeem som han er betre kjend som, står åleine på scena til Det Norske Teatret i Groruddalen.
Scena er svart, over han heng ein diger lysring, ein glorie eller halo som sakte senkar seg ned over han.
Tankane går til Beyoncé (sjølvsagt), men òg til forventningane som legg seg rundt ein som står i eit slikt skin – ramma inn av ein glorie som vrenger ut alt andre trur du er og vil du skal vera.
Korleis er det å vera den som står i midten der og kjenner all merksemda retta mot seg og vita at du skin – i alle fall på utsida?
«Jeg holder det ekte», syng Hkeem, lar ringen trekka seg opp att og fortel korleis ting eigentleg er der på innsida.
VELLYKKA GREP: – Eg kan sjå din halo, syng artisten Beyoncé – og Hkeem tek ho på ordet. Lysringen signert scenograf Dordi Strøm er ein liten genistrek i framsyninga.
Foto: Dag Jenssen / Det Norske TeatretVedkjenningsteater
Frå tid til anna klatrar kjendisar av ymse slag opp på teaterscener i Noreg for å fortelja korleis dei har det, korleis dei kom seg dit dei er i dag – og kva det har kosta.
Det er ein effektiv måte for teatera å lokka nye publikumsgrupper til seg på, for mange kjendisar har trufaste følgjarar som lett vert med dei frå ein plattform til ein annan.
Særleg spanande kunstnarleg sett er det rett nok ikkje alltid desse framsyningane er. Ofte har dei ein eim av sjølvhjelp hengande ved seg.
Forteljinga er opplagt (livet er vanskeleg, men det går bra til slutt), og det endar ofte opp som biografisk vedkjenningsteater spelt ut av ein person som ikkje nødvendigvis er skapt for å stå på ei teaterscene og spela seg sjølv.
INNLEVING: Abdulhakim Hassane har kontroll når han står på scena – nærværet er det ikkje noko å seia på i teaterframsyninga der han speler seg sjølv.
Foto: Dag Jenssen / Det Norske Teatret«Abdul ≈ Hkeem» er betre enn andre slike framsyningar fordi Hkeem får tid og rom til å vera artisten han er kjent som.
Det gjer han trygg på scena, han treng ikkje jobba hardt for å få energien til å stiga hjå publikum, og slik eig han teaterrommet naturleg – i mykje større grad enn Else Kåss Furuseth og Bjarte Tjøstheim til dømes klarte med sine soloframsyningar.
Hkeem har ein fin fart og flow i det han gjer frå teaterscena.
«Abdul ≈ Hkeem» er eit slags musikkteater der songane og teksten er godt integrerte og trekker i same retning.
HENDA I VÊRET: Ikkje vanskeleg å få energien opp hjå publikum for Hkeem. Framsyninga om han, «Abdul ≈ Hkeem», vert spelt på Det Norske Teatret i Groruddalen.
Foto: Dag JenssenNynorsk?
Forteljinga er ulik den som kjem frå etablerte, godt vaksne artistar med hjartet i handa.
Hkeem er fødd i 1997, og historia han fortel, har ikkje den store, vaksne krisa i seg. Det er ei forteljing som vil klinga godt hjå dei som er jamgamle med han sjølv, mellom anna fordi ho er prega av mimring til ein barndom på 2000-talet.
Hkeem går aldri djupt inn i hendingar frå barndommen, men dei er viktige referansar og minne.
Her er inga stor livskrise som vert bretta ut, i staden fortel Hkeem om korleis det er å vera ein gut frå Stovner som kjenner på forventningar og press, og som framleis gjer det.
Han vart ikkje tannlege, lege eller advokat, men gjorde greia si – og for han gjekk det bra. Forteljinga om han er prega av balansen mellom tvil, forventningar og ansvar.
Her er lite nynorsk. Hkeem snakkar si dialekt frå aust i Oslo – og dei få innslaga av nynorsk som kjem på voiceover, kjennest oppstylta og merkelege.
Kunne Det Norske Teatret klart seg utan denne gongen?
TRE VENNER: Mimmi Tamba (til venstre) og Fabian Svegaard Tapia (til høgre) speler barndomsvennene til Hkeem (i midten). Saman mimrar dei om leikar som boksen går, tida med pokémon-kort og korleis artistkarrieren starta.
Foto: Dag Jenssen / Det Norske TeatretKontroll under huda
Forteljinga til Hkeem har heller ingen klar fiende – anna enn han sjølv. I staden er det meir som at fleire moment kvar for seg og i sum vert kompliserte for han.
Ein kjem heller ikkje ordentleg under huda på det verkeleg vanskelege i livet – men det kjennest likevel som at ein kjem under huda på personen Hkeem.
Så kan ein seia at han kanskje ikkje snakkar hardt nok om rasisme, til dømes. Men her hjelper dramaturgien han.
Songane er godt integrerte i forteljinga, særleg gjeld det plasseringa av låten «Ghettoparasitt». Når ho kjem, slår teksten tungt inn i publikum.
INVITERER OSS INN: Hkeem går aldri detaljert og tungt inn i problema sine, men ein kjenner at ein kjem litt under huda på han likevel i framsyninga «Abdul ≈ Hkeem» ved Det Norske Teatret.
Foto: Dag Jenssen / Det Norske TeatretSjølve teaterteksten kunne vore røska litt meir i. Kjærleikssorg som kjem litt ut frå det blå er ikkje så spanande, og når Hkeem drysser roseblad over scena, er det berre å helsa klisjéen velkommen.
Men Hkeem står i det.
MUSIKKTEATER: Hkeem gjorde greia si, og for han gjekk det bra. «Abdul ≈ Hkeem» er ei forteljing som vil klinga godt hjå dei som er jamgamle med han sjølv
Foto: Dag Jenssen / Det Norske TeatretSjølv om han ikkje er skodespelar, står han godt jorda på scena, og han gjer framsyninga til si gjennom musikken. Han stressar ikkje, men går heller ikkje ut av sitt gode skinn.
Imaget er på plass, sjølv om han opnar seg opp. Han har kontroll, men på eit ope og ærleg vis.
Vedkjenningsteater med senka skuldrer kan ein kanskje kalla det.
Og å få til det er eigentleg ikkje så verst.
Hei!
Eg melder scenekunst og litteratur for NRK. Les også meldingane mine av «Ikkje ein lyd» ved Det Norske Teatret, «Prima Facie» ved Riksteatret eller «Jævla hetero» av Kim Torrejas.