Samfunnsøkonom Maria Reinertsen er ein skribent utanom det vanlege. I Morgenbladet skriv ho om økonomi og politikk med referansar frå dei fleste andre journalistiske felt, kanskje med unntak for sporten.
I 2010 debuterte ho som forfattar med «Ligningen for lykke» der ho mot same vidtfemnande horisont punkterte sosialøkonomiske «sanningar», som for eksempel den om handlingsregel.
Når Maria Reinertsen nå gjev ut ei bok med tittelen «Henriette Schønberg Erken», er det god grunn til å gle seg.
Kunne stått i mange slags historiehyller
«Biografi» hevdar forlaget. Medan forfattar sjølv ser ut til å tvila på sjangerplasseringa og kallar boka «En norgeshistorie sett fra kjøkkenbenken». Og sjølvsagt er det forfattaren som har mest rett, for denne boka kunne stått i mange slags historiehyller.
Livsskildring finst sjølvsagt i denne boka om ei av norsk kokelitteraturs store navn. Det Reinertsen har funne ut om Schønberg Erkens livslaup frå 1866 til 1953 utgjer ein av trådane gjennom boka. Men andre bindestrekshistoriar enn personhistorie, fyller meir på dei vel to hundre tekstsidene.
Ernærings- og mathistorie er dette i fullt monn, både i naturvitskapleg og kulturhistorisk forstand. Med dei enkelte oppskriftene, menyane og gryande kunnskapar om næringsinntak får vi ei noregshistorie som går frå overdådige overklasseselskap og trøffelforbruk i øvre middelklasse først på 1900-talet, til fornuftige og utjamna etterkrigsmenyar for folk flest.
Bok- og litteraturhistorie er dette også. Reinertsen følgjer tett Schønberg Erkens forfattarskap, og då særleg forminga, mottakinga og utviklinga av «Stor kokebok», den som berre går under navnet «Schønberg Erken». Den bokstaveleg talt store boka er kommen i tjue utgåver frå 1912 og kjem framleis ut i faksimiler.
Utprøvande, lett og kompetent
Vi får også velvalde innblikk og opnande analysar av Erkens mange mindre utgjevingar, ikkje minst kjøkkenalmanakkane som Reinertsen kreativt omskaper til periskop inn i mellomkrigstidas vitaminoppdagingar og krisekjøkken.
Teksten på kokeboksidene meir enn livsløpet, er det prismet Reinertsen ser gjennom når ho synleggjer ei ny historie om Noreg i dei meir enn hundre åra som er gått sidan professordottera Henriette Schønberg blei husstellærar på ein pikeskole og skapte seg om til den «Schønberg Erken» som blei normsetjande for pent og fornuftig hushald i landet i meir enn ein mannsalder.
Økonomisk historie er ei fjerde sjangerhylle ein kan setja Reinertsens Schønberg Erken i. Kroneksempelet er måten Reinertsen gjennom fattigmannsoppskrifter og statistikk over eggekonsumet i norske familiar belyser skilnadene mellom rik- og fattigmenn, og Schønberg Erkens innsikt – eller manglande innsikt – i folks levekår i det tidlege nittenhundretalssamfunnet.
Talet på egg i fattigmannsoppskriftene blir i Reinertsens tekst eit illustrerande og underhaldande mål på dei økonomiske konjunkturane og på Erkens evne til å tilpassa seg desse.
Ein lang tråd i boka er også sosiologisk eller samfunnsgeografisk, korleis middelklassen veks og korleis Schønberg Erken bidrar til at husmorrolla trer fram som ei heltinnerolle i det moderne samfunnet. Reinertsen gjev Erken medansvar for at dei gifte kvinnene kunne støytast ut av arbeidslivet i mellomkrigstida og for husmorifiseringa av Noreg i den tidlege etterkrigstida.
Sist, men ikkje minst, kunne Maria Reinertsens Schønberg Erken vore plassert i hylla for essayistikk. Reinertsen har sin særeigne skrivestil som nærmar seg tunge emne på ein måte som er utprøvande, lett og samtidig kompetent. Ho skrellar seg lag på lag inn mot kjernen i eit sakskompleks, samtidig som ho kjem med personlege utbrot, illustrerer med eigen families mathistorie og gjer overraskande avstikkarar som kastar lys over emnet frå endå ein ny kant.
Av og til spring ho i så ulike retningar at historikaren i meg lurer på kva ho vil fram til, men på dei aller fleste sidene fører skrivemåten hennar til ny innsikt, og då er digresjonane rettferdiggjort.
Rik tekst om sentrale utviklingstrekk i landet vårt
Boka om noregshistoria sett frå Maria Reinertsens skrivebord og kjøkkenbenk, og gjennom Henriette Schønberg Erkens liv og forfattarskap er på vel to hundre sider og kunne gjerne blitt lenger.
Etter min smak kunne boka vore spekka med meir litteraturhistorisk og samfunnsgeografisk kontekst. Schønberg Erken debuterte som kokebokforfattar på 1890-talet, ei blomstringstida for norsk kokelitteratur. Ho var ikkje åleine, men del av ein forlagstrend.
Vi kunne gjerne fått vita meir om kva som skil henne frå dei mange andre som forfatta kokebøker på denne tida. Og vi kunne fått ein breidare analyse av kvifor bøker om mat og meny og bordskikk og -bruk blei så populære frå 1890-talet av. Reinertsen forklarer mykje med at tenestejenter blei vanskelegare å få tak i.
Andre har i sterkare grad enn Reinertsen knytt fenomenet til middelklassens vekst og omseggripande livsstilshegemoni, noko som truleg har vel så stor forklaringskraft også for tida frå 1912 då Schønberg Erkens «Stor kokebok» kom ut første gong.
Desse sakna svekkar likevel ikkje min hovudkonklusjon:
Maria Reinertsens noregshistorie sett frå kjøkkenbenken er ei god, delikat og underhaldande bok. Ein rik tekst om sentrale utviklingstrekk i landet vårt. Ei bokhylle krydra med oppskrifter på både byggraut, valnøttkake og råd for den som skal drepa ei skilpadde.
Meld av Arnhild Skre.