Ein deltakar på Bergen City Marathon fekk livreddande førstehjelp i målområdet.
Politiet fekk melding om at det pågjekk hjarte- og lungeredning på staden rundt klokka 12.30.
– Vedkommande har fått helsebistand og har blitt køyrd til akuttmottaket på Haukeland sjukehus med ambulanse, seier Operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.
Personen var ved bevisstheit då vedkommande blei køyrd bort.
BT skreiv om hendinga først.
Tage Morken Augustson frå Varegg Fleridrett kom først i mål på Bergen city marathon med tida 2.27:36. Det skriv BT.
Han løp med ein gjennomsnittsfart på 3:30 min/km.
Renate Galleberg var første kvinne i mål på tida 2.52.40.
Marius Garmann Sørli var første mann i mål på halvmaratonet. Han løp på tida 1.09.36, mens Ina Rilvaag var første kvinne med tida 1.17.23.
En mann i 50-årene ble sendt til sykehus for sjekk etter at det brøt ut brann i et leilighetsbygg i Årstad i Bergen natt til lørdag.
Mannen skal ha blitt eksponert for røyk, opplyser operasjonsleder Dan Erik Johannessen til NTB.
Totalt seks personer ble evakuert fra adressen. Ingen av dem hadde synlige tegn på fysiske skader.
Stalheim- og Sivletunnelane på E16 mellom Voss og Gudvangen er stengt fordi ein bil med campingvogn har stansa opp midt i vegbanen og sperrar vegen. Det er uklart kor lang tid det vil det å få opna vegen, opplyser vegtrafikksentralen. Politiet skal vere på veg.
Denne veka gjekk det store konsernet Agder Gruppen konkurs. Selskapet skal vere ein stor leverandør av tungt tunnelutstyr til Sotra Link, som bygger Sotrasambandet mellom Bergen og Øygarden kommunar.
– Det er førebels uklart kva konsekvenser dette får for oss, seier kommunikasjonsleiar Gunn Eklund Breisnes i Sotra Link til Bergensavisen.
Ho seier dei jobbar med konkursboet for å avklare konsekvensane.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.