Hopp til innhold

Hind (10) trengde frisk luft, da slo raketten ned

Førre søndag sa Hind til mor si at ho trengde frisk luft og ville gå ein rask tur ut på verandaen. Utan forvarsel slapp eit fly ein rakett over nabohuset deira nær Gazastripa. I Volda sit tante og onkel og sørger over tapet.

Hind Abu Harbid

Ti år gamle Hind skulle berre få seg frisk luft då ei rakett trefte nabohuset i Gaza.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Jann

Uthman Abu Harbid og kona Alaa følger konflikten tett frå Volda.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Vi tenker om vi følger med på situasjonen frå begge sider, så får vi vite heile sanninga om det som skjer, seier Uthman Abu Harbid.

Han og kona, Alaa Abu Harbid, er tante og onkel til ti år gamle Hind Abu Harbid som miste livet i Gaza søndag.

– Området dei bur i er så farleg at sjukebilen brukte lang tid på å kome seg dit. Dei fekk frakta ho til sjukehuset etter kvart, men livet stod ikkje til å berge, seier Uthman.

Dei sit heile dagane og kveldane i Volda og følger med på både palestinske og israelske TV-kanalar for å få det heile biletet.

Vanskeleg situasjon

– Det er vanskeleg å vite at familien sit der nede, midt i skotlinja, seier Uthman.

Sjølv om det blir snakka om mogleg våpenkvile på norske kanalar, høyrer dei på telefon med familien at situasjonen er ein heilt annan.

Der høyrer dei bomber og rakettar rundt seg heile tida.

– Den siste veka høyrer vi at over 1300 personar har blitt skada. Det er ikkje små skader. Det er store skader, folk som mister eit eller to bein. Dei kan ikkje sjå og vil ikkje fungere for resten av livet, seier Uthman.

– 500 av desse var barn. I dag tidleg såg eg på tv ei jente som var 4 dagar gamal som vart skada. Det er heilt forferdeleg å sjå, held han fram.

Har mista 20 personar

Alaa skrik heile tida, Uthman klarer ikkje å skrike. Han har mista 20 personar i familien i krig. No er dei råka igjen.

Hind

SPESIELL: – Hind var heilt spesiell, seier Uthman.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Hind var heilt spesiell, seier Uthman.

Han er tydeleg prega av alt som har skjedd.

– Ho var den aller smartaste, finaste og mest sosiale av oss alle. Ingen var så flink på skule som ho, seier han.

Sjølv hadde han nyleg prata med Hind på telefonen.

– Ho spurte meg om vi ikkje kunne ta ho med til dette fantastiske landet Noreg som vi snakka om, seier Uthman.

– Familien har mista ein engel, det gjer så frykteleg, frykteleg vondt, fortel han til NRK.

Dei har heile familien sin i nord- Gaza nær Gazastripa. Familien hans er i dag flyktningar i Gaza, men kjem eigentleg frå det området som er midt i Israel no. Frå Jaffa, der dei hadde appelsintre og hadde det bra.

Saka held fram under videoen ...

Hind sa til mor si at ho trengde frisk luft og ville gå ein rask tur ut på verandaen. Utan forvarsel slapp eit fly raketten over nabohuset søndag nær Gazastripa. I Volda sit tante og onkel sit tante og onkel og sørgar.

Det er vanskeleg å følgje situasjonen for Alaa og Uthman Abu Harbid. Dei mista Hind Abu Harbid søndag. FOTO: Jannicke Susann Farstad/NRK

– Det er ikkje plass

For tre dagar sidan ringde israelsk militær og sa at familien og 100.000 andre som bur i området må reise frå husa sine.

– Men kvar skal familien min reise? spør han.

1.7 million menneske bur no på ein plass som er mindre enn Oslo kommune.

– Korleis kan vår familie og 100.000 andre flytte dit, der er ikkje plass. Familien vår tenkjer at «dersom vi reiser dit kjem vi nok til å døy, blir vi her kjem vi sikkert til å døy». Då vel familien vår å vere der dei er.

Han seier at palestinarane no bur på fem prosent av det som dei ser på som deira land.

– Heile verda, gjennom FN, er einige om at palestinarane skal ha 22 prosent av sitt land, men det er ikkje det som skjer. Den einaste sjansen vi har er at verdssamfunnet klarer å stoppe Israel, meiner Uthman.

Uroa for utviklinga

Tante, onkel og søskebarn

Alaa og Uthman Abu Harbid som er tante og onkel til Hind Abu Harbid. Her saman med barnet deira Sam.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Uthman er uroa for korleis framtida vil sjå ut for dei som bur i dei utsette områda.

– Folk eg har snakka med har mista alt, og då har dei ingenting å tape meir seier han.

Han trur det berre vil bli verre og verre i tida framover.

– Dersom dei føler at dei ikkje har noko att å tape, vil dei mest sannsynleg forsvare seg med alt dei har, uansett kva det er, seier Uthman.

– Dei føler at dei kjem til å døy uansett kva som skjer, held han fram.

Har ingenting

Alaa ammar sitt nyfødde barn Sam heime i stova deira i Volda. Ho kom til Norge for fem månader sidan og fødde sonen Sam her i Norge.

Ho er glad for at barnet har det trygt i Volda, men det einaste ho klarer å tenkje på no er Hind. Ho synest det er vanskeleg å sete å sjå på det som skjer i heimlandet.

– Familien har ingenting av det som dei treng for å leve, og seier det er verre i Gaza no enn under krigen i 2009, fortel ho.

Hind vart gravlagd onsdag, men nesten ingen kunne vere med i gravferda.

– Folk er redde for å vere i lag, redde for at fleire i familien skal blir treffen av nye angrep, fortel onkelen og tanta i Noreg.

Så lenge det er religiøse folk som styrer trur Uthman krigen aldri vil stoppe.

– Eg trur på min Gud, men eg synest religion er det verste vi har i 2014. Hind og mange andre barn blir drepne på grunn av menneske si tolking av religiøse tekstar. Det er frykteleg og heilt meiningslaust, seier Uthman.

No lurer han på kor mange som må døy før det skjer noko.

– Nok er nok, seier han og rister på hovudet.