Hopp til innhold

Dette er dei mest leste sakene i 2016

Saka om Therese Ekroll Blindheim som vart hengt ut av bakeriet då ho klaga på dåpskakene, er den mest leste saka frå NRK Møre og Romsdal i 2016. Sjå resten av lista her.

Mest leste saker

Dette er blant dei meste leste sakene i 2016.

Foto: NRK/privat

2016 har vore eit spennande og innhaldsrikt år i Møre og Romsdal, der tema som blant anna region- og kommunereforma, krisa i offshorenæringa, sjukehussaka, det rasfarlege fjellpartiet Mannen, Slinningsbålet og fotball med opprykkskampen har prega nyheitsbilete.

Nokre saker har irritert eller engasjert oss, medan andre har gitt oss ein god latter eller håp. Her er dei 10 mest leste sakene i 2016:

1. Vart hengt ut av bakeriet

Valaker bakeri og kake-stunt
Foto: Skjemdump fra Facebook

Artikkelen som troner øvst over dei mest leste sakene frå Møre og Romsdal i 2016 er saka om Therese Ekroll Blindheim frå Tennfjord som vart sjokkert over behandlinga ho fekk då ho klaga på to dåpskaker.

Bakeriet meinte at det ikkje var noko gale med kakene og delte ut smaksprøver for å vise at ho tok feil. Dei la så ut innlegget på Facebook, noko som skapte mykje debatt.

Saka har no nesten 230.000 visingar, og du kan lese saka her dersom du har gått glipp av den:

2. – Rauma-lensmannen stoppa Top Gear

Lensmann i Rauma Andreas Hustad

Lensmann i Rauma Andreas Hustad nekta å ta skulda for Top Gear-avlysinga.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Saka om at lensmannen i Rauma stoppa Top Gear-teamet som skulle filme i Møre og Romsdal den siste maihelga i 2016, er den nest mest leste saka frå NRK Møre og Romsdal.

Årsaka til at Top Gear avlyste innspelinga skal ha vore at lensmannen ikkje ville gi dispensasjon frå fartsgrensene på stadane der vegen skulle stengast for filming.

Lensmannen gjekk seinare ut og nekta å ta skulda for avlysinga.

– Eg sa ja til filming og vegstenging på den svingete vegen. Men eg har ikkje fullmakt til å seie at nokon kan gjere lovbrot, sa han då.

Saka kan du lese her.

3. Ikkje berre kjærasten til Severin

2016 var året då den tredje sesongen av den norske dokumentarserien om Severin Rønes gjekk på lufta. I to sesongar hadde tusenvis av nordmenn samla seg framfor skjermen for å følgje det sakte livet på Røneset ved Storfjorden. I den tredje sesongen fekk også sjåarane bli betre kjent med kjærasten til Severin, Jelena Aurora Mensah.

Saka om 35-åringen frå Vesterålen vart den tredje mest leste saka frå Møre og Romsdal i 2016. For Jelena vart det viktig å vise livet på Røneset frå eit kvinneleg perspektiv.

– Eg lyst å vise at kvinner kan gjere dei same tinga som menn gjer, som for eksempel å fiske eller gå på jakt. Eg hadde lyst å representere det kvinnelege, og eg håpar det kjem godt fram i løpet av serien, seier ho.

Heile saka kan du lese her: Ikkje berre kjærasten til Severin

Jelena Aurora Mensah

Jelena Aurora Mensah ville vise ei anna side av livet på ein veglaus gard.

Foto: Privat

4. Måtte betale 5000,- etter at sonen knuste hotell-lampe

Det vart eit dyrt hotellbesøk for Espen Garnes (39) då han måtte punge ut med 5 000 kroner for ein knust lampe på Hotel Alexandra i Loen i slutten av mai. Den åtte år gamle sonen hans var uheldig og knuste ein lampe, og hotellet meinte at familien måtte betale kostnadane.

– Eg syns det er heilt hårreisande at ein unge på åtte år må stå ansvarleg for noko slikt, sa Garnes til NRK i mai.

Garnes la han ut ein kommentar på Facebook-sidene til Hotel Alexandra, der han klagar over behandlinga, og saka fekk stor merksemd. Hotellet bestemte seg seinare for å betale tilbake pengane til familien frå Sunnmøre, men opplyste at hotellet ville handle like eins om noko slikt skulle skje igjen.

Saka har nesten 150.000 sidevisingar, og du kan lese den her: Måtte betale 5000,- etter at sonen knuste hotell-lampe

5. Silje (6) har heimelaga bukspyttkjertel

På femteplass kjem saka om ein heilt spesiell pappa. Då dottera til Christer Jensen frå Ålesund fekk diagnosen diabetes 1 førte det til mange søvnlause netter og ein kamp for å gi den vesle jenta den livsviktige medisinen ho trengde.

Jensen bestemte seg for å finne ei løysing, og tre månader etter at dottera Silje fekk diagnosen, hadde han laga ei mobil overvaking av blodsukkeret hennar. Dermed blei 6-åringen den første i landet med ein kunstig bukspyttkjertel.

Saka om pappaen som vart MacGyver kan du lese her: Silje (6) har heimelaga bukspyttkjertel

Silje og Christer Jensen

Silje har ein blodsukkermålar med ein sensor under huda. Den måler blodsukkeret kvart 5. minutt. Dermed slepp ho å stikke seg i fingeren mange gongar dagleg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

6. Fleire droppar å betale på turisthyttene

På sjetteplass kjem saka om Den Norske Turistforening som opplevde at enkelte ikkje betaler for seg når dei brukte hyttene.

Turistforeininga har 500 hytter rundt om i heile landet, som alle kan bruke. Men systemet er basert på tillit til at turfolket er ærlege og legg att pengar for maten dei et og for opphaldet. Dei siste åra har turistforeininga sett ei endring, og fått fleire tilbakemeldingar om at folk ikkje betaler.

– Vi oppdagar stadig fleire tilfelle. Systemet er basert på tillit og det er leitt at slikt skjer, seier Øyvind Hunnes, styreleiar i Ålesund og Sunnmøre turistforeining.

Heile saka kan du lese her: Fleire droppar å betale på turisthyttene

7. Elbil-lading ut frå parkeringskjellarane

Saka om at kjøpesenterkjeda AMFI ville stoppe lading av elbilar i parkeringsanlegga deira, er også blant dei mest leste sakene i fjor.

Anne Mari Rødal Kleppe, senterleder AMFI Moa

Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe i AMFI Moa fjerna elbil-ladarane i parkeringskjellaren og erstatta dei med utvendige ladarar.

Foto: Frode Berg / NRK

I mars kom saka om at kjeda ville flytte elbilladarane ut av parkeringskjellarane og erstatte dei med utvendige ladarar. Årsaka var at AMFI-leiinga frykta at sløkkingsarbeidet kunne bli vanskeleg dersom det oppstod brann inne i eit av parkeringsanlegga.

Elbilforeininga meinte derimot at det ikkje var grunnlag for å frykte brann i samband med lading av elbilar i moderne parkeringsanlegg.

8. Moa blir størst i landet

På 8.-plass kjem saka om forretningsmannen Olav Thon som lanserte planane sine for ei storstilt utbygging av Moa i Ålesund.

Utbygginga på rundt 30.000 kvadratmeter starta allereie i haust, og skal resultere i det største kjøpesenteret i landet. Prosjektet vil også føre til fleire arbeidsplassar i området.

9. Håper ny medisin kan forlenge livet

Saka om kreftsjuke Kathrin Kobbevik frå Sula, som håpa at ny medisin kunne forlenge livet hennar, er nummer ni over dei mest leste sakene i fjor.

42-åringen jobba som folkehelsekoordinator i Ålesund og var for mange eit symbol på sunnheit. Gjennom heile livet hadde ho ete sunt og trent mykje, og aldri røykt. Sjokket vart dermed stort då trebarnsmora fekk uhelbredeleg lungekreft.

Håpet til Kobbevik var at ho og andre med same sjukdom skulle få ta i bruk immunterapi.

I slutten av september vedtok Beslutningsforum for nye metodar at immunterapi mot «ikkje små-cella lungekreft» skulle dekkast av det offentlege.

Kathrin Kobbevik

Kathrin Kobbevik vart diagnosen med lungekreft.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

10. Grønsåpe måtte til då brua skulle på plass

Med vinsj, teflon og svensk grønsåpe kjøpt på billigsal vart den nye brua over elva Driva i Sunndal dradd på plass i starten av november. Då hadde brua stått på midlertidig fundament sidan februar 2016. Det fekk folk til å klikke og saka hamnar dermed på 10.-plass over dei mest leste sakene frå NRK Møre og Romsdal i 2016.

Alt i alt vart det brukt 15 heilflasker grønsåpe i prosessen. Ein vinsj på kvar side, i kombinasjon med ein lang stålwire gjorde jobben. Det måtte berre litt jekkehjelp til heilt starten for å sette i gang den første rørsla.

– Alt gjekk helt etter planen, så dette gjekk helt som forventa, sa byggeleiar i Statens vegvesen, Inge Tonny Nås, då brua kom på plass.

Driva brua

Flyttinga skjedde med vinsj, og med teflonbelagde skinner som var smurt med grønsåpe.

Foto: Svein Roger Ivarsen / NRK