Hopp til innhold

– Dramatisk når du ser raketten kjem mot deg

NRKs reporter i Israel, Jan Espen Kruse, hamna midt i rakettdramaet, då ein rakett slo ned berre nokre hundre meter frå utanriksministrane til Noreg og Israel. Ingen vart skadde, men dramatisk var det likevel, fortel Kruse.

- Da alarmen gikk så jeg rakettene

NRKs reporter, Jan Espen Kruse, fortel om kva som skjedde då luftvernsalarmen gikk av, og rakettane kom over himmelen.

NRKs utanriksreporter Jan Espen Kruse og fotograf Stig Jaarvik var begge til stades då utanriksminister Børge Brende møtte sin israelske kollega Avigdor Lieberman i den sør-israelske byen Askhelon i dag.

Rett etter at møtet hadde starta gjekk luftvernsirenene, og NRK-reporteren såg noko fyke over himmelen.

– Då alarmen gjekk, såg eg at rakettane kom over himmelen frå Gazastripa, berre seks kilometer her nede. Ein av rakettane gjekk høgt oppe, men andre rakettar var meir korttrekkande, og ein av dei slo ned berre nokre hundre meter bortanfor her, fortel Kruse.

Den eine raketten, som sannsynlegvis er sendt ut av den væpna palestinske gruppa Hamas, klarte å kome seg forbi det israelske rakettforsvarssystemet, Iron Dome, og landa til slutt berre 300 meter frå dei to utanriksministrane og NRKs reportasjeteam.

Saka held fram under videoen

Levande bilete frå etterdønningane av angrepet ved Brende

Sjå bileta av etterdønningane etter rakettangrepet

Brende: – Ein del av realiteten her

Brende sa etter hendinga til NRK at det var nære på at rakettane trefte dei.

– Det er jo dette folk i Gaza og Israel opplever dagleg. Me sprang inn i eit tilfluktsrom og fekk beskjed om at me hadde ti sekund på oss. Dette er ein del av realiteten i dette området, og det viser at det er viktig å få på plass ei våpenkvile, seier Brende.

NRKs reportasjeteam og dei to ministrane søkte etter kvart tilflukt i eit bakrom på restauranten. Det skal også ha kome fleire rakettar etter det første angrepet, og Brende måtte då søke tilflukt i ein kjellar, skriv han i ein SMS til NTB.

– Dette var dramatisk. Det er heilt klart at når du høyrer eit drønn i nærleiken og forstår at det er rakettar som kjem på veg inn. Også måtte utanriksministrane springe inn i det sikraste rommet i restauranten. Det er heilt openbart at det var ein dramatisk situasjon, fortel Kruse.

Saka held fram under videoen

- Det er dette Gaza og Israel opplever daglig

Utanriksminister Brende reflekterer over det han opplevde.

– Lieberman sa det var slik dei har det

– Kva skjedde inne i restauranten?

– Alle var rolege. Ingen panikk. Den israelske utanriksministeren sa at me no fekk sjå kva som var daglegdags her. Det er slik me lever, og slik har me det her, og det er denne trugselen me held på med å nedkjempe, sa han. Han følte vel at han hadde fått eit ganske godt argument akkurat der, fortel Kruse.

Kruse understrekar at opplevinga som han, Brende og Lieberman var utsett for ikkje kan samanliknast med den situasjonen som innbyggjarane på Gaza, berre nokre kilometer unna, opplever for tida.

Rakettane klarte ikkje å utføre stor skade, og landa i eit ope område. Røyken og støvet låg over eit bustadområde i tida etter angrepet.

– Det vart ikkje gjort noko vesentleg skade, men skremmande var det likevel, avsluttar Kruse.

SISTE NYTT

Siste nytt