Hopp til innhold

Det israelske militæret: Står klare for bakkeinvasjon av Rafah

Det israelske militæret ventar berre på grønt lys frå regjeringa før dei går inn med bakkestyrkar, hevdar dei til israelske og amerikanske medium.

Palestinians enjoy the beach on a hot day, in Rafah

MANGE SIVILE: Dette biletet er frå Rafah onsdag 24. april. Det er dette området i sør IDF varslar at dei er klare for å invadere.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

IDF har gjort alle nødvendige førebuingar for å ta over styringa i området, hevdar den anonyme talspersonen, som Reuters skriv er ein militær toppleiar.

Men først må dei få grønt lys frå regjeringa, heiter det vidare i utsegna.

Israel reknar byen som den siste bastionen til Hamas på Gazastripa. Det er også her svært mange palestinarar i Gaza har søkt tilflukt sidan krigen starta i fjor.

Palestinians enjoy the beach on a hot day, in Rafah

Det er varmt i Sør-Gaza onsdag ettermiddag. Mange har teke til stranda for å kjøle seg ned.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Ein bakkeinvasjon her har vore varsla, men verka å vere sett på pause då Israel trekte mesteparten av styrkane ut av Sør-Gaza i starten av månaden.

Al Jazeera: Mange militærkøyretøy i leir nær Gaza

Satellittbilete som Al Jazeera har fått tilgang på skal vise ni israelske militærpostar oppretta i nærleiken av Gazastripa. Bileta er daterte frå november til mars i år.

I den som ligg nærast Rafah står det parkert hundrevis av militærkøyretøy, skriv nyheitsnettstaden vidare.

Dei raude prikkane på kartet er dei omtrentlege plasseringane til militærleirane Al Jazeera skriv dei har fanga opp på satellittbilete.

Men krigen går framleis føre seg på to frontar, og fleire ekspertar har sett spørsmål til om Israel sin militære kapasitet strekker til.

Onsdag seier dei israelske styresmaktene til AFP dei har utført angrep mot Hizbollah-posisjonar onsdag mot styrkar i sørlege Libanon.

Norwac: Gjeld 1.4 millionar menneske

– Det er ikkje noko anna å seie enn at dette vil medføre ein total katastrofe, seier områdedirektør for Palestina i Norwac, Kristil Haraldstad, til NRK.

– Det er 1.4 millionar menneske som er i Rafah. Israel har ikkje gjort noko for at dei skal finne ein trygg stad å vere, så vidt eg veit.

Israel Palestinians

Store øydeleggingar gjer at det er vanskeleg å finne ly i Khan Younis. Difor har mange trekt tilbake til Rafah 8 kilometer unna.

Foto: Fatima Shbair / AP

Israel bad folk om å reise tilbake til Khan Younis etter at hæren trekte seg ut, men mange har sidan snudd, ifølge Haraldstad.

– Det dei har funne att i Khan Younis er ruinar, og ingen stad å vere.

Rafah ligg berre åtte kilometer, eller ein to timar lang gåtur unna.

– Med så mange menneske på eit så lite område, eit militær som er klare til å gjere ein invasjon, og ingen veg å flykte, seier det seg sjølv at dette er katastrofalt.

Rafah

Mange av bygga i Rafah er øydelagde av israelske angrep.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

Same dag som signering av amerikansk milliardpakke

Også på onsdag signerte den amerikanske presidenten Joe Biden ein enorm pakke med støtte til Israel, Ukraina og Taiwan.

– Det betyr avgjerande støtte til USA sine partnarar slik at dei kan forsvare seg mot trugslar som rokkar ved suvereniteten deira, sa han kort tid etter signeringa.

Blant denne var over 280 milliardar kroner til Israel. Beløpet svarar til tre gongar det norske forsvarsbudsjettet.

Biden

Hjelpepakken frå USA, som lenge har vore forseinka i Kongressen, har vore spesielt etterlengta av styresmaktene i Ukraina.

Foto: Evan Vucci / AP

I tillegg inneheld pakken om lag 11 milliardar kroner humanitær støtte til Gaza.

– Vi kjem til å umiddelbart sikre den hjelpa og auke den, også med mat, medisinsk utstyr og reint vatn, uttalte presidenten vidare ifølge AFP.

– Israel må sørge for at all denne naudhjelpa når palestinarane i Gaza utan forseinkingar.

Meiner invasjonen vil skje fort dersom ordren kjem

Det finst framleis eit stort internasjonalt press på Israel for å hindre ein bakkeinvasjon i Rafah, seier seniorforskar Jørgen Jensehaugen ved Institutt for fredsforsking (Prio).

Men:

– No er det eit veldig lite vindauge for at det presset skal nå igjennom, seier han til NRK.

Jørgen Jensehaugen

Jensehaugen, seniorforskar ved Prio.

Foto: Høyskolen Innlandet

– Idet regjeringa bestemmer seg for å invadere, dersom dei gjer det, vil den bakkeinvasjonen kome ganske fort.

Midtausten-ekspert og historikar Marte Heian Engdal meiner det er mange opne spørsmål enno.

– Israel er midt i den jødiske påska, så slikt sett vil eg tenke at det er litt overraskande dersom det kjem no, seier ho til NRK.

Marte Heian-Engdal

Engdal, historikar og Midtausten-ekspert.

– Men det vi ser tyder på at det vil skje i nær framtid.

Korleis Israel sine støttespelarar i det internasjonale samfunnet vil reagere, seier Engdal det er vanskeleg å spekulere om.

– Det er i alle fall ikkje lov å kome tilbake og vere overraska dersom dette går skikkeleg gale.

SISTE NYTT

Siste nytt