Hopp til innhold

Helseministeren møtt av demonstrantar i Molde

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen blei møtt av demonstrantar då ho kom til Molde i dag. Ho har utsett bygginga av nytt sjukehus i Molde til etter 2018. Dette har sett sinna i kok i rosenes by.

Anne-Grete Strøm-Erichsen i Molde

Anne-Grethe Strøm-Erichsen blei møtt av demonstrantar og journalistar då ho kom til Molde i dag.

Foto: Herskedal, Kjell / Scanpix

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Helseministeren hadde eigentleg ikkje planlagt nokon tur til Molde denne gongen. Men i går var ho på Sunnmøre. Og presset blei stort, både frå sentrale partikollegaer og frå tilsette ved sjukehuset om å kome til Molde. Ho gav etter for presset, og skal i dag ha ei rekkje møte i Molde.

Ingen lovnader

Men helseministeren hadde ikkje med seg nokon lovnader då ho kom til Molde i dag.

– No skal eg på nokre møte her. Eg har ingen endringar i forhold til det brevet eg har sendt tidlegare. Det er Helse Midt-Noreg sjølv som ikkje har pengar til bygging før 2018. Då må vi ruste opp Molde sjukehus i mellomtida, seier Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Korleis reagerer du på at du blir møtt av demonstrantar?

– Det er stort engasjement. Det ser eg jo, seier Strøm-Erichsen, i det ho forsvinn inn på møte.

Video Sjukehus oversikt

Det var møtt opp fleire tusen demonstrantar med faklar då helseministeren kom til Molde.

Kom før tida

Helseministeren kom til Molde før tida. Det var nok lurt, for det kom fleire tusen demonstrantar til sjukehusområdet i Molde. Då helseministeren kom, runga ropa ut over området. «Ja, eller nei, ja eller nei», ropa romsdalingane. Dei ville ha klart svar på om helseministeren ønskjer nytt sjukehus i Molde, eller ikkje.

Buing frå dei frammøtte

Anne-Grethe Strøm-Erichsen forsøkte seg på ein appell til dei frammøtte, men blei møtt med unison buing.

– Eg skjønar at engasjementet her oppe er stort. Og eg skjønar at med mitt siste brev ................

Så langt kom Anne-Grete Strøm-Erichsen, før tusenvis av romsdalingar sette i gang ei samstemt buing. Ho fekk likevel halde fram.

– No er eg komen her for å snakke med ordføraren, tillitsvalde ved sjukehuset, leiinga ved sjukehuset, sa Strøm-Erichsen.

Og snakk med oss!!, ropar nokon av dei frammøtte.

– Og med dykk, repliserer helseministeren. Vi skal halde det vi sa i mars, seier ho, og klarer så vidt å overdøyve ropa frå folkemengda.

Demonstrasjon Molde

Demonstrantane var utstyrt med banner og faklar

Foto: Herskedal, Kjell / Scanpix

–Vil sjå korleis det står til på sjukehuset

Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen fekk ei rekkje tilrop frå dei frammøtte. Ho ville så inn på sjukehuset for å sjå på korleis det gamle sjukehuset framstår i dag.

Svar på spørsmåla, ropte nokre av tilhøyrarane.

– Ja, eg skal inn og sjå på sjukehuset no, sa Anne-Grete Strøm-Erichsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL