Hopp til innhold

Hevdar det blei lova ekstra pengar

Tidlegare Arbeidarparti-statsråd Karita Bekkemellem hevdar at det blei lova ekstra pengar til nytt sjukehus i Molde.

Karita Bekkemellem
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Det var på Dagsrevyen laurdag kveld den tidlegare Arbeidarparti-statråden Karita Bekkemellom hevda at det blei lova ekstra pengar til nytt sjukehus i Molde. Helseministeren har heile tida sagt at det var Helse Midt-Noreg som sjølv skulle finansiere sjukehuset. Men Bekkemellem seier påstandane om løftebrot er sanne.

- Dei forpliktingane var gitt frå regjeringa. Dei var gitt frå fleire helsestatsrådar som sa at dette skulle iverksetjast, seier Bekkemellem til NRK.

Les også:

- Tydeleg statsminister

Karita Bekkemellem meiner også statsministeren har vore svært tydeleg.

- Det har vore mange utgreiingar, og i valkampen sist gong var også statsministeren svært tydeleg og sa at Molde sjukehus skulle realiserast i forhold til planane. Og dei planane tilsa at dette skulle skje frå 2012, slår Bekkemellom fast.

Helseministeren avviser påstandane

Anne Grethe Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Foto: Åsmund Hasli / NRK

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen avviser påstandane.

- Eg har ingen bevis for at nokon har sagt noko anna enn at her skal ein følgje spelereglane som gjeld i heile landet, i Molde som andre stader, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL