Hopp til innhold

- Eg er skuffa over dialogen

- Eg vil ynskje dykk velkomne til dette høringsmøtet, sa Anne-Grete Strøm-Erichsen då ho opna møtet i Ålesund. Deretter kom kritikken, mellom anna frå partifeller.

Bjørn Inge Ruset

SKUFFA: Norddal-ordførar Bjørn Inge Ruset er skuffa over dialogen fylkespartiet i Ap har fått ha med helseministeren.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Møtet skulle i utgangspunktet handle om samhandlingsreforma, og det arbeidet som vert gjort rundt den. Det har også tidlegare vore møter rundt om i landet for å snakke om dette, fortalte ministeren.

Sjukehussaka har skapt store reaksjonar siste tida. Les meir her:

Men etter dei planlagte innleiingane vart det opna opp for spørsmål frå salen.

- Eg er skuffa

- Eg må dessverre seie at eg er skuffa over dialogen me har hatt, sa Arbeidarpartiordførar Bjørn Inge Ruset frå Norddal kommune. Han er også styremedlem i Møre og Romsdal Arbeidarparti.

- 17. juni inviterte du oss til dialog i høve prosessen fram mot avgjerd, fortalte han.

Helseministeren orienterer i Ålesund

ORIENTERTE: Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen orienterte om samhandlingsreforma i Ålesund måndag kveld.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Ikkje den beste avgjerda

I tillegg fortalde han om Ap-politikarane på Mørebenken som heller ikkje har vore involverte i prosessen.

- Eg trur ikkje den avgjerda som no ser ut til å vere teken er det beste for fylket, innbyggjarane eller partiet, sa Ruset.

- Eg beklager det sterkt, og håper du vil bruke tida godt i Molde i morgon, så me kan finne ei god løysing, seier Norddal-ordføraren.

- Tek det til etterretning

Tysdag møter helseministeren dei tilsette ved sjukehuset i Molde.

Helseministeren svarte Ruset sin påstand med å seie at prosessen kan ha vore for dårleg, og at den kanskje kan bli betre i framtida.

- Lovnadene har vore ut frå økonomisk bereevne, sa Strøm-Erichsen.

- Helseføretaka sa at den økonomiske bereevna ikkje er til stades før i 2018, la helseministeren til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL