Helseministeren er i Møre og Romsdal måndag 13. desember. Då bør ho ta turen til Molde med ein tydeleg bodskap om Nye Molde sjukehus, heiter det i eit brev frå dei tillitsvalde.
Tilliten til Arbeidarpartiet trua
– Sjukehussaka truar all tillit til Arbeidarpartiet og helseministeren hos befolkninga og dei tilsette ved sjukehuset i Molde. Anne-Grethe Strøm-Erichsen må rydde opp og seie klart frå at Nye Molde sjukehus skal byggast, heiter det i brevet.
– Ap instruert til å arbeide for felles sjukehus
I brevet slår dei tillitsvalde bombastisk fast at dei veit at helseministeren ønskjer å leggje ned sjukehuset i Molde. Dei hevdar også at dei lokale arbeidarpartilaga i Molde og Kristiansund er blitt instruerte til å arbeide for eit felles sjukehus, og at Molde og Kristiansund Ap skal bli samde om kvar dette skal lokaliserast.
Dåverande statssekretær Roger Ingebrigtssen skal ha bede arbeidarpartilaga i Molde og Kristiansund om å bli samde om eitt felles sjukehus.
Foto: Regjeringen/HOD/Magnus RidolaDette skal ha skjedd under eit møte med dåverande statssekretær Roger Ingebrigtsen. Fylkesleiaren og fylkessekreæren i Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal skal ha vore med på dette møtet.
– Vi har snakka med folk som var med på dette møtet. Vi har sikre kjelder på kva som blei sagt på møtet. Vi går ikkje ut med så alvorlege skuldigar om vi ikkje var heilt sikre, seier Knut Ivar Egset.
Fylkesleiaren i Ap avviser
Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Trond Seth, hugsar godt møtet med dåverande statssekretær Roger Ingebrigtsen. Der kom det imidlertid ingen instruksar, seier Seth.
Fylkesleiar Trond Seth avviser at lokale arbeidarpartilag fekk instruksar om å arbeide for eitt felles sjukehus.
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK– Eg oppfatta ikkje møte som om vi fekk nokon instruks om å bli samde om eitt felles sjukehus. Dette var eit møte der statssekretær Ingebrigtsen besøkte både Kristiansund og Molde. Vi fekk ei orientering frå statssekretæren om korleis dei såg på saka, og der kom innspel både frå Molde og Kristiansund, seier Trond Seth.
Skipa arbeidsgruppe
Leiar i Molde Arbeidarparti, Sidsel Rykhus, er imidlertid tydlegare på at lokalpartia faktisk fekk i oppdrag å kome nærare eit standpunkt om eitt felles sjukehus. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skulle utarbeide ei felles plattform i sjukehussaka.
Leiar i Molde Ap, Sidsel Rykhus, stadfester at det blei sett ned ei gruppe som skulle arbeide for at Ap-laga i Molde og Kristiansund skulle bli samde.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK– Eg kan stadfeste at vi hadde eit møte der vi blei samde om å opprette ei gruppe der vi skulle jobbe for å kome nærare kvarandre når det galdt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, seier leiar i Molde Arbeidarparti, Sidsel Rykhus.
– Var der instruksjonar om å arbeide for eitt felles sjukehus?
– Eg vil ikkje kalle det direkte instruksjon. Men det var ei oppmoding om å kome nærare kvarandre. Det låg i korta at vi skulle bli samde om eitt sjukehus, seier Rykhus.
Gruppa fekk mandat og det blei peika ut medlemer til gruppa. Men gruppa skal ikkje ha hatt eit einaste møte.
– Helseministeren må ordne opp
I samband med at helseministeren er i Møre og Romsdal, bed dei tillitsvalde om at ho ikkje berre held seg på Sunnmøre, men at ho også kjem til Molde.
– Vi vil vite kva ho eigentleg vil. Ho må kome hit og fortelje med reine ord kva det er ho vil. Og det må ho gjere snarast, seier tillitsvald i Fagforbundet Knut Ivar Egset.