Hopp til innhold

Melder seg ut i protest

Kommunestyrepolitikar Rune Kleppen i Fræna melder seg ut av Arbeidarpartiet i protest mot sjukehussaka. Kleppen har representert Ap i fire periodar i kommunestyret.

Rune Kleppen

Rune Kleppen har representert Arbeidarpartiet i kommunestyret i Fræna i fire periodar. No er det slutt.

Foto: privat

Berre 14 år gamal blei Rune Kleppen i Fræna med i AUF. Over 35 år seinare seier han no nei takk til å vere med i Arbeidarpartiet meir. Fredag ettermiddag melde han seg ut.

Etterlyser statsministeren

- Eg er veldig skuffa over partileiinga. Eg meiner statsministeren burde vore meir på banen for å forklare det som har skjedd. Det har ikkje vore kontinuitet mellom dei ulike helseministrane og sjefen, seier Kleppen.

Les også:

Inga tru på å bli

Kleppen har vurdert å bli i partiet for å påvirke innanfrå, men har slått det frå seg.

- Eg trur utmeldinga har langt større virkning. Representantane våre i Kristiansund ropar jo langt høgare enn oss, difor blir dei også høyrt. Skal ein påvirke prosessen vidare må ein vere både frampå og frekk, og det har eg absolutt ikkje lyst til, seier Kleppen.

Trur det vil gå mange år

Bygginga av Nye Molde sjukehus skulle etter planen starte i 2012. Men etter at helseministeren nyleg utsette planane om eit nytt sjukehus, trur Kleppen det vil gå lang tid.

- Eg syns det er ei dårleg løysing helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen er komen fram til. Eg trur det vil ta minst åtte-ti år til at det eventuelt blir noko nytt sjukehus i Molde. Strøm-Erichsen har skapt total usikkerheit, seier Kleppen.

Fire så langt

Atle Tangen

Atle Tangen i Midsund melde seg ut av Arbeidarpartiet rett før helga. Etter det har tre personar følgt etter.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Rett før helga blei det kjent at Atle Tangen frå Midsund melder seg ut av Arbeidarpartiet på grunn av sjukehusstriden. Ifølgje leiaren av Molde Arbeidarparti, Sidsel Rykhus, har to personar meldt seg ut i Molde. Ho trur mange vel å bli, sjølv om dei er usamde i den politikken Arbeidarpartiet sentralt står for.

Sidsel Rykhus (AP)

Sidsel Rykhus i Molde Arbeidarparti seier ho berre har fått to utmeldingar så langt.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

- Eg har fått fleire meldingar frå folk som seier at dei hadde tenkt å melde seg ut, men som heller vil bli for å prøve å påvirke partiet, seier ho.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL