Hopp til innhold

Full strid i Arbeidarpartiet

Folk melder seg ut, og Ap i Molde har uttrykt klar mistillit til helseministeren. No krev dei tre frå Ap på Mørebenken at statsråden straks kjem til Molde og fjernar all uvisse om sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

Else-May Botten

Else-May Botten (Ap) meiner helseministeren frå eige parti har brote lovnader.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Det er ingen dans på roser å vere Arbeiderpartirepresentant frå Møre og Romsdal om dagen.

Kjem til Volda og Ålesund

Dei tre frå Arbeiderpartiet på Mørebenken på Stortinget sluttar seg no til kritikken av helseministeren frå eige parti.

Helseminister AnneGrete Strøm-Erichsen kjem til Møre og Romsdal i dag, men det er til Volda og Ålesund.

Partifellene på Stortinget meiner ho også må kome seg til Molde snarast.

– Konspirasjonsteoriar

Dei tre Arbeidarpartirepresentantane på Stortinget frå Møre og Romsdal, Else-May Botten, Tove Lise Torve og Svein Gjelseth, er opptatt av at Strøm-Erichsen må stoppe alle rykte ved å gje klarare svar.

– No er det så mange som køyrer sitt spel og lagar konspirasjonsteoriar. Det vil ikkje vi vere med på. Vi vil få klarlagt at Molde sjukehus skal byggjast, seier Else-May Botten til NRK.

Ho håpar på det sterkaste at Anne-Grethe Strøm-Erichsen kjem.

– Vi skal ta godt imot henne. Vi forventer at ho har med eit klart bodskap, og vi håpar ho har med pengar, avsluttar Botten.