Hopp til innhold

Obama snakkar om Oscar-bråket

President Barack Obama meiner bråket rundt Oscar-nominasjonane er ein del av eit større problem i USA.

Obama

President Barack Obama reagerer på det manglande mangfaldet i Oscar-nominasjonane.

Foto: SAUL LOEB / Afp

For andre år på rad er det berre kvite skodespelarar som er nominerte til Oscar. Det har ført til bråk og kritikk av Oscar-akademiet, som deler ut prisen. Skodespelarparet Will og Jada Pinkett Smith og regissør Spike Lee er blant dei som har sagt at dei vil boikotte utdelinga i år.

– Betre filmar

Chris Rock

Oscar-vert Chris Rock vil endre manus etter nominasjonsbråket.

Foto: Mark J. Terrill / Ap

Enkelte har også oppmoda Oscar-vert Chris Rock om å trekke seg frå oppdraget. Men han vil i staden endre manuset sitt.

No kastar også president Barack Obama seg inn i konflikten. I eit intervju med ein lokal tv-stasjon sa han at vi får betre filmar om alle får fortalt si historie.

– Det blir betre underhaldning om alle kan kjenne seg som ein del av den amerikanske familien. Filmbransjen bør gjere det same som alle andre bransjar bør gjere: leite etter talentet og gi alle ein sjanse.

Lovar endringar

FILES-US-ENTERTAINMENT-FILM-OSCARS-DIVERSITY

Oscar-president Cheryl Boone Isaacs lovar endringar i juryen etter bråket.

Foto: MARK RALSTON / Afp

Obama meiner også California er eit eksempel på dei store skilnadane som er i USA i dag.

– Eg trur Oscar-debatten berre er eit uttrykk for eit større problem. Er vi sikre på at vi gir alle ein reell sjanse?

President i Oscar-akademiet, Cheryl Boone Isaacs, har lova å ta tak i problemet. Ho seier organisasjonen må gjere endringar for å få retta opp skeivheiter.

Oscar-prisane blir i år delte ut søndag 28. februar i Los Angeles.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters