Hopp til innhold

Han er Berlin-filharmoniens nye sjef

Berlin-filharmonien har valt russiske Kirill Petrenko som ny sjefdirigent.

Kirill Petrenko

Russiske Kirill Petrenko har vore musikksjef ved Bayersk Statsopera i München sidan 2013.

Foto: Victoria Bonn-Meuser / DPA

Mange var skuffa då Berlin-filharmonien ikkje kunngjorde ny sjefdirigent – den mest prestisjetungen jobben innan klassisk musikk – etter sin offisielle valdato 11. mai i år. Orkesteret vel sjølv sine sjefdirigentar ved avstemming mellom dei 124 musikarane, men ingen oppnådde eit tydeleg fleirtal og valet vart dermed utsett på ubestemt tid.

No har orkesteret endeleg blitt samde om ein etterfølgar til engelske Simon Rattle, som går av i 2018: Russiske Kirill Petrenko, musikksjef ved Bayersk Statsopera i München. Orkesteret kunngjorde under ein pressekonferanse måndag at orkesteret søndag hadde valt Petrenko med eit stort fleirtal.

Les også: Klarte ikke å bli samde om ny dirigent

– Vi lurte berre på når vi kunne invitere han igjen

Kirill Petrenko var ikkje sjølv til stades under pressekonferansen, men vart sitert undervegs:

– Då vi ringde han i går og spurte han, sa han: «Eg omfamnar orkesteret», fortalde Ulrich Knörzer, styremedlem i Berlin-filharmonien. Petrenko har også gitt ei skriftleg fråsegn som ligg på orkesterets eiga nettside:

«Ord kan ikkje uttrykke kjenslene mine – alt frå eufori og stor glede til ærefrykt og vantru. Eg er klar over ansvaret og dei høge forventingane til meg, og eg vil gjere alt som står i mi makt for å vere ein verdig dirigent for dette utmerka orkesteret» står det i fråsegna.

Det er ikkje avklart når Petrenko tek over som sjefdirigent, det vert eit tema for forhandlingar dei neste vekene. Han er bunden av kontrakta si i München til 2018. Ulrich Knörzer fortalde om korleis dirigenten vann orkesteret sine hjarte allereie ved første møte:

– Når ein ny dirigent kjem for å dirigere oss, må vi alltid svare på om vi ønskjer å invitere vedkomande igjen, seier Knörzer.

– Då Kirill Petrenko kom for første gong i 2006, var det einaste vi lurte på når. Når kunne vi invitere han igjen? Ønsket vårt om å ha han hjå oss så ofte som mogleg, vart berre sterkare dei to neste gongane han vitja oss, slik at vi no vil ha han fullstendig, som sjefdirigent.

– Vi var nesten utslitne etterpå

Kirill Petrenko, fødd i Omsk i Sibir i 1972, har jobba i Berlin før: Han var musikksjef ved Komische Oper i åra 2002–2007. I 2010 var han i Noreg som gjestedirigent for Oslo-Filharmonien, der hans landsmann og «namnebror» Vasilij no er sjefdirigent. Fiolinist og konsertmeister Elise Båtnes hugsar besøket godt:

– Han er ein veldig spennande dirigent og ein behageleg, hyggeleg fyr, seier Elise Båtnes.

– Vi spelte russisk musikk, mellom anna Tsjajkovskij, og han var svært dyktig. Han jobba knallhardt med detaljar, men skapte samstundes ein fin heilskap i musikken. Og så var han ekstremt energisk under konserten, det vart nesten for mykje av det gode: vi hadde så mange notar vi skulle få med oss at vi nesten var utslitne etterpå!

Sjå Kirill Petrenko dirigere Berlin-filharmonien i 2012:

Petrenko har også fått mykje merksemd for si rolle ved Wagner-festspela i Bayreuth i Tyskland. I vår fortalde han at han avsluttar arbeidet i Bayreuth på grunn av høgt arbeidspress, og i byrjinga av juni kritiserte han festivalleiinga sterkt.

Valet av Berlin-filharmoniens sjefdirigent er unikt av fleire grunnar: Orkesteret er eit av dei beste i verda, og dei få sjefdirigentane har gjerne regjert i lange periodar. Herbert von Karajan var sjef i 35 år frå 1954 til 1989, medan Simon Rattle har hatt stillinga sidan 2002.

Les meir om Berlin-filharmonien: Kven får prestisjejobb nummer ein?

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters