David Oyelowo er kjent blant anna som Dr. Martin Luther King Jr i den prisvinnande filmen "Selma" frå 2014. I september i år kjem boka «Trigger Mortis» og Oyelowo låner ut stemma sin som Agent 007 i lydboka som også vil kome i september, skriv The Guardian.
– Den offisielt neste Bond
«Trigger Mortis» er skriven av forfattar Anthony Horowitz på oppdrag av dei som sit på rettane til materialet til tekstane skrive av James Bond-forfattar Ian Fleming.
– Eg er offisielt den einaste personen på jorda som kan kalle seg den nye James Bond, seier han til The Guardian. Med det hintar han til rykta om at Idris Elba vil ta over som 007, når Daniel Craig skal slutte å spele filmversjonen av Bond.
Første kapittel av «Trigger Mortis» vil vere basert på tekstar Fleming skreiv til ein TV-serie som blei skrinlagt. Handlinga er lagt til 1957 og romkappløpet mellom aust og vest. Boka og lydboka vil bli publisert 8. september i år.
Ny Bond-film i haust
Den neste James Bond-filmen heiter Spectre og kjem 26. oktober. Daniel Craig skal spele James Bond for fjerde gong. Christoph Waltz, kjent frå blant anna Inglorious Basterds og Django Unchained skal spele skurk og Bond sin hovudmotstandar.
(Sjå traileren til den nye Bond-filmen her)
Les også: Vil lage James Bond-musikal
Les også: Spenning rundt ny Bond-låt