Hopp til innhold

– Det har vore ekstremt mykje jobb

Knut Størdal er ein sliten, men nøgd organist som snart spelt seg gjennom 132 salmar i helgas salmemaraton på NRK2.

Knut Størdal

FAST PLASS: Det er som regel her ved orgelet i Vår Frue kyrkje Knut sit. Han er nemleg fast organist i kyrkja.

Foto: NRK

– Eg hadde fri ei stund i natt. Eg spelte til kvart på tre, for heim og sov, og så var eg tilbake kl. 12 i dag.

Det seier Knut Størdal som er ein av organistane som deltar på Salmeboka minutt for minutt.

– I går kveld hadde eg ei økt på 5 timar i strekk, men det har vore hektisk når eg ikkje har spelt òg.

– Det er mange som vil prate og mange problemstillingar å ta tak i. Når ein rotar seg bort i det organisatoriske samstundes som ein skal vere utøver, blir det fort litt springing mellom det eine og det andre, fortel han.

Knut Størdal

ØVER I PAUSANE: Når Knut ikkje speler til salmane no i helga, øver han til neste økt. Ofte saman med kor og solistar.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

LES OGSÅ: – Så tilfeldig er livet

Spelt seg gjennom 132 salmar

Det har vore ei travel helg for dei 15 organistane som speler i helga. Ekstra travelt har det vore for Knut.

– Eg har jo vore med i planlegginga. NRK ville ha sendinga i Vår Frue kyrkje, og eg er jo organist der. Så eg blei spurt om å vere med som musikalsk konsulent og leggje til rette for organistar og musikarar som skal vere med.

Og tilrettelagt har han verkeleg gjort.

– Eg har sete i komiteen som har gått gjennom salmeboka frå salme 1 til 899 og planlagt kven som skal syngje kva. Me har prøvd å få det til slik at barnekora har fått sunge barnesongar og gospelkora gospelsalmar, og så vidare. Dette blei til eit 90 sider langt Word-dokument til slutt, og eg har vel bruk 350 timar på dette arbeidet.

I tillegg er han den som speler flest salmar denne helga. Når siste salme er ferdig, har han spelt piano og orgel på 132 salmar.

– Ei utfordring i kyrkja er at det er lang avstand mellom galleriet der orgelet står, og framme i kyrkja der kora står. Då blir det litt forseinking i lyden p.g.a. avstanden, så det å skulle spele presist og tydeleg det er ei utfordring. Så vi har måtte få hjelp av NRK til å få lyden direkte frå kora på hovudtelefonane når me sit der, og det hjelper på slik at me ikkje sakker akterut med tempoet. Og så har det vore lite pausar mellom salmane samanlikna med korleis det er under gudstenester, seier Knut.

LES OGSÅ: Sørkoreanar song norsk salme, fekk kyrkja til å klappe

– Nakkehåra reiser seg

No når helga nærar seg slutten innrømmer Knut at han er sliten.

– På ei side har det vore ekstremt mykje jobb. Eg trur nok at eg kjem til å vere ganske utlada i morgon, og eit stykkje ut i neste veke. Men det er utruleg artig, og me kom i gong og det byrja å rulle. Eg ser at engasjementet hos folk er stort, og det har blitt ei greie ut av det.

– Eg merkar at folk er veldig opptekne av det. Det rulla ei Twittermelding over skjermen i stad at ho var forundra over krafta i det. Det var nok opplevinga mi av det òg.

– Ein har kanskje tenkt på salmar som noko litt traust og tregt – kor artig kan det bli, liksom? Men det har vore så kraftfull stemning i kyrkja heile helga. Det er litt sånn at nakkehåra reiser seg, smiler han.

Får opp organistinteressa

– Organistane har fått ein del merksemd frå folk der heime som har sett på i helga. Trur du Salmeboka minutt for minutt kjem til å gje organistar og organistyrket ein oppsving i framtida?

– Ja, det trur eg. Eg har sett klippa der organistane viste fram orgelet, pedalbruk, dei slitte skoa sine – då kjenner eg at eg blir begeistra! Det er noko som gler eit kyrkjemusikkhjarte. Det er jo ein reklame for jobben som er veldig flott, så om det har vore ein bieffekt av det er det veldig flott, seier Knut.

– Eg har ein facebook-ven skreiv at ho hadde tre ynskjer til jul. 1. Fred på jord, 2., at Salmeboka minutt for minutt aukar interessa og rekrutteringa til kyrkjemusikaryrket og – kva var punkt tre? Jo, Petter Dass-genser, smiler han.

Laster Twitter-innhold

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

LES OGSÅ: – Norsk «r» er vanskelig

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters