Hopp til innhold

Kopierer Stradivarius med røntgen

Amerikanske forskarar jublar over ein Stradivarius-kopi framstilt ut frå CT-bilete av fiolinen «Betts» frå 1704. – Lydkvaliteten til kopien liknar forbløffande på originalen sin, seier radiologen Steven Sirr.

Kopi av Stradivarius

Dette er fiolinkassen dei amerikanske forskarane laga utifrå meir enn 1 000 CT-bilete.

Foto: RSNA

Radiologen og amatørfiolinisten Steven Sirr, som bur i Minneapolis i USA, tok allereie på slutten av 1980-talet sine første CT-bilete av ein fiolin. Han viste dei til fiolinbyggjaren John Waddle, og sidan har dei to skanna meir enn hundre fiolinar.

Steven Sirr

Steven Sirr.

Foto: RSNA

Denne veka presenterer Sirr og Waddle resultatet av sine undersøkjingar, ein kopi av ein Stradivarius frå 1704 med tilnamnet «Betts». Kopien er basert på meir enn 1 000 CT-bilete og laga ved hjelp av datastyrt utskjeringsutstyr, og fiolinen vart fullført av Waddle og ein annan fiolinmakar, Steve Rossow.

– Lydkvaliteten til kopien liknar forbløffande på originalen sin, seier Sirr til BBC. Han vonar at arbeidet hans med tida kan føre til at studentar får tilgang til instrument på nivå med dei ekstremt kostbare originalane.

Les: Lady Blunt sette prisrekord

– Byr ikkje på aha-opplevingar

Jacob von der Lippe er ein av Noregs fremste fiolinbyggjarar. Han har studert fiolinbyggjing i Stradivari og Guarneri sin heimby Cremona, og bygd kopiar av meistrane sine fiolinar dei siste 15 åra. Von der Lippe ser så langt ikkje noko revolusjonerande i det Sirr og hans team har gjort:

Jacob von der Lippe

Jacob von der Lippe.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

– Det er alltid verdifullt å studere analysar av originalane, men ut frå det eg har lese så langt, synest eg ikkje dette prosjektet byr på store aha-opplevingar, seier von der Lippe.

Von der Lippe viser til at ulike typer skanning har vore gjort også av andre forskarar, og han meiner Strad3d-prosjektet gir vel så fruktbare innsikter om korleis Stradivarius-fiolinane fungerer:

– Der har dei brukt laserskanner til å analysere og vise korleis materialet i fiolinen bevegar seg ved ulike frekvensar. Dette gir heilt nye innsikter i korleis instrumenta fungerer og korleis dei har blitt omforma med tida. Uansett er det framleis intuisjon og erfaring som er viktigst for meg når eg byggjer fiolinar, sjølv om gode analyser gir oss nye verktøy i verktøykassen.

– Utopi å reprodusere aldringsprosessen

Den omfattande aldringsprosessen ein fiolin går gjennom i løpet av hundreår med bruk, er hovudgrunnen til at Jacob von der Lippe ikkje ser på reinspikka kopiering av eksisterande instrument som eit mål i seg sjølv:

– Det skjer mykje med eit instrument i løpet av 300 år, skader, reparasjonar og så vidare. Så gamle instrument er dessutan omforma av bruken, til dømes har fiolinkassene gjerne tynnare lokk enn det som er tilrådeleg å bruke i ein ny fiolin. Eg er skeptisk til å skulle kopiere desse endringane i instrumentet, eg trur det er viktigare å forstå kvifor instrumenta er bygd slik dei er i utgangspunktet.

Fiolinmakaren trur heller ikkje det er mogleg å gjenskape alle dei prosessane instrumentet har gått gjennom i si lange levetid:

– Å skulle reprodusere aldringsprosessen trur eg er rein utopi, sjølv om somme prøver å gjere det. Innsida av fiolinen får til dømes ein mørk, gyllen brunfarge på grunn av oksidering, som det er heilt umogleg å gjenskape kjemisk.

Les: Låner ut instrument i millionklassen

– Dei var ikkje perfeksjonistar som oss

Kopiering av dei store meistrane sine instrument, særleg av Stradivari og Guarneri sine fiolinar, har vore hovudstrategien til dei fleste fiolinmakarar dei siste 150-200 åra, fortel Jacob von der Lippe. Han ser større potensiale i å utvikle faget vidare, enn å perfeksjonere kopieringa av klassikarane:

– I åra som kjem, vil eg bruke meir tid på å teikne eigne modellar og skape noko meir personleg. Verken musikarar eller publikum kjem truleg til å merke så stor forskjell, men det har mellom anna med proporsjonane på instrumentet å gjere.

– Fiolinmakarane i Cremona var ikkje perfeksjonistar på same måte som oss, det var rom for forskjellar og utvikling. Det er kanskje ikkje snakk om nokon tydeleg trend enno, men både eg og fleire andre fiolinmakarar eg har kontakt med, ser verdien av å kunne utvikle handverket vidare.

Det er nok uansett ikkje enkelt for den jamne lyttar å høyre skilnad på ein original Stradivarius og ein godt utført kopi:

– Det aller viktigaste med ein ekte Stradivarius er nok kjensla den gir utøvaren som speler på den. Eg har vore med på blindtestar saman med andre fiolinbyggjarar, der vi skulle gjette kva som var kopi og kva som var ekte vare. Vi bomma fleire gonger!

Les: – Alle cellistar er veldig glade no

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.