Sidan Dextra Musica vart oppretta i 2006, er dette første gongen kven som helst kan søkje om å få låne eit instrument. Anders Bjørnsen, dagleg leiar i Dextra Musica, har allereie fått ein stor bunke søknader, og er spent på kor mange som kjem inn før fristen tirsdag kveld:
– Fram til no har vi plukka ut folk i miljøet som har fått låne instrument, seier Bjørnsen.
– På bakgrunn av dei svært gode erfaringane vi har med dette, har vi bestemt oss for å kjøpe inn fleire instrument. No trur vi tida er mogen for å invitere musikk-Noreg til å melde si interesse, så vi kan få oversikt over kor stort behovet for slike instrument er.
Dei seks instrumenta som skal lånast ut, er alle verd fleire millionar kroner – juvelen i samlinga er ein Bergonzi-fiolin verd fleire titals millionar.
Les:
– Det var som å bytte til ein sportsbil
Berit Cardas og Anders Bjørnsen med to av instrumenta som skal lånast ut.
Foto: Andreas Johnson / NRKEin av musikarane som speler på eit instrument frå Dextra, er Berit Cardas, fiolinist i Vertavo-kvartetten. Ho låner ein Lorenzo Storioni-fiolin, bygd i fiolinhovudstaden Cremona på 1770-talet.
– Då eg fekk den fela i hendene, var det som å bytte til ein sportsbil, seier Berit Cardas.
– Du må lære deg å kontrollere den, og det er ikkje berre lett, men du får heilt nye moglegheiter – det opnar seg ei ny verd av fargar og klangar. Første gongen eg sette bogen på fela, byrja eg å le, eg tenkte: går det an? Det berre fossa ut lyd. Det var ein stor overgang, og det tok tid å venne seg til instrumentet, men det var morosamt – som ei forelsking.
Les:
Ser etter erfarne, etablerte musikarar
Juryen som skal velje ut seks verdige lånarar, består av cellisten Truls Mørk, bratsjisten Lars Anders Tomter og pianist og Troldhaugen-sjef Ingrid Røynesdal. Etablerte musikarar står fremst i køa:
– Vi ser etter etablerte musikarar som er på eit høgt nivå allereie. Instrumenta er i millionklassen, og vi ser for oss at dei går til etablerte erfarne musikarar med høg kunstnarisk profil, seier Anders Bjørnsen.
– Søkjarane må først overtyde juryen om at dei held eit høgt kunstnarisk og fagleg nivå. I tillegg må dei vere villige til å stille seg til disposisjon for Sparebankstiftelsen fem dagar i året. Dei dagane brukar vi stort sett på tiltak retta mot born og unge.
Kraggerud og Hemsing-søstrene mellom lånarane
Ragnhild Hemsing.
Foto: Fred Olav Vatne / NRKDextra Musica er eit dotterselskap av Sparbankstiftelsen, og kjøper inn strykeinstrument for at norske musikarar skal ha best moglege instrument å spele på. Frøet til denne verksemda vart sådd allereie i 1990:
– I 1990 kjøpte ABC Bank fire instrument, til bruk av Terje Tønnesen, Atle Sponberg, Lars Anders Tomter og Øystein Birkeland, og det ga oss erfaring med å eige instrument, seier Anders Bjørnsen.
Fleire fusjonar seinare vart Sparebankstiftelsen DnB NOR oppretta i 2002. Initiativet til Dextra Musica kom frå «lånepioneren» Øystein Birkeland:
– 10-15 år etter dei første innkjøpa kom Birkeland til oss i Sparebankstiftelsen med ideen om å opprette eit fond til innkjøp av toppinstrument til norske utøvarar. Han hadde nytt godt av ei slik ordning i mange år, og vi som kom frå banken, kjende til ordninga og syntest det var ein god idé.
Fiolinistane Henning Kraggerud, Elise Båtnes og Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er mellom dei mange musikarane som seinare har fått låne instrument – ei fullstendig oversikt over instrument og musikarar finst på Dextra Musica sine nettsider.
Sjå: