Hopp til innhold

– Alle cellistar er veldig glade no

Luftfartstilsynet har gitt Norwegian klarsignal til å la cellistar ta med instrumentet sitt inn i kabinen. – Eg er kjempeglad for at eg framleis kan reise med Norwegian, det vil spare meg for mykje reisetid, seier Truls Mørk.

Truls Mørk i Oslo Konserthus

Truls Mørk, her under comeback-konserten i Oslo Konserthus sist vinter.

Foto: NRK

Norwegian sitt nye bagasjereglement, som gjaldt frå 1. november, utløyste denne veka eit stadig stigande ramaskrik frå musikkmiljøet: Dei nye reglane innebar nemleg at cellistar ikkje lenger fekk bestille eige sete til celloen sin, og i staden måtte sende den med annan bagasje.

Reiser med Norwegian allereie i november

Mellom dei som reagerte sterkast, var Truls Mørk, Noregs fremste cellostjerne og kanskje den med flest reisedøgn i året – det ville nemleg vere uaktuelt for han å sende celloar til fleire titals millionar med bagasjen. No kan Mørk, som bur i Oslo, puste letta ut:

– Eg er kjempeglad for at eg framleis kan reise med Norwegian, seier Truls Mørk til NRK.no.

Norwegian har spelt ei viktig rolle for cellisten fordi selskapet har direkteruter til mange byar i Europa der han held konsertar. Allereie denne månaden får Mørk glede av regelendringa:

– Eg og Håvard Gimse reiser til Italia om nokre dagar. Vi måtte booke om billettane etter regelendringa, men heimturen frå Milano til Oslo har vi no booka tilbake til Norwegian. Det sparer vi mange timar på, fordi eg slepp mellomlandingar – eit typisk døme på kor mykje reisetid det vil spare meg å kunne bruke flyselskapet også i framtida.

Les: Stjernecellist truar med å flytte frå Noreg

Les: Får fly med celloen i nabosetet

Norwegian endrar kurs

Norwegian kunngjorde allereie torsdag i ei pressemelding at dei ville gå tilbake til dei gamle reglane i påvente av ei vurdering frå Luftfartstilsynet.

«Det er nok første gangen noen har truet med å flytte fra Norge hvis de ikke får fly Norwegian og det gjør jo inntrykk. Så inntil videre lar vi det være tillatt i henhold til gamle regler og så skal vi eventuelt justere disse når Luftfartstilsynet har gitt oss en tilbakemelding,» stod det i pressemeldinga.

Luftfartstilsynet brukte ikkje lang tid på å vurdere sikkerheitsrisikoen:

«Dersom instrumentet plasseres foran eller ved siden av passasjer som sitter lengst fremme og kan sikres med setebelte beregnet for passasjer, anser Luftfartstilsynet at selskapet har ivaretatt formålet med forskriften.» skriv Luftfartstilsynet i sitt svar.

Forskrifta Luftfartstilsynet viser til, har namnet BSL D 1-7 – «Forskrift om transport av gods i luftfartøy».

Lasse Sandaker-Nielsen

– Tryggleik er den aller viktigaste prioriteten til Norwegian, seier kommunikasjonsrådgjevar Lasse Sandaker-Nielsen.

Foto: Presse

Norwegian kjem til å følgje Luftfartstilsynet si vurdering og tillate celloar i kabinen.

– Tryggleik er den aller viktigaste prioriteten til Norwegian. Difor ba me Luftfartstilsynet vurdere dagens praksis med frakt av celloar i kabinen. Luftfartstilsynet har no kome med ei anbefaling, som me sjølvsagt kjem til å følgje, seier kommunikasjonsrådgjevar Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian i dag.

– Lagt merke til internasjonalt

Truls Mørk har ikkje vore åleine i kampen for å kunne ta med seg celloen på flyet, mange musikarar har uttrykt sine meiningar overfor Norwegian, til dømes på selskapet si Facebook-side. No er stemninga ei anna:

– Alle cellistar er veldig glade no, seier Mørk.

Han understrekar at engesjementet har spreidd seg langt utanfor Noregs grenser. Det leiande magasinet for klassisk musikk, britiske Gramophone, skreiv om cellosaka torsdag.

– Det er morosamt at saka har fått så mykje merksemd, også internasjonalt. Utfallet av saka er veldig gledeleg – det ville jo vore uflaks for meg om vi skulle hatt det einaste flyselskapet i verda som ikkje tillet cello om bord.

Slik appellerte cellisten Øystein Sonstad til Norwegian før dei endra reglane tilbake:

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Kulturstrøm

  • Tidligere Kiss-gitarist i respirator

    Ace Frehley ligger i respirator etter hjerneblødning, melder nettstedet TMZ.

    Ifølge kildene har 74 år gamle Frehley fått en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden, skriver nettstedet. Fallet førte også til at han innstilte en planlagt turné.

    Kiss ble dannet i 1973, og er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer. Bandet fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    en mann som holder en pistol
    Foto: CARLO ALLEGRI / Reuters / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska

  • Hederspris til P4-profil

    Bjørn Faarlund (61) er tildelt Prix Norges hederspris for 2025. Det er den høyeste utmerkelsen i norsk radio- og podkastbransje.

    Faarlund har vært programleder for P4s Radiofrokost i 25 år, og var før det en profilert nærradiostjerne i Radio 1 Oslo.

    – Årets hederspris går til en programleder som har vært en fast følgesvenn for det norske folk gjennom flere tiår - en ekte venn i øret, skriver juryen i sin begrunnelse.

    Prisen ble delt ut under åpningen av bransjekonferansen Lyddager.