Slik vil Cameron rydde opp

Statsminister David Cameron uttalte seg om telefonavlyttingsskandalen i Underhuset i dag.
Foto: LEON NEAL/AfpStatsminister David Cameron lovar at granskinga av ulovleg telefonavlytting i News International skal vere ferdig innan eitt år. Vitner må la seg avhøyre under ed.
Publisert 13.07.2011 14:30. Oppdatert 13.07.2011 14:43.
- Skriv ut
Den britiske statsministeren, David Cameron, forklarte i Underhuset i dag korleis han vil rydde opp i avlyttingsskandalen.

Dommar Brian Leveson skal leie granskinga av media i Storbritannia. (Biletet er frå 1995)
Foto: SIMON KREITEM/ReutersTilsette i News of the World og mulige andre aviser i Murdoch-selskapet News International er anklaga for å ha avlytta fleire tusen personar ulovleg, mellom anna kongelege, terror- og mordoffer og tidlegare statsminister Gordon Brown.
Les: News of the World sier farvel
David Cameron vil ha ei todelt gransking, begge leia av dommar Brian Leverson, som skal rapportere til kulturminister Jeremy Hunt. Dei skal også sjå på kva som er gjort feil ved tidlegare etterforskingar.
Komitéen vil ha rett til å innkalle vitner, som må snakke under ed, inkludert journalistar, redaktørar, politi og politikarar. Rupert Murdoch kan difor bli tvinga til å forklare seg under høyringa, skriv BBC News.
Les: Slik ser Murdoch-imperiet ut
(Artikkelen held fram under biletet)

Rupert Murdoch må vitne under ed i høyringar rundt News of the World-skandalen.
Foto: ANDREW WINNING/ReutersEtterforskar 9000 telefonnummer
Først vil Leveson og hans komité av uavhengige sjå på media sine etiske standardar og arbeidsmetodar og denne delen av granskinga skal vere ferdig i løpet av eitt år. Hackinganklagane mot News of the World vil bli behandla for seg.
– Politietterforskinga er allereie i gang og er ei av dei største pågåande i landet. Vi har sett inn store ressursar og andre personar enn frå den første etterforskinga. Det er snakk om 11.000 dokument, med meir enn 4000 mobilnummer og 5000 fasttelefonnummer. Alle som er nemnt i dokumenta vil bli kontakta av politiet, sa David Cameron.
Les også: - Trolig flere arrestasjoner
Han opplyste at åtte er blitt arrestert i dag og at mange er blitt intervjua av politiet.
Skal stemme over Murdoch-oppkjøp
– Dei som har vore involvert i telefonavlyttingsskandalen i News International bør aldri få spele ei rolle i britisk media igjen, uansett kor høgt oppe i organisasjonen dei sit, sa Cameron.
I dag vil det bli stemt over i Parlamentet om dei vil be Rupert Murdoch og News Corp. trekkje sitt bod på TV-nettverket BSkyB. Avstemminga er ikkje juridisk bindande, men om Parlamentet vedtek forslaget, vil det auke presset på Murdoch om å droppe oppkjøpet. Tidlegare har kulturminister Jeremy Hunt varsla at han vil at Konkurransetilsynet skal sjå på saka.
I dag skal også Cameron møte foreldra til Milly Dowlers. Ho forsvann som 13-åring og vart seinare funne drepen. News of the World-journalistar skal ha hacka seg inn på telefonsvararen hennar og lytta til beskjedar, samt sletta beskjedar når svararen var full.
Les
Storbritannia
- Honningfellen som fanget feil mann
- – Oljeprisfiksing må straffes hardt
- Med mamma på jobb
- Norsk hjemløse er guide i London
- Krigshelt hedres av britene
- Boston-vinnere vil hedre ofrene
- Jagerfly tvang ned SAS-fly
- Margaret Thatcher bisatt
- London på tå hev
- Slik blir Thatchers bisettelse
- Feiret Thatchers død i London

Publikums 17. mai-bilder





















