Hopp til innhold

Slik styrer Murdoch mediebransjen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mannen som blir kalla «det 24. regjeringsmedlem» i Storbritannia held kontroll over meir enn 51.000 tilsette og vil gjerne ha fleire.

Rupert Murdoch er ein av dei mektigaste mediemogulane i verda. Etter skandalen med News of the World-avisa får han vanskar med å utvide medieimperiet sitt, som inkluderer aviser, film- og TV-selskap over store delar av verda.

Les: Murdoch til London for å stenge dørene til skandaleavis

I dag vart det kjent at den britiske kulturministeren Jeremy Hunt ber konkurransetilsynet om å sjå på det eventuelle oppkjøpet av TV-giganten BSkyB. Det tyder at Murdoch kan måtte vente minst seks månader før han kan kjøpe TV-nettverket.

Frå før av har Murdoch kontroll over 51.000 tilsette i News Corporation. Mediegiganten omset for meir enn 177 milliardar kroner.

– Rupert Murdoch er ein heilt spesiell person. Britiske redaktørar omtalar han som geni, visjonær, nådelaus og brutal. Ein tidlegare politisk rådgjevar kalla Murdoch «det 24. regjeringsmedlem», seier Thomas Spence, nestleiar i Norsk Journalistlag, til NRK.no.

Les også: - Trolig flere arrestasjoner i britisk avisskandale

Lanserer ny søndagsavis

Vegen mot makta starta som 22-åring, då unge Rupert måtte ta over mediebedrifta til far sin, News Limited. Den hadde eigarskap over ein del australske regionsaviser, men Murdoch byrja fort å sjå seg om etter nye mediekjøp. Hans første kjøp var The Sunday Times i Perth og snart hadde han tatt kontroll over store delar av den australske pressa.

Han hadde studert ved Oxford-universitetet i Storbitannia og i 1969 kjøpte han The Sun frå Mirror-gruppa. Sidan har han tatt stor kontroll over britisk presse og politikk. Gjennom News International eig han både The Times, The Sunday Times, The Sun og inntil nyleg, News of the World.

Det er allereie kjent at Murdoch vil lansere ei ny søndagsavis som skal ta over arven etter News of the World.

Eg er ein katalysator for endring. Du kan ikkje vere ein "outsider" og vere suksessfull i 30 år utan å leggje att ein del arrvev.

Rupert Murdoch

Liknar Berlusconi

Dersom oppkjøpet av TV-giganten BSkyB skulle gå som planlagt, blir Murdochs TV-imperium større enn BBC. Men britiske politikarar kjempar no for å stoppe oppkjøpet til saka om ulovleg telefonavlytting er etterforska.

– Dette er eit vasskilje i britisk politikk. Etter 40 år med Murdoch byrjar no politikarar frå alle parti å reinska opp i forholdet mellom media og politikk. Fleire politikarar innrømmer no å ha latt seg styra i alt for stor grad av Rupert Murdoch, meiner Spence.

Han viser til at tidlegare statsminister Tony Blair skal ha møtt Rupert Murdoch tre gonger i løpet av dei ti dagane før Storbritannia vedtok å bli med i krigen mot Irak.

– Fleire kommentatorar byrjar å samanlikna Rupert Murdoch med Silvio Berlusconi. Dei deler det same begjæret for politikk og media, seier Spence.

Rupert Murdoch og Rebekah Brooks

Rupert Murdoch understrekar at tidlegare redaktør Rebekah Brooks framleis har full tillit hjå han. Likevel går spekulasjonane om han vil ofra Brooks for å få kontroll med BSkyB.

Foto: MAX NASH / Afp

«Vann» val i Storbritannia

– Det har aldri vore tvil om at han har ambisjonar om å bestemma kven som skal styra i Storbritannia. Han har gjort mykje for å bygga opp og ta livet av politiske karrierar, seier Spence om Murdoch.

Som eit døme på dette trekkjer han fram Neil Kinnock, tidlegare leiar for Labour. På dagen for parlamentsvalet i 1992 slo Murdoch-eigde The Sun opp på framsida «Om Kinnock vinn i dag, kan den siste som forlet Storbritania vennligst slå av lyset».

Labour tapte overraskande valet, noko The Sun slo opp som «Det var The Sun som vann».

Verda endrar seg veldig raskt. Stor vil ikkje slå liten lenger. Det vil vere dei kjappe som slår dei langsame.

Rupert Murdoch

– Murdoch var fan av Thatcher, og var alltid tøffast med Labour-politikarar. Det endra seg då den meir privatiseringsvenlege Tony Blair kom til makta, seier Spence.

Då vart nemleg Murdoch ein ivrig Blair-støttespelar. Det var han heilt fram til det førre valet, då The Sun plutslege skifta side og ga si offentlege støtte til konservative David Cameron.

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, seier til NTB at Murdoch har hatt «ein pervertert påverknad på britisk politikk».

– Politikarar av alle partifargar har dyrka han og pleia han intenst, noko som igjen har gjort at også hans nærmaste medarbeidarar har følt seg som gudar som kan kome unna med alt. Resultatet ser vi no, i form av denne skandalen, seier Kokkvold.

Rupert Murdoch

Rupert Murdoch kom i går til London for å ta seg av krisa i no nedlagte News of the World.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters

Usikker framtid

Rupert Murdoch lét seg sjeldan intervjue og det tok fleire dagar før han kommenterte News of the World-skandalen. No er han i London for å ordne opp og vart observert der i går, då han las siste utgåve av News of the World.

Det har blitt skrive fleire biografiar om den mystiske mannen, som skifta nasjonalitet i 1985 for å kunne kjøpe opp amerikanske medieselskap. Det ryktast at han er inspirasjonen bak hovudskurken i James Bond-filmen «Tomorrow never dies» frå 1997. Han har spelt seg sjølv i TV-serien «The Simpsons».

Murdoch har runda 80, og han har plassert sonen sin James i fleire sentrale posisjonar i konsernet News Corporation.

– James Murdoch kjem til å bli belasta med News of the World-skandalen. Det er usikkert om James har den tilliten han treng for å kunne ta over etter faren, trur Thomas Spence i Norsk Journalistlag.

News of the World-skandalen rullar vidare og det blir spekulert i om den kan omfatte fleire av News International sine publikasjonar. I dag vart det kjent at både prins Charles og tidlegare statsminister Gordon Brown er blant dei som vart avlytta.

Les: – Gordon Brown ble avlyttet

Britain Phone Hacking

Rupert Murdoch (t.h.) og sonen James (t.v.) må svare på spørsmål frå pressa om avlyttingsskandalen.

Foto: Sang Tan / Ap

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.