Hopp til innhold

Museum manglar oversikt og rutinar

Mange museum manglar oversikt over kunstverka sine, seier Kenneth Didriksen i Økokrim.

"To Venner" av Edvard Munch

Måleriet 'To venner' av Edvard Munch var eitt av tre politiet fann under ei ransaking i Landskrona.

Foto: POLITIET / SCANPIX

I dag vart det kjent at svensk politi under ei ransaking i Landskrona fann tre måleri som var stolne frå Malmö Museum . På museet var dei ikkje klare over at kunstverka hadde forsvunne, før politiet gav beskjed om at dei hadde funne måleria.

– Det er overraskande, men det stadfester likevel det vi har påpeikt at det er mangel på inventarlister og rutiner på kva som finst i ein del museum, seier Kenneth Didriksen frå Økokrim.

Mellom dei stolne måleria var eit verk av Edvard Munch, «To venner», som ein reknar med har ein marknadsverdi på om lag ti millionar kroner.

Ikkje siste gong

Det er ikkje heilt uvanleg at ein først finn ut at kunst har vorte stole, når det vert funne att.

– Dette vart oppdaga av tilfeldigheit – det har skjedd før, og vil truleg skje igjen, seier Kenneth Didriksen .

At ein finn såpass kjende verk i ei husransaking er likevel litt spesielt.

– I husransakingar kan det dukke opp litt av kvart. Men det er heller sjeldan at ein finn kunstverk av denne typen, som no har skjedd i Sverige.

Malmö Kunstmuseum i Malmøhus Slott.

Måleria vart truleg stolne frå Malmø Kunstmuseum i løpet av opningstida.

Foto: DRAGO PRVULOVIC / SCANPIX

Økonomisk motiv

Munch-bilete er svært attraktive på den internasjonale kunstmarknaden. Akkurat det måleriet som forsvann i Malmø har ein verdi på om lag ti millionar kroner, og er dermed ikkje blant dei mest verdifulle.

– Måleriet «To venner» er heilt klart meir omsetjeleg enn om det hadde vore verdt 110 millionar kroner.

Eit kunstverk som er svært kjent og verdifullt, gjev mykje merksemd og vil difor vere mykje vanskelegare å få selt. Han trur likevel at eit stole Munch-bilete, uansett vil få så mykje merksemd at det vil kunne by på problem å omsetje det.

Neppe tilfeldig

Kenneth Didriksen trur dei som har stole måleria har visst at dei var attraktive på marknaden.

– Eg trur ikkje det er tilfeldig at det er akkurat desse tre bileta som vart stolne.

For å klare å selje bileta, må ein byggje opp ein falsk historikk omkring dei, for å skjule at kunsten eigentleg er stolen.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.