Hopp til innhold
Bybanen i Bergen
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Politikk i Bergen

Oppsummert

Byrådet i Bergen består av Høyre, Fremskrittspartiet og Senterpartiet. Byrådsleder er Christine Meyer (H).

  • Bybanen: Plandirektøren får ikkje lage tunnelutgreiinga

    Byrådet i Bergen har avgjort at leiar Terje Wanvik i plan- og bygningsetaten ikkje får ansvar for å lage den nye utgreiinga om å bygge Bybanen i tunnel i staden for foran Bryggen.

    Det skriv BT.

    Byrådet har dermed gjort som gruppeleiar Trond Tystad i Bergenslisten tidlegare har kravd.

    Tystad grunngav det med at Wanvik har hatt eit veldig tydeleg syn på at Bybanen bør byggast foran Bryggen.

    Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) stadfestar at ho «har høyrd på Tystad», men avviser at avgjerda er ein kritikk mot etatleiinga.

    Byrådet skal i staden leia tunnelutgreiinga sjølv, og skriv i sakspapira at dei derfor må rekruttere, leige eller hente inn kompetanse og kapasitet som dei manglar på fleire område.

    Forprosjekt skal fastsette éin tunneltrasé, og i løpet av hausten blir det laga kostnadsanslag for denne traséen. Heile utgreiinga skal vere ferdig for politisk behandling hausten 2025.

    Tarje Wanvik
    Foto: Leif Rune Løland / NRK
  • Åtvarar bergenspolitikarane om stram økonomi

    Kontrollutvalet til bystyret er bekymra for at Bergen kommune i fjor både fekk eit dårleg driftsresultat, auka gjeldsgrad og mindre på sparekonto.

    – Bystyret bør nøye vurdere dei økonomiske konsekvensane av sine politiske vedtak for Bergen kommune, sett både mot driftsresultat og gjeldsgrad, uttalar kontrollutvalet.

    Det skjer samstundes som fleire protesterar mot sparing og kutt i alt frå barnehage og skular til helsevesenet - og det i årets budsjett.

  • Raudt krev lokal makspris på straum i Bergen

    Partiet Raudt i Bergen meiner bergensarane bør få makspris på straum. Dei viser til at Lærdal har vedteke ein fastprisavtale på 32 øre per kilowattime.

    Forslaget til Raudt skal opp i bystyret i løpet av året, og partiet håper det blir ei tidleg julegåve til bergensarane. Dette gjer dei i protest mot at regjeringa vil innføre EUs fjerde energimarknadspakke, som Raudt meiner vil hindre lokal sjølvråderett og gjere det vanskeleg å få ned nettleiga.

    Forslaget får støtte sentralt i partiet.

    – Det er på tide å ta tilbake kontrollen over krafta og straumprisane, seier Sofie Marhaug, andre nestleiar i energikomiteen på Stortinget.

    Sofie Marhaug
    Foto: William Jobling / NRK
  • Mener Bergen kommune bør starte med ramadan-lys

    Bergen kommune før betale for å henge opp belysning under muslimenes fastemåned ramadan, slik Oslo gjorde i vår. Det mener Bergen SV.

    Partiet foreslår å plassere lysene på Valborg Platousplass mellom hovedbiblioteket og Bergen Storsenter. Målet er å forebygge og bekjempe diskriminering og rasisme, og spre kunnskap og toleranse, ifølge forslaget fra bystyrerepresentant Ann Kristin Helland Ramstrøm.

    Frp var kritiske til at kommunen betalte for lysprosjektet i Oslo, mens Islamsk Råd Norge (IRN) forteller at muslimer i Oslo har satt stor pris på ramadanlysene der.

    IRN er også svært positive til at dette kan skje i flere byer, som Bergen.

    – Det gjør at jeg føler at jeg hører til her, og at jeg er likeverdig, sier styremedlem Badreddine Maizi til NRK. Han bor selv i Bergen.

    Til kritikken fra Frp, peker han på at også muslimer er skattebetalere, og at de er med på å betale for julebelysningen.

    – Dette er en høytid for mange innbyggere. De ville blitt glade for at det blir tatt hensyn til deres høytider, sier Maizi.

    Saken skal opp i Bergen bystyre senest i oktober.

    Ramadan-lys i Oslo
    Foto: Hallgeir Braastad / NRK
  • Riksantikvaren vil freda innseglinga til Bergen

    Riksantikvaren varslar i ei pressemelding oppstart av områdefreding av områda rundt Bergenhus festning.

    – Bergenhus festning og Bergen er knytt til kvarandre, og dette er eit av dei viktigaste historiske anlegga i Noreg, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

    Ifølgje BT vil dette skapa problem for utbygging av ny cruisehamn.