Hopp til innhold

No er det forbode å sove på gata i Bergen – menneskerettssenter sterkt kritisk

Bystyret blei på førehand åtvara mot å forby fattige tilreisande å sove utandørs i Bergen. No krev opposisjonen ein kontroll med kor vidt forbodet er lovleg.

Åtte gatearbeidarar sov utanfor rådhuset i Bergen

Dette skal det vere forbod mot i Bergen, ifølgje fleirtalet i bystyret.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Onsdag vedtok Bergen bystyre å forby utandørs overnatting.

Det skjer i samband med oppdaterte politivedtekter for kommunen.

Fleire har på førehand åtvara mot at forbodet kan ramme fattige tilreisande som søv på gata.

Sidan overnattingstilbodet for utlendingar blei nedlagt i 2022, har mellom ti og 40 personar i periodar sove på gata gjennom året, ifølgje Robin Hood-huset.

– Dette er ikkje ein menneskerettsby verdig, seier opposisjonsleiar Rune Bakervik (Ap).

Les også Oslo har forbod. No vil også Bergen gjere det forbode å sove ute

Gatebenk i Bergen

Kritikk frå statleg organ

Vedtaket skjer trass i at Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) er sterkt kritisk til forbodet.

Det statlege organet meiner forbodet må bli vurdert opp mot retten til privatliv og forbodet mot nedverdigande og umenneskeleg behandling i grunnlova og menneskerettane.

Adele Matheson Mestad, direktørNorges institusjon for menneskerettigheter (NIM).

Adele Matheson Mestad er direktør i NIM.

Foto: Hanna Johre/NIM

– Det er etter vårt syn nødvendig for å sikre ei forsvarleg oppfylling av menneskerettane, skriv direktør Adele Matheson Mestad i eit brev til bystyret 1. mars.

Etter vedtaket blei gjort onsdag, sendte ho eit nytt brev til byrådsleiar Christine Meyer der institusjonen ber om eit møte for å snakke om Bergens rolle som landets første og einaste menneskerettsby.

«Byar speler ei grunnleggande rolle i arbeidet med å sikre menneskerettane (...) NIM håper derfor Bergen vil gå foran som et godt døme, påpeikar Mestad.

Krev sjekk av om forbod er lov

– NIMs innspel hadde fortent å bli tatt på alvor i menneskerettsbyen Bergen, seier Thor Haakon Bakke (MDG) til NRK.

Saman med resten av opposisjonen gjekk han først inn for å utsette behandlinga av saka, noko som blei nedstemt.

Så gjekk MDG, Ap, Raudt, SV, KrF og Venstre inn for å krevje såkalla lovlegheitskontroll av vedtaket.

Det betyr at bystyret må vurdere om vedtaket er lovleg. Viss bystyret opprettheld vedtaket, blir det sendt vidare til regjeringa. I praksis er kontrollen delegert til statsforvaltaren.

– Saka er ikkje nok opplyst og det er stor uvisse ved lovlegheita av vedtaket, seier Mikkel Grüner (SV) til NRK.

Bergen bystyre

Opposisjonen er mot å forby utandørs overnatting.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Adopterer Oslo-regel

Dette er formuleringa det no er fleirtal for:

«I offentlege parkar, grøntareal, friområde, på, ved eller under vegar eller plassar i tettbygd strøk er overnatting, camping, telting eller liknande forbode, med mindre anna går fram av skiltinga på staden.»

Oslo kommune har same formulering i sine politivedtekter.

Derfor blir det neppe noko problem å ha same formulering i Bergen, meiner sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H).

Ho understrekar overfor NRK at intensjonen med overnattingsforbodet ikkje er å ramme fattige tilreisande, men at det er retta mot campingturistar.

gatebenk

Slike benkar er det ikkje lenger å sove på om natta i Bergen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Meiner tilreisande sjølve har ansvar

Det er byrådspartia Høgre, Frp og Senterpartiet og samarbeidspartia Bergenslisten, INP og Pensjonistpartiet som sikrar fleirtalet.

Bergenslisten forklarar si støtte med at reglane skal vareta mange ulike grupper, som studentar og turistar.

– Det blir feil å diskutere ei lita gruppe på kanskje ti-femten menneske, og la det vere styrande for korleis politivedtektene skal sjå ut. Då må vi ha andre løysingar for dei, seier Anne-Margrete Bollmann (BL).

Ho er open for at kommunen bør vurdere andre tiltak for denne gruppa, men understrekar at dei først og fremst har ansvar for «lovpålagde tiltak».

Byråd Spurkeland meiner at fattige tilreisande sjølve har ansvar for å ha ein stad å bu.

Nei til fyrverkeri og sprettert, ja til snøball

Eigentleg skulle politivedtektene bli vedteke i førre bystyremøte, men vart utsett til mars på grunn av uvisse rundt ein diskusjon om fyrverkeri-forbod.

Onsdag vart byrådets innstilling vedteken av fleirtalet i bystyret. Det betyr at det no er forbode å skyte opp fyrverkeri i Bergen sentrum.

Forbodet gjeld også sprettert og skytevåpen, og gjeld frå nord for Gamle Bergen til sør ved Gamle Nygårdsbro, og frå vest ved Laksevågneset til aust ved Svartediket.

Det låg også inne at snøball skulle bli forbode, men fleirtalet i bystyret gjekk inn for å tillate kasting av ballar laga av snø.

Bystyret vedtok også eit forslag frå Ap om at kulturarrangement skal få unntak frå regelen om nattero.

Byrådet sier det kun er camping de vil ramme, ikke fattige utlendinger. Nedrig og hjerterått, mener Arbeiderpartiet.

Sjå debatten om temaet i Politisk kvarter på 19. februar.