Hopp til innhold

62 balkongar i sjøkanten må rivast: – Så inngripande at det går ut over livskvaliteten

Kommunen krev riving av balkongane i ei bustadblokk på kaikanten, og trugar utbyggar med ni tusen kroner i bot per dag. Bebuarane fortvilar.

– Eg bur heilt på kaien, og likar å vera ved sjøen og brukar den heile tida. Det blir eit veldig stort inngrep for meg viss eg blir heilt innelukka i leilegheita mi.

Det seier Lasse Michelsen. For fem år sidan flytta han inn i ei av dei 64 nye leilegheitene i Damsgårdsallmenningen 1 på Laksevåg, med panoramautsikt over Puddefjorden i Bergen.

Bygget er det tidlegare kommunehuset i gamle Laksevåg kommune, som blei innlemma i Bergen i 1972.

Michelsen har balkong 90 centimeter over kaien, og bur berre tre meter frå kaikanten.

Nye Damsgård Brygge AS har i mange år vore i konflikt med Bergen kommune om balkongane, men tapt i både tingretten og lagmannsretten.

Høgsterett nekta å behandla saka.

Damsgårdsallmenningen 1 (kvitt bygg) i Bergen har omstridde balkongar

Stridens kjerne mellom kommunen og utbyggaren er kor mange og kor store balkongar det var gitt løyve til.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Rivingskrav og dagbøter

Denne veka fekk selskapet pålegg frå kommunen om å fjerna blant anna dei seks nedste balkongane som er rett over bakkeplan på kaien, og å redusera storleiken på eit femtitals andre balkongar på bygget.

Viss det ikkje er gjort innan 1. mai neste år, får utbyggarselskapet 9000 kroner i bot per dag.

Michelsen seier han kjem til å flytta viss han mister balkongen og døra ut mot kaien.

– Det trur eg gjeld fleire i bygget. Dette er så inngripande at det går ut over heile livskvaliteten ved å bu her.

Lasse Michelsen

Nærleik til sjøen er heile poenget med å bu her, og når leilegheita er lita, er balkongen viktig, meiner Lasse Michelsen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Byrådet tillét i 2015 fleire og større balkongar enn det Bergen kommune i utgangspunktet hadde gitt løyve til.

Men Statsforvaltaren i Vestland oppheva vedtaket.

Michelsen er kritisk til både utbyggaren og kommune.

– Det er urettferdig at me som bur her skal straffast for at nokon andre har gjort feil. Eg er jo først og fremst veldig irritert på utbyggaren som har gjort noko slikt. Men kommunen må jo tenka på at det er me som bur her som faktisk blir straffa.

Han meiner det heller burde blitt gitt ei kraftig bot til utbyggaren, tilsvarande kostnaden for å riva balkongane.

– Så kunne me som bur her fått behalda balkongane og leilegheitene slik dei er, seier han.

Teikning av Damsgårdallmenningen 1 (Nye Damsgård Brygge)

Lagmannsretten meiner fleire balkongar ikkje er søkt om eller er bygde langt større. Kommunen krev dei blir fjerna eller kraftig reduserte.

Foto: Saksdokument, Bergen kommune

Utbyggaren vil søka om endring

Styreleiar Haakon Jard Veidung i Nye Damsgård Brygge seier selskapet vil søka kommunen om å få godkjent ei endring av balkongane før fristen 1. mai.

– Me jobbar med fleire alternativ, og har konstruktiv og god dialog med Bergen kommune. Så me har håp om å koma til ei god løysing.

– Kva har de eller kommunen gjort feil?

– Akkurat no har me fullt fokus på å sjå framover. Det som har skjedd, har skjedd. Det er ein lei situasjon å stå i for oss og bebuarane, seier Veidung.

Haakon Jard Veidung, Nye Damsgård Brygge AS / Fav Gruppen

Styreleiar Haakon Jard Veidung avviser at Nye Damsgård Brygge AS har tatt seg til rette.

Foto: FAV Gruppen

Kommunen: – Utbyggaren tok seg til rette

Etatsdirektør for plan- og byggesaker i Bergen kommune, Tarje Wanvik, seier det er ein enkel grunn til pålegget om å minska eller fjerna balkongane.

– Selskapet er pålagt å retta dette fordi balkongane er oppført ulovleg. Enkelt og greitt fordi dei ikkje har løyve.

– Har også kommunen eit ansvar for situasjonen, i og med løyva de først gav?

– Lagmannsrettsdommen er ganske klar. Det er nok dessverre tiltakshavaren som har tatt seg til rette ut over det søknaden opna for.

Det avviser Veidung.

– Me har ikkje tatt oss til rette. Dette var ikkje noko spekulativt frå vår side. Det er ein veldig lei sak som har vore feil hos enkelte partar, og så lever me med konsekvensane av det.

Tarje Wanvik, etatsdirektør Plan- og bygningsetaten i Bergen kommune

– Lagmannsretten har slått fast at utbyggaren har bygt balkongane ulovleg, seier etatsdirektør Tarje Wanvik.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meiner kommunen krev hærverk

Michelsen meiner rivingskravet frå kommunen gjer heimen hans ein million kroner mindre verd, og at alle leilegheitene vil mista verdi.

– Dette kjennest som at kommunen gir pålegg om hærverk på eigedommen min, som eg har betalt for. Det verkar jo heilt forkasteleg at dei skal riva over 60 ganske nye balkongar og fjerna dørene ut mot sjøen. Ein vanvitig tanke.

– Det er utbyggaren som må bera ansvaret for at kjøparane har hamna i denne situasjonen, svarar etatsdirektør Wanvik.

– Er det sløsing å øydelegga nye balkongar?

– Ja, og dette burde tiltakshavaren tenkt på før dei bygde noko dei ikkje hadde søkt om.

Wanvik avviser forslaget om å heller gi utbyggaren ei bot tilsvarande utgiftene til å riva balkongane.

– Nei, det kan i verste fall skapa ein uheldig presedens der dei som har masse ressursar til ei kvar tid kan sleppa unna med ulovlegheiter.

Lasse Michelsen

Michelsen avviser at balkongane er privatiserande og hindrar allmenn ferdsel på kaien langs Damsgårdssundet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Håpar Høgre-byrådet vil hjelpa

Høgre har nyleg overtatt byrådsmakta i Bergen, saman med Framstegspartiet og Senterpartiet. Det nye byrådet har sagt dei skal bli eit ja-byråd – meir positivt i byggesaker.

Michelsen har store forventningar om hjelp frå byrådet.

– Men er eit ja til dykk bebuarar eit nei til ålmenta i det som faktisk heiter Damsgårdsallmenningen?

– Det er heilt feil å kalla dette privatiserande. På fine dagar er det mykje folk som brukar kaien, uansett om me sit på balkongane våre. Det kan vera 20–30 menneske som badar og brukar dette som rekreasjonsområde. Det skader ingen at desse balkongane er her, meiner han.

Etatsdirektør Wanvik understrekar at saka i Damsgårdsallmenningen er avgjort av lagmannsretten.

– Den avgjerda vil stå uavhengig av kva byråd som sit i Bergen. Men viss selskapet søker på nytt med ei anna løysing, kan det ha litt å seia kva byråd byen har, seier Wanvik.

Styreleiar Veidung i Nye Damsgård Brygge kommenterer signala frå det nye Høgre-styrte byrådet slik:

– Det har me ikkje tenkt så mykje på. Me forheld oss til den saksbehandlaren som me eventuelt får.

NRK opplyser: Ein av våre journalistar bur i det omtalte bygget, men vedkomande har ikkje vore med på å laga denne saka.