Siste nytt

  • Femårsflaum i Vosso

    NVE melder om høg uvanleg høg vassføring i Vossovassdraget. Grunna høge dag- og nattetemperaturar har det vore svært stor snøsmelting dei siste dagane. Vassføringa i elva vert karakterisert som ein femårsflaum.

  • Geolog på plass ved Rv13

    Ein geolog er på plass for å sjekka tilhøva på Riksveg 13 mellom Odda og Kinsarvik. Vegen er framleis stengt like før Tyssedaltunnellen retning Kinsarvik. Klokka 20.00 vil vegvesenet ta ei avgjerd på om vegen vert opna i dag. Det har gått fleire steinras på strekninga.

  • Barnevogn velta på buss

    Eit barn vart frakta til legevakt for sjekk, etter at ei barnevogn velta inne i ein buss på Kleppestø i Askøy. Den første meldinga gjekk ut på at barnet hadde falle ut av bussen, men saka vart seinare avdramatisert. Barnet skal ikkje hatt synlege skadar etter hendinga.

  • Opnar tidlegast 14.00

    Riksveg 13 mellom Odda og Kinsarvik er framleis stengt ved Kvitur bru grunna steinras. Vegen vil ikkje opna igjen før tidlegast klokka 14.00.

  • Ferjetrøbbel

    Statens vegvesen melder om at ferjesambandet Hattvik - Venjaneset er innstilt grunna tekniske problem. Ny ferje vert sett inn frå klokka 15.00.

Radio og TV

Laurdag var ein av dei varmaste maidagane i BErgen nokon sinne.

Hopp i havet! Varmerekord i Bergen.

Flaggtoget og Hovedprosesjonen i Bergen. 17. mai. Buekorps og fektarar på Bryggen.

Stor stemning i Bergen på 17. mai.

Veteranbrannbilar i Hovedprosesjonen i Bergen.

Veteranbrannbilar i Hovedprosesjonen